Kap. II Støtte til søkjar som har rett til vidaregåande opplæring
1 KVEN SOM ER OMFATTA AV KAPITLET
1.1
Dette kapitlet gjeld for søkjar som søkjer støtte til vidaregåande opplæring som han/ho har rett til etter opplæringslova § 3-1. Dette kapitlet gjeld òg for søkjar som går direkte over i kurs for å få generell studiekompetanse etter avslutta vidaregåande opplæring.
Dette kapitlet gjeld òg for søkjar som tek opplæring tilsvarande vanleg vidaregåande opplæring utanfor Noreg.
N
Orientering om opplæringslova § 3-1:
Hovudinnhaldet er at all ungdom mellom 16 år og 19 år har lovfesta rett til tre års vidaregåande opplæring som kan føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller delkompetanse. Dersom opplæringstida varer lenger enn tre år, har eleven rett til å fullføre opplæringa i samsvar med læreplanen.
Søkjar bruker av retten når han/ho går på kurs som følgjer læreplanen for offentlege vidaregåande skolar. Dette inneber at søkjaren også bruker av retten ved private vidaregåande skolar som følgjer slike læreplanar.
Ved omval kan retten bli utvida med eitt år. Ein elev som tek det same året om igjen, får ikkje utvida retten. Søkjar bruker av retten sjølv om han sluttar i nokre fag, eller ikkje får bestått karakter.
Elevar som har rett til spesialundervisning, kan ha rett til vidaregåande opplæring i to år ekstra.
Heile retten må til vanleg takast ut innan fem år etter at grunnskolen er fullført, og innan seks år når opplæringa blir gitt i lærebedrift. For elevar som tek opplæringa på tre år, er det derfor rom for to "venteår" før eller under opplæringa.
N
Privatistar bruker ikkje av opplæringsretten. Privatistar er personar som går på skolar hvor det ikkje blir satt standpunktkarakterar.
N
Kapittel II gjeld også for søkjar som i samband med vanleg vidaregåande skole tek kurs for å få generell studiekompetanse.
Den lovfesta retten til vidaregåande opplæring skal føre fram til generell studiekompetanse eller yrkeskompetanse. Elevar som har oppnådd yrkeskompetanse, har brukt opp opplæringsretten sin. Desse elevane kan ta kurs for å få generell studiekompetanse. Allmennfagleg påbyggingskurs er retta mot elevar som har avbrote yrkesretta opplæring, og kurset blir normalt tatt innanfor opplæringsretten. Elevar som har brukt opp opplæringsretten, kan imidlertid også bli tatt opp i slike kurs.
Det er eit vilkår at eleven går direkte over i kurs for å få generell studiekompetanse. Dersom slike kurs tas med ein gong etter vanleg vidaregåande skole, skal eleven ha støtte etter kapittel II. Dersom eleven har eit opphald mellom vanleg vidaregåande skole og kurset, bli støtte gitt etter kapittel III.
N
Søkjar som tek kurs for å få generell studiekompetanse som privatist etter vanleg vidaregåande opplæring, får støtte etter kapittel II.
Dersom søkjaren har teke den vidaregåande opplæringa som privatist, og deretter tek studiekompetansekurs som privatist, blir støtte gitt etter kapittel III.
2 GRUNNSTIPEND, LÆREMIDDELSTIPEND OG LÅN
2.1
Det blir gitt eit grunnstipend for 2003-2004 på inntil kr 1 730 per månad.
2.2
Det blir gitt stipend til læremiddel for 2003-2004 på inntil kr 3 500 per skoleår. Stipendet blir utbetalt saman med første støtteterminen kvart halvår med inntil kr 1 750.
2.2.1
Stipend til bøker og materiell blir ikkje gitt til søkjar som får desse utgiftene betalte gjennom folketrygda eller gjennom andre ordningar.
2.3
Det blir gitt lån for 2003-2004 på inntil kr 1200 per månad for søkjar som ikkje bur hos foreldra, sjå punkt 7.2. For søkjar som bur hos foreldra blir det gitt lån på inntil kr 2400 per månad.
For søkjar som er gift, har vore gift, eller har barn å forsørgje og bur saman med barnet, blir det gitt eit lån på kr 1200 per månad.
