Kap. VI - Forrenting og tilbakebetaling i 2003

1 TIDSPUNKT FOR FORRENTING AV GJELDA OG BETALINGSPLAN

1.1

Det blir rekna renter frå det første månadsskiftet etter at låntakaren har avslutta/avbrote utdanninga, eller når låntakaren ikkje har rett til støtte etter kap. I og kap. V.

Det blir rekna renter på tidlegare lån når låntakaren er i deltidsutdanning. Sjå likevel punkt 7.1.1 om rentefritak under deltidsutdanning.

Det blir rekna renter når låntakaren er i utdanning, men ikkje får støtte. Sjå likevel punkt 7 om rentefritak under utdanning.

N
For låntakarar i deltidsutdanning blir det ikkje rekna renter av lån som blir gitt fortløpande til utdanninga låntakaren er i gang med.

1.2

Det blir sendt ut betalingsplan ut frå vilkåra i punkt 3 og 4 når lånet er sett renteberande.

Ein låntakar som har fått betalingsplan og deretter har fått støtte til ny utdanning, får fastsett ny betalingsplan for den samla gjelda.

N
Betalingsplanen viser frå kva dato lånet er sett renteberande, kor lang nedbetalingstid som er fastsett, og kor store terminbeløpa blir med den gjeldande rentesatsen.

2 RENTEVILKÅR

2.1

Lånet blir forrenta etter renta på statskassevekslar som har frå null til tre månader igjen til innløysing. I tillegg kjem ein prosent p.a. til delvis dekning av administrasjonskostnader og tap. Renta blir fastsett for kvart kvartal av Lånekassen. Mellom observasjons- og verknadsperioden er det eit kvartal. Renta blir belasta på etterskott den siste datoen i kvar månad.

Det blir rekna ein prosent høgre rente enn ordinært av heile lånet frå den datoen gjelda er sagd opp.

N
Når det blir rekna renter for tidlegare periodar, bruker Lånekassen den rentesatsen som gjaldt i dei aktuelle periodane.

2.2

Låntakaren kan binde renta for ein periode på tre eller fem år. Renta blir då fastsett etter renta på statsobligasjonar som har tre eller fem år igjen til innløysing. I tillegg kjem ein prosent p.a. til delvis dekning av administrasjonskostnader og tap.

Renta blir fastsett for kvart kvartal av Lånekassen. Mellom observasjons- og verknadsperiode er det ein månad. Renta blir belasta på etterskott den siste datoen i kvar månad.

Det blir rekna ein prosent høgre rente enn ordinært av heile lånet frå den datoen gjelda er oppsagd.

2.2.1

Låntakar som har inngått avtale om å binde renta etter punkt 2.2, skal betale i samsvar med avtalen. Ved avvik frå avtalen, det vil seie ved ekstra innbetalingar eller innfriing av gjelda i rentebindingsperioden, vil det bli rekna renteerstatning etter ein over- eller underkurs, som blir avrekna mot gjelda i Lånekassen.

N
Dersom låntakaren frivilleg har hatt høgare terminbeløp enn dei ordinære etter betalingsplanen før fastrenteavtalen blei inngått, kan terminbeløpa bli endra etter inngått avtale, slik at låntakaren får behalde den opphavlege nedbetalingstida.

N
Låntakar med lån med fast rente som får ettergitt gjeld på grunn av fullført langvarig utdanning, kan få behalde terminbeløpet frå fastrenteavtalen.

N
Blir lånet innfridd, blir det rekna renteerstatning etter ein over- eller underkurs på tidspunktet for innfriing.

N
Dersom låntakaren i løpet av året har betalt meir enn det han/ho er varsla for, blir det rekna renteerstatning etter ein over- eller underkurs av den ekstra innbetalinga. For kvart kalenderår og ved utløpet av avtaleperioden kontrollerer Lånekassen om låntakaren har betalt inn i samsvar med avtalen.

N
Den tidsperioden som Lånekassen legg til grunn for å kontrollere om låntakaren har betalt inn ekstra, blir kalla ein måleperiode. Første måleperiode blir rekna frå starten av bindingstida og fram til første årsskiftet. Dei neste måleperiodane er alltid eit kalenderår. Dersom avtalen blir avslutta i løpet av eit kalenderår, er siste måleperioden den delen av bindingstida som går inn i det året avtalen går ut.

N
Innbetalingene blir summerte for kvart kvartal som inngår i måleperioden. Dersom ein del av innbetalinga innanfor eit kvartal blir definert som ekstra innbetaling etter å ha blitt avrekna mot heile måleperioden, utløyser det over- eller underkurs fram til utløpet av bindingstida.

Ei ekstra innbetaling får verknad frå den månaden den er registrert i Lånekassen. Ekstra innbetaling blir definert som ei innbetaling større enn summen av desse postane:

terminbeløpet på betalingsplanen til kunden for det aktuelle forfallet, eventuelt eit mellombels terminbeløp for det aktuelle forfallet dersom det er større enn terminbeløpet på betalingsplanen
gebyr i samband med varslinga for det same forfallet
eventuelt skuldig beløp ved starten av måleperioden
påløpte kostnader
gebyr/rente frå etterkontrollen for INTB
N
Renteerstatning etter overkurs vil bli belasta kunden. Ved innfriing vil det bli sendt krav på ei eventuell restgjeld dersom den utrekna overkursen fører til at gjelda likevel ikkje er innfridd.

Renteerstatning etter underkurs vil bli godskriven kunden. Ved innfriing vil eit eventuelt tilgodebeløp bli utbetalt dersom den utrekna underkursen tilseier det.

Beløp under kr 50 vil ikkje bli belasta kontoen og kravd tilbakebetalt og heller ikkje bli godskrive og refundert.

N
Det blir ikkje gitt fritak for renteerstatningsbeløp som er utrekna i periodar det er gitt rentefritak for.

