|
Finst det yrke der ein ikkje har behov for kunnskap om media og kommunikasjon? Informasjon er viktig i alle slags verksemder. Korleis ein organisasjon kommuniserer, har innverknad både på omdøme, effektivitet og økonomi. Informasjonsutdanninga i Volda gir deg nyttig og etterspurd kompetanse, og kvalifiserer for ulike typar informasjonsarbeid i alle delar av samfunnet. Vi har god kontakt med informasjonsbransjen, mellom anna gjennom ei innarbeidd ordning med utplassering i bransjebedrifter.
Den treårige bachelorutdanninga i informasjon og media gir ei innføring i praktisk og teoretisk informasjonsarbeid. Det er òg eit viktig mål å formidle eit bevisst forhold til tale-, bilde- og skriftspråk, og eit kurs i journalistikk inngår i studiet.. Utdanninga skal gi kompetanse i å planleggje og gjennomføre informasjonstiltak, for eksempel arbeid med opplysningskampanjar, utarbeiding av informasjonsmateriell, arbeid med nettsider m.v. Gjennom valfrie delar av studiet blir det lagt til rette for spesialisering, og det er mogleg å studere eit semester eller to ved institusjonar i utlandet.
|
Emnetabellane gjev ei oversikt over når og korleis dei ulike modulane er sett saman |
| Interessert i å søke til opptaket i 2008? Poenggrenser for opptak finst på Samordna opptak sine sider. Vend deg til Studentkontoret for søknadsskjema. | Her finn du den nyaste brosjyra om bachelorutdanninga i informasjon og media: : Informasjon og media.pdf. Brosjyra er laga av informasjonsstudentar hausten 2006 i prosjektpraksisen i femte semester (sjå i emnetabellar for meir informasjon om INF212 emnet i femte semester).
Her kan du finne eit par eldre brosjyre: Informasjon og media.pdf og Bachelor i informasjon og media
|