3 BEHOVSPRØVING MOT ØKONOMIEN TIL FORSØRGJARANE
3.1
Stipenda i punkt 2 blir reduserte ved behovsprøving etter den samla inntekta og formuen til forsørgjarane (foreldre/steforeldre). Når frådraget skal reknast ut, bruker Lånekassen allmenn inntekt og nettoformue ved skattelikninga for 2001. Inntekt/formue i utlandet eller på Svalbard, som ikkje er med i likninga, skal også reknast med.
Tabellen i punkt 3.3 viser lånesatsane som er fastsette ut frå frådraget for forsørgjarinntekt og talet på sysken under 19 år.
N
Dersom foreldra ikkje har vore likna til Noreg, eller det ikkje kan skaffast dokumentasjon på annan måte, blir den noverande inntekta lagd til grunn.
3.1.1
For søkjar som er gift, har vore gift, eller har barn å forsørgje og bur saman med barnet, blir ikkje stipend og lån behovsprøvde etter punkt 3.
N
Stipenda blir ikkje behovsprøvde frå og med heile det semesteret søkjaren gifter seg eller får barn.
N
Søkjar som har barn og som sjølv mellombels bur borte frå barnet under utdanninga, får også stipenda rekna ut uten behovsprøving etter punkt 3.
3.1.2
Blir det dokumentert at brutto inntekt/formue til forsørgjarane i skoleåret er lågare enn i inntektsåret 2001, kan Lånekassen ta omsyn til det. Det blir ikkje teke omsyn til ein vanskeleg økonomisk situasjon på grunn av auka utgifter.
N
Begge forsørgjarane sin inntekt må vere dokumentert for at Lånekassen skal kunne ta omsyn til lågare inntekt enn i 2001.
N
Opplysningane må vere stadfesta av f.eks. arbeidsgivar, trygdekontor, sosialkontor e.l.
N
Denne framgangsmåten blir brukt for å komme fram til allmenn inntekt, som utgjer
grunnlaget for å rekne ut frådraget:
- Likningsopplysningane for 2001 må vere tilgjengelege/liggje føre.
- Når det ligg føre opplysningar om endra inntekt for forsørgjarane, må det hentast inn dokumentasjon på den eventuelle brutto inntekta/trygda/pensjonen/bidraget osv. per månad i skoleåret. Pensjon eller bidrag og minstebidrag til søkjaren og eventuelle sysken under aldersskiljet må også takast med. Dersom endringa skjer etter 31. desember, får søkjaren ny utrekning og ettertildeling berre for vårsemesteret.
- Samla bruttobeløp per år blir redusert med eit frådrag på 24 prosent - maksimum
kr 46 000. Det skal gjerast for kvar av forsørgjarane dersom begge har redusert inntekt.
- Etter dette frådraget blir restbeløpet redusert med 15 prosent.
- Dersom det beløpet ein kjem fram til, er større enn den samla skattbare inntekta til forsørgjarane i 2001, skal likningsopplysningane for 2001 brukast.
N
Når skattelikninga for 2002 ligg føre, kan forsørgjarane sin formue for dette året bli lagt til grunn.
3.1.3
Er foreldra skilde eller separerte, bruker Lånekassen likningstala til den av foreldra som søkjaren bur hos eller budde hos sist.
N
Er ekteskapet til foreldra oppløyst i 2001 eller seinare, kan ein bruke likningsopplysningane for dette året for den av forsørgjarane som har overteke hovudansvaret for søkjaren. Ligg det føre opplysningar om endringar i inntekta til den forsørgjaren som har hovudansvaret for søkjaren, skal den same regelen brukast som i nærmare reglar til punkt 3.1.2. Blir beløpet høgare enn forsørgjarinntekta på likningsattesten for 2001, skal likningsopplysningane brukast. Ved delt omsorg skal halvparten av den samla inntekta og formuen til begge foreldra leggjast til grunn.
N
Dersom søkjaren ikkje budde heime, eller flytta ut då separasjonen/skilsmissa fann stad, og søkjaren ikkje har budd saman med nokon av foreldra etterpå, skal inntekta og formuen på likningsattesten til foreldra delast i to. Det beløpet som då kjem fram, skal nyttast i behandlinga, om det ikkje er opplyst noko anna om forsørginga.
N
Når buforholda er mellombels eller uklare, men det er godtgjort at berre den eine av foreldra har hovudansvaret for søkjaren, kan inntekta og formuen til denne eine leggjast til grunn ved behandlinga.