N
Ekstra innbetalingar utover terminar fastsette etter reglane i kap. VIII (FINN-terminar), men avgrensa oppover til det fastsette terminbeløpet etter fastrenteavtalen, fører ikkje til utrekning av over- eller underkurs. Det same gjeld for låntakarar som får betalingsutsetjing eller halvert terminbeløp for terminar i fastrenteperioden. Dersom årsinnbetalinga ikkje er større enn summen av dei fire fastrenteterminane, blir det ikkje rekna over- eller underkurs.

2.2.2

Det er ikkje høve til å seie opp avtalen om bunden rente i bindingsperioden. Det er heller ikkje høve til å binde renta på ein del av lånet.

2.2.3

Dersom låntakaren begynner i fulltids- eller deltidsutdanning i bindingsperioden og får lån og/eller stipend frå Lånekassen, blir avtalen om rentebinding sett på som avbroten.

2.2.4

Låntakar som har kortare nedbetalingstid enn bindingstida, låntakar som ikkje har fått lånet sett renteberande, låntakar med oppsagt lån, låntakar i gjeldsordning og mindreårig låntakar kan ikkje inngå avtale om å binde renta.

Låntakar som er i deltidsutdanning med støtte frå Lånekassen, kan ikkje inngå avtale om å binde renta på det tidlegare lånet.

2.2.5

Dersom det ikkje er inngått ny avtale om å binde renta når bindingstida er ute, blir lånet forrenta etter reglane i punkt 2.1.

2.2.6

Søknad om å binde renta må vere kommen inn til Lånekassen seinast den 10. i den månaden rentetilbodet gjeld frå.

2.3

Det blir rekna rentesrente med den rentesatsen som gjeld. I 2003 blir renter som ikkje er betalte, sette renteberande 15. mai og 15. november. For låntakar som har lån frå før 1. juli 1985, blir det ikkje rekna renter av rentegjeld som er opparbeidd før 1. januar 1990.

3 NEDBETALINGSTID

3.1

Den lengste nedbetalingstida er 20 år frå den siste datoen lånet blir sett renteberande. Lån større enn kr 194 000 vil til vanleg gi 20 års nedbetalingstid. Sjå punkt 3.3.

3.2

Lånet skal vere betalt innan låntakaren fyller 65 år. For låntakarar over 45 år kan lengste nedbetalingstid bli kortare enn 20 år. I slike tilfelle blir terminbeløpa oppjusterte.

N
Dersom betalingsutsetjing fører til at innfriingstidspunktet kjem etter at låntakaren har fylt 65 år, blir innfriingstidspunktet sett til siste forfall før låntakaren fyller 65 år, og terminbeløpet blir oppregulert. Sjå likevel punkt 9.4.

3.3

Når det blir gitt betalingsutsetjing, blir nedbetalingstida til vanleg utvida. Nedbetalingstida kan ikkje bli utvida til meir enn 30 år. Sjå også punkt 3.2.

N
Dersom betalingsutsetjing fører til at nedbetalingstida blir lengre enn 30 år, blir innfriingstidspunktet sett til siste forfall før 30 år, og terminbeløpa blir oppregulerte. Sjå likevel punkt 9.4.

3.4

Låntakar kan når som helst innfri eller betale ned gjelda raskare og med større beløp enn det som er fastsett i betalingsplanen, utan at det kostar noko ekstra. For lån med bunden rente gjeld det eigne reglar, sjå punkt 2.2.1.

Ekstra innbetalingar vil berre ved særlege høve kunne bli refundert.

4 TERMINBELØP

4.1

Terminbeløpa blir fastsette etter annuitetsprinsippet, slik at lånet blir nedbetalt på den fastlagde nedbetalingstida. Minste terminbeløp er kr 2 415.

N
Når det blir gitt rentefritak utan betalingsutsetjing, vil nedbetalingstida i den gjeldande betalingsplanen bli redusert. Terminbeløpet som er fastsett i betalingsplanen, blir ikkje endra.

N
Låntakarar som betaler inn ekstra slik at nedbetalingstida blir forkorta, kan søkje om å få terminbeløpet sett ned for å oppretthalde den opphavlege nedbetalingstida. Terminbeløpet kan ikkje bli sett lågare enn kr 500.

4.2

I særlege tilfelle kan Lånekassen fråvike reglane for fastsetjing av terminbeløpa.

N
Låntakarar med betalingsproblem kan, etter ei særskild vurdering, få fastsett ny betalingsplan med lengre nedbetalingstid. Det må vere sannsynleg at dei kan greie å følgje den reviderte betalingsplanen.

Det er ein føresetnad at samla nedbetalingstid ikkje blir meir enn 30 år, og at lånet er nedbetalt innan låntakaren er 65 år. Som hovudregel bør det mellombelse terminbeløpet minimum dekkje løpande renter.

4.3

Terminbeløpet kan bli redusert eller auka dersom rentesatsen blir endra.

5 FORFALL, VARSEL, VARSEL OM OPPSEIING OG GEBYR

5.1

Første terminforfall blir fastsett til om lag sju månader etter at utdanninga er avslutta eller avbroten. Men dersom ein låntakar ber om det, kan perioden fram til første terminforfall bli fastsett til om lag ti månader. Dette gjeld også ved ny betalingsplan etter punkt 1.2.

N
Ein låntakar som får støtte til ny deltidsutdanning, kan ikkje få ny betalingspause.

5.2

Terminforfalla i 2003 er 15. februar, 15. mai, 15. august og 15. november.

5.3

Terminbeløpet skal betalast sjølv om låntakaren ikkje har fått varselet.

Låntakaren pliktar snarast råd å melde adresseendring til Lånekassen eller til Folkeregisteret. Låntakarar som er busette i utlandet, må melde adresseendring direkte til Lånekassen.

5.4

Ved varsling om terminbeløp som forfell, får låntakaren lagt til eit gebyr på kr 35.

5.5

Ein låntakar som ikkje betaler terminbeløpet ved forfall, får tilsendt andregongsvarsel og får då lagt til eit gebyr på kr 280.

5.6

Dersom låntakaren ikkje betaler ved andregongsvarsel, blir det sendt ut varsel om oppseiing av heile gjelda. Ved varsel om oppseiing får låntakaren lagt til eit gebyr på kr 490. Sjå også punkta 2.1 og 2.2.

