REPARERE
Organisering av rehabiliteringstilbod og oppfølging etter behandling i helsetenesten er viktig for dei som har mottatt helsehjelp. Det er likevel mange som ikkje får tilbod om eller har anledning til å delta i slike tilbod. I dette prosjektet er det arbeidd med nye former for pasientundervisning med spesielt fokus på egenomsorg, mestring og sjølvhjelp. Funn fra studien viser at pasientar og pårørande møter mange utfordringar etter at dei har mottatt helsehjelp, og som dei ikkje kjenner seg førebudd på. Nye modellar og strategiar for pasientopplæring basert på tilrettelagt informasjon og kommunikasjon kan derfor støtte egenomsorg og bidra til symptommestring og sjølvstendighet i ei elles krevande rekonvalesenstid. Den web-baserte prototypen REPARERE (learning REsources for PAtients and RElatives during REcovery) er eit eksempel på dette.
Pasient og deira familie er ei betydeleg, men i for mange sammanhengar ubruktinformasjons- og kunnskapsressurs for å forstå meir av korleis det er å leva med sjukdom, ivareta symptomhåndtering og egenomsorg. Basert på pasientar og pårørandes egne erfaringar i rekonvalesens, samt informasjon fra helsepersonell og litteraturstudier har vi utvikla prototypen REPARERE.
REPARERE inneheld informasjon knytta til rekonvalesens etter hjerteoperasjon, og det er lagt vekt på å inkludere og presentere informasjon om kva som er vanleg eller “normalt” i ulike faser av rekonvalesensen, forslag til mestringsstrategiar og sekundærprofylakse for å forsinke eller redusere vidareutvikling av hjarte-karsjukdom. Dette er repetisjon av tidlegare formidla informasjon, eksempel på vanlege utfordringar i rekonvalesens og lenker til andre informasjonsressursar.
Det er lagt opp til mulighet for å tilrettelegge informasjon og kommunikasjon, dvs. dette er truleg mest nyttig for deg nå (just-in-time presentasjon), og for å presentera informasjonen samla, dvs. dette er nyttig i forbindelse med rekonvalesens etter hjerteoperasjon (just-in-case presentasjon). Design for alle eller krav til universell utforming er ei sentral premiss i teknologien REPARERE er utvikla i, og det betyr at REPARERE er tilgjengelege og brukervennlig også for personar med forbigåande eller varig funksjonshemming. Som ein konsekvens av dette er krav til universell tilrettelegging no ein del av InterMedias web-publiseringsplattform.
Funn fra gjentatte diskusjonar med brukergruppene og design eksperiment tyder på at IKT-baserte læringsressursar som REPARERE er nyttige og møter eit udekt behov.