3.1.4
Når søkjaren bur utanfor foreldreheimen, kan Lånekassen sjå bort frå inntekta og formuen til stemor/stefar når det er lagt fram opplysningar som gjer det rimeleg.
N
Dersom det ligg føre opplysningar om at ein søkjar som bur utanfor foreldreheimen, ikkje får tilskott frå stemor/stefar, kan ein sjå bort frå stemors/stefars inntekt og formue ved behovsprøvinga.
3.1.5
Lånekassen kan sjå heilt eller delvis bort frå inntekta/formuen til forsørgjarane når det er dokumentert at søkjaren ikkje kan få tilskott frå dei av særleg tyngjande sosiale grunnar, og det elles er rimeleg. Det blir til vanleg ikkje teke omsyn til endra økonomiske forhold på grunn av husbygging, kjøp av husvære o.l.
N
Lånekassen ser bort frå foreldreinntekta når foreldra er i frivillig eller tvungen rettsleg gjeldsordning. Namsretten skal orienterast om behandlingsresultatet.
3.2
Av forsørgjarane sin formue over kr 620 000 blir det rekna 10 prosent som tillegg til inntekta.
3.3
Tabellen viser frådrag og lånesats etter forsørgjarinntekt og talet på sysken under 19 år. Inntekta blir sett lik allmenn inntekt ved skattelikninga i 2001 med eventuelle tillegg etter punkt 3.2. Inntekta blir runda av ned til næraste heile 1 000 kroner.
| 1 barn |
2 barn |
3 barn |
4 barn |
5 barn |
Frådrag i kr per månad |
m/ sysken i utdanning |
Lånesats hjemmeb. |
Lånesats borteb. |
| 0–143 |
0–155 |
0–167 |
0–179 |
0–191 |
kr - |
kr - |
Kr 2400 |
Kr 1200 |
| 144–148 |
156–160 |
168–172 |
180–184 |
192–196 |
kr 50 |
kr 40 |
Kr 2400 |
Kr 1200 |
| 149–153 |
161–165 |
173–177 |
185–189 |
197–201 |
kr 100 |
kr 80 |
Kr 2400 |
Kr 1200 |
| 154–158 |
166–170 |
178–182 |
190–194 |
202–206 |
kr 150 |
kr 120 |
Kr 2400 |
Kr 1200 |
| 159–163 |
171–175 |
183–187 |
195–199 |
207–211 |
kr 200 |
kr 160 |
Kr 2400 |
Kr 1200 |
| 164–168 |
176–180 |
188–192 |
200–204 |
212–216 |
kr 250 |
kr 200 |
Kr 2400 |
Kr 1200 |
| 169–173 |
181–185 |
193–197 |
205–209 |
217–221 |
kr 300 |
kr 240 |
Kr 2400 |
Kr 1200 |
| 174–178 |
186–190 |
198–202 |
210–214 |
222–226 |
kr 350 |
kr 280 |
Kr 2400 |
Kr 1200 |
| 179–183 |
191–195 |
203–207 |
215–219 |
227–231 |
kr 400 |
kr 320 |
Kr 2400 |
Kr 1200 |
| 184–188 |
196–200 |
208–212 |
220–224 |
232–236 |
kr 450 |
kr 360 |
Kr 2400 |
Kr 1200 |
| 189–193 |
201–205 |
213–217 |
225–229 |
237–241 |
kr 500 |
kr 400 |
Kr 2400 |
Kr 1200 |
| 194–198 |
206–210 |
218–222 |
230–234 |
242–246 |
kr 550 |
kr 440 |
Kr 2400 |
Kr 1200 |
| 199–203 |
211–215 |
223–227 |
235–239 |
247–251 |
kr 600 |
kr 480 |
Kr 2400 |
Kr 1200 |
| 204–208 |
216–220 |
228–232 |
240–244 |
252–256 |
kr 650 |
kr 520 |
Kr 2400 |
Kr 1200 |
| 209–213 |
221–225 |
233–237 |
245–249 |
257–261 |
kr 700 |