5.7

Ei innbetaling dekkjer i denne rekkjefølgja: inkassoomkostningar, gebyr, renter og lån.

5.8

Dersom låntakaren ikkje har gitt nok opplysningar på innbetalinga til at betalinga kan bli registrert på låntakaren, skal låntakaren betale gebyr etter punkt 5.5 og 5.6.

5.9

Låntakaren har ansvaret for kostnadene ved å betale gjelda. Lånekassen kan leggje til transaksjonskostnadene på låntakaren sin konto.

6 RENTEFRITAK

6.1

Rentefritak blir gitt for heile månader.

N
Ved avrunding innanfor ein månad blir til vanleg dette lagt til grunn: Dersom forholdet som gir grunnlag for rentefritak, startar i tida 1. til og med 14., blir rentefritaket rekna frå den 1. i same månad. Forhold som startar 15. og ut månaden, gir rentefritak frå den 1. i månaden etter. Blir forholdet avslutta i tida 1. til og med 14. i månaden, blir fritaket rekna til og med siste dag i månaden før. Blir forholdet avslutta 15. eller seinare, blir fritaket rekna til og med den siste dagen i same månaden.

N
Ved utrekning av rentefritak legg Lånekassen til grunn belasta renter i rentefritaksperioden og eventuelt for mykje belasta rentesrenter. Rentefritaksbeløpet blir godskrive gjelda til låntakaren og blir postert i samsvar med posteringsrekkjefølgja under punkt 5.7, med unntak av at rentefritak ikkje blir postert mot ein eventuell gebyrsaldo og kostnader.

N
Rentefritaksbeløpet blir ikkje utbetalt, bortsett frå dersom gjelda er innfridd. Beløp under kr 100 blir ikkje refundert automatisk.

6.2

Rentefritak blir gitt på etterskott.

N
Også rentefritak under sjølvfinansiert utdanning blir gitt på etterskott, anten for eitt og eitt år om gongen, eller på etterskott når heile utdanninga (graden) er fullført.

6.3

Krav om rentefritak som gjeld forhold frå før 1. januar 2000, er forelda. Det kan bli gjort unntak frå fristen dersom det er særlege forhold som gjer at søknadsfristen ikkje kan bli halden.

N
Spørsmål om rentefritak som gjeld forhold før 1. januar 2000, kan bli behandla når saka er teken opp av låntakaren på eit tidlegare tidspunkt og behandlinga er utsett av Lånekassen, eller når Lånekassen openbert har forsømt behandlings­/opplysningsplikta si.

N
Rentefritak for forhold frå før 1. januar 2000 kan bli gitt dersom forholdet var klart avgrensa i tid, og søkjaren hadde rett til rentefritak for forholdet i ein samanhengande periode som blei avslutta etter 1. januar 2000.

7 RENTEFRITAK UNDER UTDANNING

7.1

Ein låntakar som tek fulltidsutdanning og dokumenterer å ha hatt rett til støtte etter kap. I og kap. V, har samtidig rett til rentefritak i så lang tid som det kan bli gitt støtte.

Ein låntakar som tek utdanning utan å søkje om støtte, må søkje om rentefritak innan fristen i punkt 6.3.

N
Det kan ikkje bli gitt rentefritak utover normert tid eller årsblokkene i kap. I punkt 10 når låntakaren tidlegare har fått støtte og/eller rentefritak i maksimal tid etter reglane i kap. I. Ved forseinking kan den normerte tida/blokkene bli utvida når låntakeren har rett til det etter reglane i kap. I punkt 10, 11.1.1 og 11.1.2 for det året søknaden gjeld.

N
Rentefritak må bli utsett dersom det er rimelig grunn til å tru at det samla utdanningsprogammet vil gå ut over den maksimal støtteperioden etter kap. I punkt 10 i forskriftene.

N
Lærlingar som må vente på læreplass, kan få rentefritak i ventetida i inntil seks månader. Denne perioden blir ikkje rekna med i den samla tida lærlingen kan få støtte/rentefritak (blokka).

N
Låntakarar som får støtte frå eit anna nordisk land til utdanning i Norden etter at dei tidlegare har fått støtte i Lånekassen, kan få rentefritak for det same tidsrommet som det kunne ha vore gitt støtte etter kap. I punkt 10 og 11 i forskriftene, dersom dei hadde søkt om støtte i Lånekassen. Dette gjeld sjølv om låntakaren har eit anna nordisk statsborgarskap enn norsk.

N
Utanlandske statsborgarar, med unntak av statsborgarar frå EU- og EØS-land, som tek sjølvfinansiert utdanning i land utanfor Norden, har ikkje rett til rentefritak, jf. kap. V punkt 1.1 og punkt 1.1.1.

N
Ved doktorgradsutdanning i utlandet (utanlandsk grad) bruker Lånekassen den tidsnormeringa som gjeld for den aktuelle godkjende utdanninga, teken på fulltid i vedkommande land.

7.1.1

Ein låntakar som tek deltidsutdanning, og som dokumenterer å ha hatt rett til støtte etter kap. I, har samtidig rett til rentefritak dersom låntakaren har ei brutto månadsinntekt på kr 12 800 eller lågare. Grensa blir heva med kr 1 280 for kvart barn under 16 år som låntakaren forsørgjer.

Låntakaren må søkje om rentefritak innan fristen i punkt 6.3 og betalingslette for kvart undervisningsår.

N
Gjennomsnittleg inntekt per semester kan bli godteke. Når inntektsgrensa skal aukast på grunn av barn, reknar Lånekassen med alle barn under 16 år (også særkullsbarn) som låntakaren forsørgjer, også barn som låntakaren betaler bidrag for.

N
Det blir sett bort frå barnetillegg og barnebidrag som låntakaren får for barn over 16 år.

8 RENTEFRITAK AV SOSIALE OG ØKONOMISKE ÅRSAKER

8.1

Både årsak og inntekt skal dokumenterast for den perioden det blir søkt rentefritak for.

