Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Mediefag / Utdanningar / Medievitskap /

Medievitskap

Faget medievitskap har eit omfang på 45 studiepoeng, er felles for alle grunnutdanningane ved avdelinga: animasjon, informasjon og journalistikk. Det stør opp omkring desse og fagområda er samordna. Undervisninga er fordelt på tre semester i utdanningane. Faget kan og takast som ein del av andre Bachelor gradar (BA). BA i animasjon, informasjon og journalistikk.  Medievitskap kvalifiserer i kombinasjon med journalistikk og informasjon til direkte opptak mastergrad (MA) (hovudfag) i medievitskap ved universiteta. Emner frå medievitskap blir og kombinert med andre utdanningar ved HVO. Undervisninga i Medievitskap 101 og Medievitskap 201 skjer om hausten, medan undervisninga i Medievitskap 102 skjer om våren.

Medievitskap er eit tverrfagleg studium som kombinerer teoretiske og analytiske tilnærmingsmåtar. Målet for faget medievitskap er å gi ei innføring i studiet av medie- og kommunikasjonsformene i dagens samfunn. Dette betyr at studentane skal få kjennskap til både medias historiske og samfunnsmessige vilkår og funksjonar i eit heilskapsperspektiv, samt dei einskilde media sine spesielle eigenskapar. Medievitskap er lagt til rette slik at ein nyttar samfunnsvitskapelege, kulturvitskaplege og humanvitskapelege perspektiv for å gi kunnskap studentane kan nytte i grunnutdanningane. Faget skal gi studentane eit teori- og kunnskapsgrunnlag som er relevant for å tolke, analysere og forstå ulike sider ved media og deira rolle i samfunnet.

Les meir om emna 101, 102 & 201

 

Interessert i å søke til opptaket i 2008? Poenggrenser for opptak finst på Samordnaopptak sine sider. Vend deg til Studentkontoret når du vil ha søkadsskjema.



Skriv ut  Skriv ut

 AMF Aktuelt
Aller siste Næravisa i haust
12.10.2007


 FoU-nytt
Nytt prosjekt: Kvalitet i opplæringa - om tilpassa opplæring
13.02.2007


 Studentmedia
Nærnett
Næravisa
Studentradioen
Volum filmklubb
Oppdatert av Amina Loukili 20.09.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning