Kap. VII - Ettergiving av utdanningslån i 2003 for kandidatar som har fullført langvarig universitets- og høgskoleutdanning i haustsemesteret 2002 eller i vårsemesteret 2003

1 GENERELT

1.1

Låntakarar som har fullført visse universitets- eller høgskoleutdanningar som er normerte til ti, elleve, tolv, tretten eller fleire semester, kan få ettergitt ein del av utdanningslånet i Lånekassen. Normert tid for dei ulike utdanningane er fastsette ved kgl.res. 10. mai 1996, 19. juli 1996, 9. oktober 1998, 27. november 1998, 10. mars 2000 og 28. juli 2000, eller etter vedtak i departementet.

N
Ordninga med ettergiving ved langvarig utdanning opphører frå 01.08.03. For søkjar som er i gang med utdanning som gir rett til ettergiving i 2002-2003, og som avslutter denne utdanninga seinast våren 2007, vil det være ei overgangsordning.

Ettergiving kan bli gitt til studentar som har begynt på høgre grads studier (inklusive Mastergrad) eller på 4. år av ei profesjonsutdanning seinast i løpet av 2002-2003. Overgangsordninga gjeld og studentar som i 2002-2003 er i gang med ein av dei nye Mastergradane i Noreg. 

N
Det er ikkje nødvendig at lånet er teke opp til den utdanninga som ettergivinga omfattar. Beløpet kan ikkje bli utbetalt. Søkjarar som bruker kortare enn normert tid, er også omfatta av ordninga.

N
Når utdanninga/graden har meir enn ei tidsnormering (for eksempel cand.med.-studiet i Bergen), blir det gitt ettergiving etter faktisk brukt tid (innanfor den høgste normeringa). Fagleg forseinking gir ikkje grunnlag for utviding av norma.

2 TIDSROM

2.1

Haustsemesteret 2002 blir her rekna frå 15. august 2002 til 14. januar 2003, og vårsemesteret 2003 blir rekna frå 15. januar 2003 til 14. august 2003.

N
Avslutningstidspunktet blir normalt rekna til det semesteret som er oppgitt på vitnemålet/gradspapiret. Avsluttande eksamen fullført før 15. januar i vårsemesteret, blir likevel rekna for å vere avslutta i haustsemesteret. Fullført eksamen før 15. august blir rekna for å vere avslutta i vårsemesteret.

3 BELØP SOM KAN BLI ETTERGITT I FORHOLD TIL NORMERT TID

3.1

Lån kan ikkje bli ettergitt for meir enn ei utdanning.

N
Det kan bli gjort unntak for søkjar som tidlegare har fått ettergiving til ei utdanning, og som så tek ei utdanning med høgre ettergivingsbeløp. Differansen kan då bli ettergjeven.

3.2

Støtte som låntakaren har heva utan å ha rett til det, kan bli trekt frå ettergivingsbeløpet.

4 NORMERT TID FOR UTDANNINGAR SOM GIR RETT TIL ETTERGIVING

4.1

Utdanning som er normert til ti semester:

4.1.1

Oppnådd grad ved norske universitet:

- cand.odont.

– cand.scient.

– siv.ing. (gjeld ikkje siv.ing.-grad oppnådd ved Universitetet i

Tromsø, der graden er normert til ni semester. Gjeld

heller ikkje sivilingeniørgrad oppnådd ved Noregs teknisk-

naturvitskaplege universitet, når søkjaren starta denne

utdanninga før hausten 1997)

– cand.pharm.

– sivilarkitekt

– fiskerikandidat

- Master of Science

– Master of Philosophy

– kandidat i helseadministrasjon

– kandidat i arbeidshelse

– kandidat i folkehelsevitskap

– Master of Arts – ESST

Kandidatar som har teke to-årig mastergrad med krav om norsk cand.mag.grad som forutdanning, kan få ettergiving i samsvar med dette. Ved 3,5 års cand.mag.grad gis ettergiving etter 11 semester og ved 4 års cand.mag.grad gis ettergiving etter 12 semester.

4.1.2

Eksamen/grad ved statlege høgskolar, vitskaplege høgskolar og private høgskolar:

Høgskolen i Agder:

- toårig sivilingeniørutdanning

- Master i informasjonssystemer

- Master i offentleg administrasjon

Høgskolen i Bodø:

- cand.merc.

Høgskolen i Buskerud:

- cand.merc.