N
Brutto månadsinntekt skal til vanleg bli dokumentert ved lønnsslippar frå arbeidsgivar, eller ved utskrift av likning dersom låntakaren har same inntekt kvar månad, har hatt fleire arbeidsforhold som ikkje kan dokumenterast på annan måte, eller er sjølvstendig næringsdrivande. Ein generell attest som oppgir fast månadsinntekt, blir godteken.

Eigenerklæring kan bli godteken dersom låntakaren opplyser at han ikkje har inntekt.

N
Når inntekta er oppgitt i framand valuta, blir vekslingskursen på behandlingstidspunktet (midtkursen i Noregs Bank) brukt. Dersom dette gir eit svært urimeleg utslag, kan vekslingskursen i søknadsperioden bli brukt.

N
Med inntekt er meint all skattepliktig inntekt. Reglane i skatteloven blir lagde til grunn. Inntektene nedanfor, som ikkje er skattepliktige, blir haldne utanfor:
– grunnstønad
– hjelpestønad
– eingongsstønad ved fødsel
– barnetrygd
– bustøtte
– sosialstøtte
– stønad til barnetilsyn
– tenestetillegg/dagpengar, forsørgjartillegg (ektefelletillegg/barnetillegg) og butillegg under militær og sivil verneplikt (blir utbetalt til ektefelle/partnar eller sambuar med felles barn)
– tilskott til opphaldsutgifter under rehabilitering
– kontantstøtte
– erstatning for framtidig inntektstap

Lista ovanfor er ikkje fullstendig. Får låntakaren andre ytingar som er dokumentert ikkje skattepliktige, blir dei også haldne utanfor.

N
Inntektsgrunnlaget for låntakarar som er busette i utlandet, er det same som for låntakarar i Noreg. Inntekt som ikkje er skattepliktig i Noreg, blir ikkje rekna med i bruttoinntekta. Det kan heller ikkje bli teke omsyn til utgifter som gir rett til frådrag ved skattelikninga i landet der låntakaren er skattepliktig.

8.2

Det kan bli gitt rentefritak når ein låntakar har ei brutto månadsinntekt på kr 12 800 eller mindre. Beløpet blir auka med kr 1 280 for kvart barn under 16 år som låntakaren forsørgjer. I tillegg må eitt av krava under punkta 8.2.1 – 8.2.6 vere oppfylt:

N
Det er ikkje eit vilkår at inntekta skal vere under grensa i alle månadene det er søkt om rentefritak for. Det kan dermed bli gitt rentefritak for færre månader. Ved utrekning av brutto månadsinntekt er det disposisjonsdatoen (ikkje oppteningsperioden) for inntekta som blir lagd til grunn.

N
Oppteningsperioden kan leggjast til grunn i tilfelle der det ligg føre særlege forhold som gir eit urimeleg resultat.

N
Når inntektsgrensa skal aukast på grunn av barn, reknar Lånekassen med alle barn under 16 år (også særkullsbarn) som låntakaren forsørgjer, også barn låntakaren betaler bidrag for. Det blir sett bort frå barnetillegg og barnebidrag som låntakaren får for barn over 16 år.

N
Ein låntakar kan ha fleire årsaker som gir grunnlag for rentefritak etter dette punktet. Kvar av periodane, eller ein av dei, kan vare kortare enn tre månader. Dersom det ikkje er avbrott i tid mellom desse periodane, kan Lånekassen sjå dei i samanheng. Rentefritak kan bli gitt for heile perioden. Føresetnaden er at heile perioden er på minst tre månader.

8.2.1

Låntakaren avtener militær eller sivil verneplikt i Noreg i minst tre månader samanhengande. Det same gjeld for låntakar som er elev ved ein militær skole. EØS-borgar kan få rentefritak når dei avtener verneplikt i heimlandet.

N
Dersom låntakaren er i utdanning og har rett til støtte umiddelbart før og etter militær/sivil verneplikt, kan det bli gitt rentefritak i opptil seks månader samla for to periodar ­ før og etter tenesta ­ når tenesta tek til midt i eit semester.

Dersom låntakaren går direkte over i militær­/sivilteneste etter ei avslutta utdanning, blir det ikkje gitt rentefritak i det mellomliggjande tidsrommet. Dersom låntakaren held fram med ny utdanning etter dimittering, kan det likevel bli gitt rentefritak som nemnt ovanfor.

8.2.2

Låntakaren dokumenterer sjukdom, medisinsk rehabilitering, yrkesretta attføring eller registrert arbeidsløyse som varer i minst tre månader samanhengande.

N
Låntakar som registrerer seg som arbeidsledig etter avslutta utdanning, men før lånet blir sett renteberande, kan få eventuell tid mellom normert avslutning av utdanninga og rentedatoen for lånet rekna med i kravet til oppteningsperiode.

N
Ved arbeidsløyse og yrkesretta attføring skal låntakaren stadfeste periode og inntekt med utskrift av utbetalingshistorikk, meldehistorikk eller dagpengehistorikk frå Aetat. For låntakarar som er busette i utlandet, kan andre former for dokumentasjon bli godtekne når det ikkje er råd å registrere seg ved ei arbeidsformidling.

N
Registrert arbeidsløyse vil seie at låntakaren sender meldekort til Aetat eller deltek på arbeidsmarknadskurs/-opplæring i regi av Aetat eller andre offentlege styresmakter.

Arbeidssøkjande som er registrerte som fullt sysselsette (kodene FS IT, FS SK, FS VI før 01.03.02), blir ikkje sett på som arbeidsledige og har ikkje rett til rentefritak etter denne regelen.

N
Det må liggje føre stadfesting frå Aetat på at kunden søkjer om fulltidsarbeid. Søknader frå låntakar som har deltidsarbeid, men som er registrert som søkjar til fulltidsarbeid, kan bli vurderte etter dette punktet.

N
Låntakarar som bur saman med ektefellen i utlandet, og som kan dokumentere at han/ho ikkje har rett til arbeidsløyve, kan bli vurderte etter dette punktet.

N
Alkoholisme/narkomani er ikkje definert som sjukdom etter Folketrygdloven. Alkoholisme/narkomani kan likevel bli godteke dersom vedkommande er i eit behandlingsopplegg. Føresetnaden er at behandlingsopplegget går føre seg ved ein godkjend institusjon for rehabilitering.

