|

Den treårige bachelorutdanninga i journalistikk er ei praktisk og teorietisk utdanning som kvalifiserer for journalistisk arbeid i alle typar medium. Sidan 1971 har vi utdanna journalistar til norsk mediebransje, og mange av dei mest kjende røystene, ansikta og pennane i norsk journalistikk er utdanna i Volda. Vi tilbyr spesialisering i radio, fjernsyn og avis, og alle studentar får dessutan omfattande praksis i nettjournalistikk. Samarbeidet med norsk mediebransje er tett og godt.
Målet med journalistutdanninga er å gi opplæring og øving i journalistisk arbeid, gi kunnskap om ulike medium og rollene og oppgåvene deira. Studentane blir gjort kjende med forsking om massemedia, journalistikk og medieetikk. Det blir vidare lagt vekt på å gi kunnskap om og innsikt i samfunnsspørsmål, og øve opp evna til kritisk analyse. Studentane skal også få eit bevisst forhold til tale-, bilde- og skriftspråk, og til journalistrolla. I løpet av studietida blir studentane utplasserte i ei mediebedrift, og skal da kunne fungere som journalistar frå dag éin. Det er lagt til rette for at delar av utdanninga kan takast i utlandet.
| Interessert i å søke til opptaket i 2008? Poenggrenser for opptak finst på Samordna opptak sine sider. Vend deg til Studentkontoret når du vil ha søkadsskjema. |
|