kr 560 |
Kr 2350 |
Kr 1140 |
| 214–218 |
226–230 |
238–242 |
250–254 |
262–266 |
kr 750 |
kr 600 |
Kr 2300 |
Kr 1090 |
| 219–223 |
231–235 |
243–247 |
255–259 |
267–271 |
kr 800 |
kr 640 |
Kr 2250 |
Kr 1040 |
| 224–228 |
236–240 |
248–252 |
260–264 |
272–276 |
kr 850 |
kr 680 |
Kr 2150 |
Kr 940 |
| 229–233 |
241–245 |
253–257 |
265–269 |
277–281 |
kr 900 |
kr 720 |
Kr 2050 |
Kr 840 |
| 234–238 |
246–250 |
258–262 |
270–274 |
282–286 |
kr 950 |
kr 760 |
Kr 1950 |
Kr 740 |
| 239–243 |
251–255 |
263–267 |
275–279 |
287–291 |
kr 1 000 |
kr 800 |
Kr 1850 |
Kr 640 |
| 244–248 |
256–260 |
268–272 |
280–284 |
292–296 |
kr 1 050 |
kr 840 |
Kr 1750 |
Kr 540 |
| 249–253 |
261–265 |
273–277 |
285–289 |
297–301 |
kr 1 100 |
kr 880 |
Kr 1650 |
Kr 440 |
| 254–258 |
266–270 |
278–282 |
290–294 |
302–306 |
kr 1 200 |
kr 960 |
Kr 1600 |
Kr 390 |
| 259–263 |
271–275 |
283–287 |
295–299 |
307–311 |
kr 1 300 |
kr 1 040 |
Kr 1550 |
Kr 340 |
| 264–268 |
276–280 |
288–292 |
300–304 |
312–316 |
kr 1 400 |
kr 1 120 |
Kr 1500 |
Kr 290 |
| 269–273 |
281–285 |
293–297 |
305–309 |
317–321 |
kr 1 500 |
kr 1 200 |
Kr 1450 |
Kr 240 |
| 274–278 |
286–290 |
298–302 |
310–314 |
322–326 |
kr 1 600 |
kr 1 280 |
Kr 1400 |
Kr 190 |
| 279–283 |
291–295 |
303–307 |
315–319 |
327–331 |
kr 1 750 |
kr 1 400 |
Kr 1400 |
Kr 190 |
| 284–288 |
296–300 |
308–312 |
320–324 |
332–336 |
kr 1 900 |
kr 1 520 |
Kr 1400 |
Kr 190 |
| 289–293 |
301–305 |
313–317 |
325–329 |
337–341 |
kr 2 050 |
kr 1 640 |
Kr 1400 |
Kr 190 |
| 294–298 |
306–310 |
318–322 |
330–334 |
342–346 |
kr 2 200 |
kr 1 760 |
Kr 1280 |
Kr 70 |
| 299–303 |
311–315 |
323–327 |
335–339 |
347–351 |
kr 2 350 |
kr 1 880 |
Kr 1130 |
Kr 0 |
| 304–308 |
316–320 |
328–332 |
340–344 |
352–356 |
kr 2 500 |
kr 2 000 |
Kr 980 |
Kr 0 |
| 309–313 |
321–325 |
333–337 |
345–349 |
357–361 |
kr 2 650 |
kr 2 120 |
Kr 830 |
Kr 0 |
| 314–318 |
326–330 |
338–342 |
350–354 |
362–366 |
kr 2 800 |
kr 2 240 |
Kr 680 |
Kr 0 |
| 319–323 |
331–335 |
343–347 |
355–359 |
367–371 |
kr 2 950 |
kr 2 360 |
Kr 530 |
Kr 0 |
| 324–328 |
336–340 |
348–352 |
360–364 |
372–376 |
kr 3 100 |
kr 2 480 |
Kr 380 |
Kr 0 |
| 329–333 |
341–345 |
353–357 |
365–369 |
377–381 |
kr 3 250 |
kr 2 600 |
Kr 230 |
Kr 0 |
| 334–338 |
346–350 |
358–362 |
370–374 |
382–386 |
kr 3 400 |
kr 2 720 |
Kr 80 |
Kr 0 |
| 339–343 |
351–355 |
363–367 |
375–379 |
387–391 |
kr 3 550 |
kr 2 840 |
Kr 0 |
Kr 0 |
| 344–348 |
356–360 |
368–372 |
380–384 |
392–396 |
kr 3 700 |
kr 2 960 |
Kr 0 |
Kr 0 |
| 349–353 |
361–365 |
373–377 |
385–389 |
397–401 |
kr 3 850 |
kr 3 080 |
Kr 0 |
Kr 0 |
| 354–358 |
366–370 |
378–382 |
390–394 |
402–406 |
kr 4 000 |
kr 3 200 |
Kr 0 |
Kr 0 |
| 359–363 |