8.2.3

Låntakaren dokumenterer fødsel og omsorg etter fødsel. Det kan bli gitt rentefritak i inntil tolv månader til den av foreldra som har omsorga for barnet. Det same gjeld ved adopsjon av barn under ti år. I periodar der foreldra deler omsorga, kan rentefritaket bli delt.

N
Rentefritak kan bli gitt frå tre veker før fødselen.

N
Foreldra er likestilte, men det kan bli gitt rentefritak i til saman berre tolv månader. Begge foreldra kan ikkje få rentefritak for den same perioden etter dette punktet.

8.2.4

Låntakaren har tillitsverv på fulltid i landsomfattande elev- eller studentorganisasjon, eller i tilknyting til utdanningsinstitusjon eller studentsamskipnad. Tillitsvervet må vare i minst tre månader samanhengande. Rentefritak kan bli gitt i inntil tolv månader.

8.2.5

Låntakaren deltek i Leonardo- eller Sokratesprogrammet og programperioden varer i minst tre månader. Det same gjeld låntakarar som har permisjon frå studiet og får studentstipend.

8.2.6

Låntakaren har omsorgsarbeid som varer i minst tre månader samanhengande. Som omsorgsarbeid blir rekna omsorg for barn under ti år eller omsorg for uføre, funksjonshemma eller eldre med stort pleiebehov i den næraste familien. Sjå likevel punkt 8.6.

N
Omsorga må gjelde barn låntakaren bur saman med minimum 1/3 del av året. Vanleg samværsrett (annakvar helg frå fredag ettermiddag til måndag morgon pluss ein ettermiddag kvar veke) utgjer mindre enn 1/3 av tida og gir dermed ikkje rett til rentefritak.

N
Dersom begge foreldra har ei inntekt som ligg under inntektsgrensa, har begge foreldra rett til rentefritak.

N
Dersom ein av foreldra får rentefritak etter punkt 8.2.3, kan den andre få rentefritak etter dette punktet dersom krava i punktet er oppfylte.

N
Ved omsorg for uføre, funksjonshemma eller eldre bør omfanget av pleiebehovet vere minst 50 prosent. I andre tilfelle bør låntakaren vere i arbeid eller vere arbeidssøkjar. Omfanget av pleiebehovet må dokumenterast med stadfesting frå lege, sosialkontor, helsestyresmakt eller annan faginstans.

N
Låntakar som får overgangsstønad fordi barnet har behov for omsorg eller tilsyn utover det som er vanleg, kan få rentefritak etter dette punktet.

8.3

Frå 1. januar 2002 kan det bli gitt rentefritak til ein låntakar som dokumenterer at han/ho i minst tre månader samanhengande ikkje har hatt anna inntekt enn økonomisk stønad etter § 5-1 i sosialtenesteloven. Rentefritak etter dette punktet kan bli gitt for inntil tre år til saman.

N
Rentefritak etter dette punktet kan ikkje kombinerast med andre årsaker.

8.4

Ein låntakar som dokumenterer å ha hatt samanhengande fulltidsarbeid i tolv månader eller lenger, har rett til rentefritak når bruttoinntekta per månad er kr 9 100 eller lågare i gjennomsnitt i den same perioden. Beløpet blir auka med kr 1 280 for kvart barn under 16 år som låntakaren forsørgjer. Sjå likevel punkt 8.6. Rentefritak etter dette punktet kan bli gitt for inntil tre år til saman.

N
Som grunnlag for bruttoinntekt per månad blir rekna summen av bruttoinntekter, inklusive kapitalinntekter, slik det kjem fram på utskrift av likninga (punkt 3.1.10). Denne summen blir delt på 12 for å komme fram til brutto månadsinntekt.

N
Når perioden det blir søkt om rentefritak for, strekkjer seg over to kalenderår, blir den inntektsgrensa som gjeld ved utløpet av perioden, lagd til grunn for heile perioden.

N
Sjølvstendig næringsdrivande må sende inn stadfesting på registrert foretak i Brønnøysundsregisteret og/eller kopi av næringsoppgåva/sjølvmeldinga for det aktuelle tidsrommet.

N
Aktive idrettsutøvarar kan bli behandla etter denne forskrifta dersom:

dei har kontrakt som varer i minst eitt år med Norges Idrettsforbund eller eitt av særforbunda
dei har vore på landslaget i heile eller delar av perioden
dei har fått individuelt utøvarstipend eller vidareutviklingsstipend frå Olympiatoppen
dei har vore på lag som har fått lagstipend frå Olympiatoppen
N
Har låntakaren eit arbeidsforhold der det blir gitt ei eller anna form for godtgjering, f.eks. for kost og losji med redusert lønn, blir søknaden behandla etter dette punktet om arbeidsforholdet varer i minst tolv månader. Det gjeld f.eks. au­pair, misjonsvirksemd eller liknande. Dokumentasjon som viser kor lenge arbeidsforholdet har vart, må liggje føre.

N
Frivillig ulønna arbeid gir ikkje rett til rentefritak. Frivillig ulønna arbeid i kombinasjon med lønna deltidsarbeid blir ikkje godteke som fulltidsarbeid.

N
Forskingsstipend frå Noregs forskingsråd (NFR) blir sett på som arbeidsinntekt. Det same gjeld forskingsstipend som låntakaren får frå andre land.

N
Rentefritak etter dette punktet kan ikkje kombinerast med andre årsaker.

8.5

Ein låntakar som dokumenterer å ha sona i fengsel eller sikringsanstalt i tolv månader eller lenger samanhengande, har rett til rentefritak når bruttoinntekta per månad er kr 9 100 eller lågare i gjennomsnitt i den same perioden. Beløpet blir heva med kr 1 280 for kvart barn under 16 år som låntakaren forsørgjer. Sjå likevel punkt 8.6.

N
Rentefritak etter dette punktet kan ikkje kombinerast med andre årsaker.