Høgskolen i Finnmark:

- Master i reiseliv

Høgskolen i Molde:

- Master i logistikk

Høgskolen i Narvik:

- toårig sivilingeniørutdanning

Høgskolen i Oslo:

- sivilbibliotekar

Høgskolen i Stavanger:

- toårig sivilingeniørutdanning

- Master of Science, Norsk hotellhøgskole

- Master i samfunnssikkerhet

Høgskolen i Telemark:

- toårig sivilingeniørutdanning

Høgskolen i Volda:

- Master i samfunnsplanlegging

Bergen arkitektskole:

- sivilarkitekt

BI Stiftelsen:

- Master of Business Administration

- Master of Management

- Master of Science

Noregs handelshøgskole:

- Master of Business Administration

- cand.merc.

- cand.oecon.

Noregs landbrukshøgskole:

- siv.ing.

- cand.agric.

- cand.scient.

Norsk lærerakademi:

- Master of Philosophy

4.2

Utdanning som er normert til elleve semester:

4.2.1

Oppnådd grad ved norske universitet:

- cand.oecon.

- Master of Technology Management

- maritim kandidat

4.2.2

Eksamen/grad ved statlege og vitskaplege høgskolar:

Arkitekthøgskolen i Oslo:

- sivilarkitekt

Noregs veterinærhøgskole:

- cand.med.vet.

Noregs landbrukshøgskole:

- Master of Science

Høgskolen i Telemark

- Hovudfag i miljø- og helsevern

Høgskolen i Østfold:

- cand.scient.

4.3

Utdanning som er normert til tolv semester:

4.3.1

Oppnådd grad ved norske universitet:

- cand.jur.

- cand.med. Oslo, Bergen, Tromsø, Trondheim

- cand.philol.

- cand.polit.

- cand.sociol.

- kandidat i sjukepleievitskap

- cand.theol.

- 3. avd. spesialpedagogikk (hovudfag)

- Master of Technology Management

- cand.psychol. Trondheim

- cand.san.

- cand.ed.

4.3.2

Eksamen/grad ved vitskaplege og private høgskolar:

Menighetsfakultetet i Oslo:

- cand.theol.

- cand.philol.

Noregs handelshøgskole:

- cand.merc.

- cand.oecon.

(normering 12 semester gjeld kandidatar som starta utdanninga før hausten 2001)

Noregs idrettshøgskole:

- cand.scient.

Noregs musikkhøgskole:

- cand.musicae

- diplomeksamen

Norsk lærerakademi:

- cand.philol.

- cand.polit.

4.3.3

Grad/toårig hovudfagsutdanning som byggjer på cand.mag.-grad/adjunktkompetanse eller tilsvarande ved statlege og private høgskolar:

Høgskolen i Agder:

- cand.scient.

- cand.philol.

Høgskolen i Akershus:

- hovudfag i ernæring, helse og miljøfag

- hovudfag i yrkespedagogikk

Høgskolen i Bergen:

- hovudfag i musikkpedagogikk

- hovudfag i samfunnsfag

- cand.philol.

Høgskolen i Bodø:

- cand.merc.

(normering 12 semester gjeld kandidatar som starta utdanninga før hausten 2001)

- cand.polit.

Høgskolen i Buskerud:

- cand.merc.

(normering 12 semester gjeld kandidatar som starta utdanninga før hausten 2001)

Høgskolen i Lillehammer:

- cand.polit.

Høgskolen i Nord-Trøndelag:

- hovudfag i kroppsøving

Høgskolen i Oslo:

- hovudfag i forming

- hovudfag i barnehagepedagogikk

- hovudfag i fleirkulturell og utviklingsretta utdanning

- cand.polit.

Høgskolen i Stavanger:

- 3. avdeling (hovudfag) i spesialpedagogikk

- cand.polit.

- cand.ed.

Høgskolen i Telemark:

- hovudfag i forming

- cand.philol.

Høgskolen i Østfold:

- cand.philol.

Norsk lærerakademi:

- hovudfag i kristendom

- hovudfag i pedagogikk

4.4

Utdanning som er normert til tretten semester eller meir:

4.4.1

Eksamen/grad ved norske universitet:

- cand.jur. Oslo (gjeld kandidat som er registrert som student på 2. avd. eller

høgre avdeling i studiet før haustsemesteret 1993)

– cand.med. Bergen

– cand.paed.

– cand.psychol. Oslo, Bergen, Tromsø

– mag.art.