371–375 |
383–387 |
395–399 |
407–411 |
kr 4 150 |
kr 3 320 |
Kr 0 |
Kr 0 |
| 364–368 |
376–380 |
388–392 |
400–404 |
412–416 |
kr 4 300 |
kr 3 440 |
Kr 0 |
Kr 0 |
| 369–373 |
381–385 |
393–397 |
405–409 |
417–421 |
kr 4 450 |
kr 3 560 |
Kr 0 |
Kr 0 |
| 374–378 |
386–390 |
398–402 |
410–414 |
422–426 |
kr 4 600 |
kr 3 680 |
Kr 0 |
Kr 0 |
| 379–383 |
391–395 |
403–407 |
415–419 |
427–431 |
kr 4 750 |
kr 3 800 |
Kr 0 |
Kr 0 |
| 384–388 |
396–400 |
408–412 |
420–424 |
432–436 |
kr 4 900 |
kr 3 920 |
Kr 0 |
Kr 0 |
| 389–393 |
401–405 |
413–417 |
425–429 |
437–441 |
kr 5 050 |
kr 4 040 |
Kr 0 |
Kr 0 |
| 394–398 |
406–410 |
418–422 |
430–434 |
442–446 |
kr 5 200 |
kr 4 160 |
Kr 0 |
Kr 0 |
| 399–403 |
411–415 |
423–427 |
435–439 |
447–451 |
kr 5 350 |
kr 4 280 |
Kr 0 |
Kr 0 |
| 404–408 |
416–420 |
428–432 |
440–444 |
452–456 |
kr 5 500 |
kr 4 400 |
Kr 0 |
Kr 0 |
| 409–413 |
421–425 |
433–437 |
445–449 |
457–461 |
kr 5 650 |
kr 4 520 |
Kr 0 |
Kr 0 |
| osv. |
osv. |
osv. |
osv. |
osv. |
osv. |
osv. |
osv. |
osv. |
3.3.1
Er det fleire sysken som er i vanleg vidaregåande opplæring med rett til støtte samtidig, blir frådraget for kvart barn sett til 80 prosent av det frådraget som går fram av tabellen.
N
Syskena til søkjaren treng ikkje sjølv ha rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1.
4 FORSØRGJARSTIPEND
4.1
Søkjar kan få forsørgjarstipend for barn fødde i 1988 og seinare. Det blir gitt opptil kr 1 290 per månad for kvart av dei to første barna, og opptil kr 830 per månad for kvart barn fleire enn to. Forsørgjarstipendet til gift søkjar blir redusert med 60 prosent av ektefellen si bruttoinntekt over kr 19 020 per månad. Er begge ektefellane i utdanning som det kan bli gitt støtte til, blir det sett bort frå inntekta til ektefellen.
N
Det blir gitt forsørgjarstipend berre for barn søkjaren bor saman med. Dette gjeld òg for særkullsbarn som sambuaren/ektefellen til søkjaren har.
N
Forsørgjarstipend blir gitt frå same tidspunktet som ved fødselsstipend, det vil seie frå ca tre veker før fødselen.
N
Ved behandlinga av søknad om forsørgjarstipend blir det kravd dokumentasjon på inntekta til ektefellen/sambuaren.
Med bruttoinntekt er meint all skattepliktig inntekt ektefellen har.
Dersom inntekta til ektefellen varierer, blir det rekna med gjennomsnittet per semester. Frådraget blir rekna ut frå dette gjennomsnittsbeløpet.
N
Forsørgjarstipend kan òg blir gitt til søkjar som kan dokumentere minst 40 prosent samvær med barnet.
4.1.1
Det kan ikkje bli gitt forsørgjarstipend for barn søkjaren er pliktig å betale bidrag for.
N
Søkjar som har mindre enn 40 prosent samvær med barnet får ikkje forsørgjarstipend.