8.6

Rentefritak etter punkta 8.2.6, 8.4 og 8.5 blir vurdert i forhold til inntekta til ein eventuell ektefelle, partnar eller sambuar. Inntekta må dokumenterast. Rentefritak blir berre gitt til den som sjølv har inntekt under grensa. Det er ein føresetnad at den samla bruttoinntekta per månad er under kr 25 600. Grensa blir heva med kr 2 560 for kvart barn under 16 år som låntakaren forsørgjer. Om definisjon av sambuar, sjå kap. I punkt 2.1.

9 BETALINGSUTSETJING

9.1

Låntakaren kan søkje om å få utsetje betalinga av heile terminbeløp i inntil tre år, sjå likevel punkt 3.2, punkt 3.3, punkt 9.4 og kap. I punkt 15.2.

Det kan og bli gitt utsetjing med halve terminbeløp. Låntakaren kan då få utsett betalinga i opp til seks år.

N
Betalingsutsetjing blir gitt uavhengig av om det er gitt utsetjing for tidlegare innfridd gjeld.

N
Betalingsutsetjingar utan rentefritak som er gitt frå og med 1997, skal reknast med i det talet på år som det kan bli gitt utsetjing for etter dette punktet.

Er det gitt rentefritak i ettertid for ein periode der det først berre er gitt utsetjing, tel ikkje utsetjinga med i samla tid etter punkt 9.1.

N
Låntakaren kan velgje å kombinere heil og halv betalingsutsetjing innanfor dei grensene forskriftene set. Summen av heile og halve utsetjingar kan ikkje vere meir enn 12 heile utsetjingar.

9.2

Det kan, som eit unntak, bli gitt betalingsutsetjing for ein termin, slik at to terminbeløp blir betalte ved neste forfall.

9.3

Ein låntakar som oppfyller krava til rentefritak, kan ha rett til betalingsutsetjing for terminbeløpa i den same perioden. Sjå likevel punkta 3.2 og 3.3.

N
Låntakarar som har rett til rentefritak etter punkt 8.2 i forskriftene for ein periode som er avslutta, skal (etter søknad) få utsetjing slik at låntakaren har lønnsopptening i minst 2,5 månader før neste terminforfall. Dersom forholdet som gir rett til rentefritak, ikkje er avslutta, kan det (etter søknad) bli gitt utsetjing for inntil to terminforfall

N
Det same gjeld låntakarar som har gjennomført deltidsutdanning når det kunne ha vore gitt støtte etter kap. I.

N
Låntakarar som har gjennomført utdanning på fulltid utan støtte frå Lånekassen, når det kunne ha vore gitt støtte etter kap. I, kan (etter søknad) få betalingsutsetjing tilsvarande betalingspausen etter reglane i kap. VI punkt 5.1.

9.4

Betalingsutsetjing kan ikkje bli gitt dersom det fører til at dei framtidige terminbeløpa blir 1,5 gonger større enn det opphavlege terminbeløpet. Sjå punkt 3.2 og 3.3.

N
Opphavleg terminbeløp vil seie det fullterminbeløpet som låntakaren hadde per 04.01.90. For låntakarar som har fått betalingsplan seinare, vil det seie siste gong det blei laga ordinær betalingsplan. For låntakarar som opphavleg hadde halvårlege terminbeløp, kan ikkje framtidige terminbeløp bli større enn 1,5 gonger halvparten av det opphavlege beløpet.

N
Låntakarar som på grunn av alder og tidlegare utsetjingar får terminbeløp som er meir enn 1,5 gonger større enn det opphavlege terminbeløpet, og som har låg inntekt og rett til rentefritak, kan ha rett til utsetjing. Saka skal vurderast etter skjønn, og det skal leggjast vekt på eventuell rett til ettergiving ved alderspensjon etter kap. VI punkt 10.2.

10 ETTERGIVING

10.1

Blir låntakaren minst 50 prosent ufør og får uførepensjon frå folketrygda eller tilsvarande pensjonsordning i utlandet, har låntakaren rett til heil ettergiving når bruttoinntekta per månad er kr 12 800 eller lågare. Når bruttoinntekta per månad er mellom kr 12 800 og kr 19 320, har låntakaren rett til nedskriving av gjelda og nedsetjing av terminbeløpet. Grensene blir heva med kr 1 280 for kvart barn under 16 år som låntakaren forsørgjer.

Har låntakaren ei bruttoinntekt på kr 12 801 eller meir per månad, blir gjelda nedskriven etter denne tabellen:

Bruttoinntekt per månad Ny gjeld Nytt terminbeløp

kr 12 801 – 14 400 kr 37 000 kr 1 180

kr 14 401 – 16 000 kr 43 200 kr 1 420

kr 16 001 – 17 640 kr 49 300 kr 1 680

kr 17 641 – 19 320 kr 55 600 kr 1 910

All pensjon og inntekt må dokumenterast, og fødselsattest må sendast inn for eventuelle barn under 16 år som låntakaren forsørgjer.

N
Er uføregraden 50 prosent eller meir, blir ettergivinga fastsett i samsvar med brutto inntekt per månad (summen av trygd og arbeidsinntekter osv.). Uførepensjonen må vere innvilga før gjelda kan bli ettergitt.

N
Ved nedskriving blir først kostnader, gebyr, rentesaldo og deretter lånesaldoen redusert.

N
Når inntektsgrensa skal aukast på grunn av barn, blir alle barn under 16 år (også særkullsbarn) som låntakaren forsørgjer, rekna med, også barn som låntakaren betaler bidrag for. Det blir sett bort frå barnetillegg og barnebidrag som låntakaren får for barn over 16 år.

N
Innbetalingar som er gjorde før søknaden om ettergiving er motteken i Lånekassen, blir ikkje refunderte. Låntakarar med månadlege betalingsavtalar/trekk i trygdeutbetalingar kan få refundert innbetalingar som er gjorde etter at søknaden om ettergiving er innkommen til Lånekassen. Utlegg som er tekne i etterbetaling av trygdeytingar, kan bli refunderte når låntakaren har rett til ettergiving.