– cand.paed.spec. (4. avd. spesialpedagogikk)

4.4.2

Eksamen/grad ved privat høgskole:

Misjonshøgskolen i Stavanger:

- cand.theol.

5 EKSAMEN/GRAD FRÅ UNIVERSITET/HØGSKOLE I UTLANDET

5.1

Ordninga omfattar desse eksamenane/gradane frå universitet/høgskole i utlandet som har ei normert studietid på ti semester eller meir:

5.1.1

hovudfag/grad i andre nordiske land som tilsvarer eksamen/grad som er nemnd under punkt 4.1-4.4.2 ovanfor.

5.1.2

gradar frå land utanfor Norden som tilsvarer:

cand.med.

cand.med.vet.

sivilarkitekt

cand.odont.

cand.scient.

cand.pharm.

cand.agric.

andre gradar som tilsvarer og er likeverdige med norske gradar i punkt 4.1-4.4.2

N
I tvilstilfelle må søkjaren hente inn evaluering av utdanninga gjennom ein norsk faginstans.

N
Det kan bli gitt delvis ettergiving til:

- kandidat med utdanning frå utlandet som har fullført graden MBA eller Master of Science, når utdanninga til saman er normert til fem års studietid eller meir.
- kandidat som har fullført eittårig Master of Science-grad basert på fireårig universitets-/høgskolegrad eller har toårig MBA-grad basert på treårig universitets-/høgskolegrad.

Konsekvensen av dette er at også siviløkonomretta utdanning som blir avslutta med ein Master of Science/MBA og har fem års normering, blir omfatta av ordninga med ettergiving. Med normert studietid er her meint den formelle normerte studietida, og ikkje den tidsnormeringa som Lånekassen bruker ved tildeling av støtte.

Toårig cand.merc.-grad i Danmark vil etter dette vere omfatta av ordninga med delvis ettergiving. Graden har også nemninga Master of Science. Studiet er basert på treårig høgskole/universitetseksamen – ofte treårig HA-eksamen (den almene erhvervsøkonomiske uddannelse).

Søknader frå kandidatar med gradar frå andre land der den avsluttande graden både har den nasjonale nemninga og den utanlandske nemninga Master of Science, skal vurderast av regiondirektøren.

For utdanning frå USA kan gjennomført freshmanår (første året av eit Bachelor-program) bli rekna med i fem års normering. Det same gjeld eitt års høgare utdanning som har gitt opptak i sophomoreåret (andre året). For kandidatar som blei tekne opp i andre året direkte utan anna høgare utdanning etter vidaregåande skole, blir ikkje freshmanåret rekna med i normert studietid.

5.1.3

kiropraktorutdanning.

Andre gradar kan og bli vurderte for ettergiving når det gjeld kompetansegivande utdanning på høgt nivå som ikkje finst i Noreg, dersom utdanninga har ei normert tid på ti semester eller meir.

N
Kiropraktorutdanning i USA er normert til seks år når det gjeld ettergiving. I Storbritannia, Danmark og Australia er normeringa for ettergiving fem år.

N
Det er ein føresetnad at utdanninga ikkje er samansett av ulike studieretningar, men har ei heilskapleg fagleg oppbygging. Godkjende fagretningar (hittil): ernæringsfysiologi, tolk/translatørutdanning. Ettergivinga blir rekna i forhold til normert tid for studiet/fagkombinasjonen.

5.1.4

For eksamen/grad under 5.1.1 og 5.1.2 er det eit vilkår at samla studietid er normert til fem år eller meir. Dessutan er det eit vilkår at søkjaren ikkje har fått ettergitt lån tidlegare i utdanningsprogrammet.

5.1.5

For utdanningar i 5.1.1 og 5.1.2 kan Lånekassen ettergi eit beløp som tilsvarer det som gjeld for same utdanning i Noreg.

6 TIDSPUNKT FOR ETTERGIVING

6.1

Ettergiving etter reglane i punkt 4 og 5 vil gjelde frå første månadsskiftet etter at endeleg eksamen/grad er bestått. Låntakaren vil få ein betalingsplan som tek omsyn til ettergivinga.

7 SØKNAD OM ETTERGIVING

7.1

For søkjarar som tek graden i Noreg, vil Lånekassen hente inn opplysningar om endeleg eksamen/bestått grad direkte frå lærestaden.

Søknad om ettergiving av utdanningslån for studentar med utdanning frå utlandet skal skrivast på eigen blankett (blankett H). Søknaden må vere innkomen seinast seks månader etter at eksamen er avlagt.