10.1.1

Har låntakaren vore heilt arbeidsufør i minst seks år på grunn av sjukdom, kan det gi grunnlag for ettergiving og nedskriving etter dei same inntektsgrensene som i punkt 10.1. Sjukdom, inntekt og at låntakaren er arbeidsufør, må dokumenterast. Det er ein føresetnad at låntakaren i heile perioden ikkje har vore under medisinsk rehabilitering eller yrkesretta attføring.

10.1.2

Dersom låntakaren får ny støtte, blir vedtaket om ettergiving oppheva. Er vedtaket om ettergiving gjort for meir enn ti år sidan, blir det ikkje oppheva. Sjå kap. I punkt 9.2.

N
Låntakarar som har fått ettergitt gjelda si og søkjer om ny støtte, må dokumentere med legeattest at helsetilstanden er betra, og at det er sannsynleg at låntakaren kan gå tilbake til arbeidslivet når utdanninga er gjennomført, før ny støtte kan bli gitt. Rentene skal ikkje reaktiverast.

N
Vedtaket om ettergiving blir ikkje oppheva ved søknad om ny støtte dersom gjelda er avskriven fordi låntakaren var ufør og låntakaren på avskrivingstidspunktet var i gjeldsordning eller i gjeldsforhandlingsperioden etter reglane i gjeldsordningsloven, og gjeldsordninga er gjennomført.

10.1.3

Lånekassen kan avslå ettergiving av støtte som låntakaren har heva utan å ha rett til det.

10.2

Dersom låntakaren får alderspensjon frå folketrygda eller tilsvarande pensjonsordning i utlandet, kan gjelda i særlege tilfelle bli ettergitt heilt eller delvis.

At låntakaren har fylt 65 år eller har betalt i 20 år, gir ikkje aleine grunnlag for ettergiving av gjeld.

N
Inntekta og formuen må dokumenterast for både låntakeren og ein eventuell ektefelle/partnar eller sambuar med felles barn.

10.3

Døyr låntakaren, blir gjelda ettergitt.

N
Dødsfallet må som hovudregel bli stadfesta av skifteretten.

11 MISLEGHALD AV LÅNET

11.1

Ved misleghald av lånet vil Lånekassen krevje at Statens Innkrevjingssentral og/eller den ordinære namsmannen held utleggsforretning. Utlegg kan bli teke i lønn og liknande ytingar, lausøyre og/eller fast eigedom etter reglane i tvangsfullbyrdingsloven, dekningsloven og anna lovverk.

Dersom låntakaren er busett i utlandet, kan Lånekassen krevje inn gjelda der låntakaren bur. Lånekassen kan bruke inkassobyrå, advokat og/eller rettsapparat.

N
Låntakarar som har fått saka sendt over til namsmannen eller til Statens innkrevjingssentral, kan få betalingslette dersom dei dokumenterer at dei har rett til det. Dersom ein låntakar kjem à jour i forhold til betalingsplanen ved å betale eller få betalingslette, kan saka bli tilbakekalla. Utleggspant som er teke i eignedelane til kunden før saka blir tilbakekalla, blir ståande, jf. punkt 11.1.1.

N
Klage på for lågt eller for høgt lønnstrekk eller anna som gjeld utleggsforretninga, skal rettast til den instansen som heldt utleggsforretninga.

11.1.1

Lånekassen kan halde på pantet til heile gjelda er innfridd.

N
Lånekassen kan vurdere å slette pantet før heile gjelda er innfridd. Ved vurderinga blir det mellom anna lagt vekt på inkassohistorikken til låntakaren, kor stort lånet er, verdien på pantet, prioriteten til Lånekassen og kva behov låntakaren har for å få sletta pantet.

11.1.2

Lånekassen belastar låntakaren med kostnadene ved å krevje inn gjelda.

11.2

Lånet blir sett på som grovt og/eller vedvarande misleghalde når det har vore oppsagt i tre år. Fordringa blir då overført permanent til Statens innkrevjingssentral, sjå kap. XI, og låntakaren misser retten til betalingslette og ettergiving etter forskriftene for Lånekassen. Lånekassen kan gjere unntak frå forskrifta om permanent overføring når:

- låntakaren har løpande frivillig betalingsordning

- låntakaren har løpande tvungen betalingsordning

- låntakaren har betalt inn eit vesentleg beløp dei siste tolv månadene

- Lånekassen på grunnlag av særskilde forhold finn det rimeleg å unnta lånet frå overføring.

Dersom låntakaren har fått betalingslette i dei siste åra, blir lånet sett på som grovt og vedvarande misleghalde når den samla tida etter oppseiinga som låntakaren ikkje har dokumentert rett til betalingslette for, blir meir enn tre år.

N
Låntakeren skal tilskrivast om vedtaket om overføring minimum tre veker før saka blir overført til Statens innkrevjingssentral.

N
Dersom låntakaren dokumenterer at den noverande situasjonen gir rett til betalingslette etter kap. VI punkt 8 eller 10, skal vedtaket om overføring til SI bli oppheva umiddelbart.

N
Lånekassen skal utsetje overføringa til SI dersom det blir inngått ein betalingsavtale der låntakaren
1. betaler inn kr 15 000 som eit eingongsbeløp
2. etter innbetalinga av eingongsbeløpet inngår ein avtale om månadleg betaling i samsvar med betalingsevna.
Låntakarar som ikkje held betalingsavtalen, vil ikkje få ny purring, men saka blir overført til SI utan at låntakaren får fleire meldingar.

Dersom det udekte beløpet blir betalt, blir vedtaket om overføring til SI oppheva.

N
Dersom låntakaren dokumenterer å ha rett til betalingslette i delar av dei tre siste åra, men den noverande situasjonen ikkje gir rett til lette, er det ein føresetnad for å unngå overføring at det også blir inngått ein betalingsavtale. Kravet om ei umiddelbar innbetaling av kr 15 000/udekt beløp kan bli redusert etter skjønn.

N
Vurderinga skal baserast på situasjonen til låntakaren, inkassohistorikken og det samla utdanningslånet.

11.3

Misleghald av betalingspliktene kan føre til avslag på søknad om støtte til ny utdanning.

N
Dersom låntakaren ikkje har vore registrert med ei inkassosak tidlegare, kan Lånekassen gi utdanningsstøtte dersom låntakaren ajourbetaler eller har rett til betalingslette.

N
Dersom det er gått to år sidan låntakaren var registrert med ei inkassosak, kan Lånekassen gi støtte dersom låntakaren har innfridd gjelda, har ajourbetalt i forhold til den opphavlege betalingsplanen, eller har fått betalingslette.

Dersom det har gått mindre enn to år sidan låntakaren var registrert med ei inkassosak, skal det gjerast ei heilskapsvurdering der det mellom anna skal leggjast vekt på graden av misleghaldet, betalingsviljen til låntakaren og den framtidige betalingsevna. Det vil også bli lagt vekt på om låntakaren ved fleire høve har late vere å halde folkeregisteret/Lånekassen orientert om ny adresse, eller ikkje har svart på brev frå Lånekassen.

N
Låntakarar som har fått gjelda avskriven som fordring det er uråd å drive inn, eller er permanent overførte til Statens innkrevjingssentral, kan som hovudregel ikkje få ny støtte.

11.4

Dersom låntakaren har fått støtte han/ho ikkje hadde rett til, kan heile lånet bli forrenta frå det tidspunktet låntakaren fekk tildelt støtte. Heile gjelda kan bli sagd opp. Slik urett støtte kan føre til avslag på søknad om ny støtte og avslag på søknad om betalingslette/ettergiving. Sjå også kap. I punkt 15.1.

N
Støtte som låntakaren har heva utan å ha rett til det, og som det skal reknast renter av, blir sett renteberande frå den 1. i månaden etter at støtta er heva.

12 UTDANNINGSGJELD OG GJELDSORDNINGSLOVEN

12.1

Utdanningsgjeld er omfatta av vilkåra i lov om frivillig og tvungen gjeldsordning for privatpersonar (gjeldsordningsloven) av 17. juli 1992. Lånekassen kan gå inn i forhandlingar om gjeldssanering når det er opna gjeldsforhandling etter denne loven. Sjå også punkt 13.1.

12.2

Ved opning av gjeldsforhandling skal låntakaren ha betalingsutsetjing etter § 3-4 i gjeldsordningsloven.

12.3

Dersom låntakaren etter gjeldsforhandlingsperioden oppnår frivillig gjeldsordning eller rettsavgjerd om tvungen gjeldsordning, skal betalingsvilkåra bli fastsette i samsvar med det. Blir gjeldsordning avvist, blir låntakaren behandla etter vanlege reglar.

12.4

I gjeldsforhandlingsperioden og i gjeldsordningsperioden skal låntakaren som hovudregel ikkje kunne få nytt lån.

N
Søknad om stipend blir vurdert etter dei ordinære forskriftene for tildeling av ny støtte, jf. kap. I punkt 15.2 og kap. VI punkt 10.3. Misleghald i gjeldsordningsperioden kan føre til avslag på søknad om ny støtte.

12.5

Etter at ein gjeldsordningsperiode som er heimla i gjeldsordningsloven, er fullført i samsvar med avtalt frivillig gjeldsordning eller rettsavgjerd om tvungen gjeldsordning, skal restgjelda bli heilt eller delvis ettergitt i samsvar med ordninga.

13 UTANRETTSLEGE GJELDSORDNINGAR OG ETTERGIVING AV FORDRINGAR SOM ER URÅD Å DRIVE INN

13.1

Lånekassen kan i særlege tilfelle delta i gjeldsordningar utanfor gjeldsordningsloven (utanrettslege gjeldsordningar). Ein førespurnad om gjeldsordning utanfor gjeldsordningsloven blir rekna som framsett når skyldnaren eller medhjelparen hans har sendt eit grunngitt forslag til Lånekassen. Førespurnaden skal innehalde opplysningar om inntekta, formuen, gjelda, talet på barn og levekostnadene til skyldnaren, og tilsvarande opplysningar om ektefelle eller sambuar, og anna som kan vere viktig for saka. Reglane i gjeldsordningsloven gjeld som utfyllande regelverk.

13.2

Innanfor gjeldsordningsperioden skal det bli teke omsyn til sannsynlege endringar, mellom anna endringar i gjeld, inntekt, utdanning og omsorgsplikter. Tilsvarande skal det takast omsyn til om skyldnaren er arbeidsufør eller langvarig sjuk, eller om det finst andre omstende som det er grunn til å rekne med kan påverke betalingsevna.

13.3

I gjeldsforhandlingsperioden og i gjeldsordningsperioden skal låntakaren som hovudregel ikkje kunne få nytt lån i Lånekassen.

13.4

Etter at ein utanrettsleg gjeldsordningsperiode er fullført i samsvar med den gjeldsordninga som er avtalt, kan restgjelda bli ettergitt heilt eller delvis.

13.5

Lån, renter og omkostningar kan bli ettergitt i den grad det er uråd å inndrive fordringa.

Ein førespurnad om ettergiving av heile eller delar av kravet blir rekna som framsett når skyldnaren eller medhjelparen hans har sendt eit grunngitt forslag til Lånekassen. Førespurnaden skal innehalde opplysningar om inntekta, formuen, gjelda og levekostnadene til skyldnaren og tilsvarande opplysningar om ektefellen, eventuelt sambuaren, kor mange barn dei har, og anna som kan vere viktig i saka.

Ved vurderinga av søknaden skal Lånekassen leggje vekt på dei økonomiske forholda til skyldnaren, både om betalingsevna er sterkt nedsett og kor lenge misleghaldet har vart. Dessutan skal det leggjast vekt på kva for tiltak som har vore gjennomførte i inkassosaka, og det skal vurderast kva for tiltak som vil vere mest tenlege for innkrevjinga i framtida. Kunden kan ikkje få ettergiving dersom det vil verke støytande på andre tilbakebetalarar.

13.6

Vedtak i saker om utanrettsleg gjeldsordning og ettergiving av fordringar kjem ikkje inn under klageretten etter reglane i forvaltningsloven