5 BEHOVSPRØVING MOT EIGEN ØKONOMI
5.1
Stipenda i punkta 2 og 4 blir reduserte på grunnlag av eiga arbeidsinnekt i søknadsperioden. Dersom inntekta varierer, blir gjennomsnittleg månadsinnekt per semester brukt. Av bruttoinntekt over kr 5 695 per månad går 60 prosent til frådrag. Som arbeidsinntekt blir rekna inntekt av arbeid som ikkje går inn i undervisningsplanen.
N
Det blir sett bort frå feriepengar ved berekning av trekk, uavhengig av utbetalingstidspunkt.
N
Det blir sett bort frå ytelser som gjeld dei to sommermånadene. Det er oppteningsperioden som blir lagt til grunn, ikkje utbetalingstidspunktet. Perioden må dokumenterast.
N
Når søkjaren har hatt støtte i heile kalenderåret 2001 og det går fram av likningsattesten for det året at søkjaren har hatt ei inntekt over fribeløpet som er høgare enn det søkjaren har oppgitt i søknaden til Lånekassen, kan Lånekassen krevje beløpet tilbakebetalt - jf. kap. I punkt 15.1. Det vil til vanleg skje ved at Lånekassen reduserer støtta for 2003-2004.
5.2
Stipenda i punkta 2 og 4 blir reduserte på grunnlag av lærlinglønn og/eller trygde- og pensjonsytingar i søknadsperioden. Av slik inntekt går 60 prosent av bruttobeløpet til frådrag. Dersom inntekta varierer, blir gjennomsnittleg månadsinntekt per semester brukt. Om tilskott til opphaldsutgifter frå folketrygda, sjå kap. I punkt 12.
N
Bidrag til søkjaren blir rekna som foreldreinntekt.
N
Lånekassen ser bort frå barnepensjon på inntil kr 4 514 per månad (grunnbeløpet i folketrygda) som søkjaren får når begge foreldra er døde. Pensjon over kr 4 514 per månad blir rekna som arbeidsinntekt. (Det blir då gitt eit fribeløp på kr 5 695 i tillegg.)
N
Barnepensjon som blir gitt når den eine av foreldra er død, blir rekna som foreldreinntekt.
N
Det blir sett bort frå nedkomststønad (eingongsutbetaling ved fødsel).
N
Det blir sett bort frå den delen av attføringsstønaden som ein bidragspliktig søkjar får til å dekkje bidraget, dersom dette går fram av stønadsbrevet.
5.2.1
Kommunal eller statleg bustøtte og støtte frå folketrygda som skal dekkje ekstra utgifter på grunn av sjukdom, skade eller lyte, påverkar ikkje støttebeløpet.
5.3
Har søkjaren ein formue på meir enn kr 207 000 ved skattelikninga for 2001, går to prosent per månad til frådrag (det vil seie 20 prosent når undervisningsåret varer i ti månader). Når skattelikninga for 2002 ligg føre, kan søkjaren be om at formuen for dette året blir lagd til grunn.
5.4
Av formuen til gift søkjar, det vil seie formuen til søkjaren og ektefellen, over kr 400 000 ved skattelikninga for 2001 går ein prosent per månad til frådrag (det vil seie ti prosent når undervisningsåret varer i ti månader). Sjå likevel punkt 5.3, siste setning. Lånekassen kan sjå bort frå formue som ektefellen til søkjaren har i særeige.
N
At ektefellen har hatt formuen med seg inn i ekteskapet, gir i seg sjølv ikkje grunnlag for å sjå bort frå formuen eller gi høgare fribeløp. Særeige må dokumenterast ved kopi av tinglyst ektepakt. Dersom ektepakten ikkje er tinglyst, må søkjaren leggje fram ektepakt som er underskriven av ektefellene og to vitner.
N
Sambuarar kan ikkje ha særeige, og støtta må derfor behovsprøvast etter formuen til sambuaren. Det kan bli gjort unntak ved særeieliknande forhold.
N
Lånekassen kan vurdere å redusere ein netto positiv formue til den eine av sambuarane med ein eventuell netto negativ formue til den andre. For at den samla netto formuen skal kunne bli vurdert, må utskrift av likninga for det aktuelle likningsåret liggje føre.
N
Dersom det blir dokumentert at ein del av den formuen som kjem fram på likningsattesten, tilhøyrer barna til søkjaren, for eksempel slik at formuen blir disponert av Overformynderiet, skal Lånekassen sjå bort frå denne delen når formuen blir fastsett.
5.5
Lånet i punkt 2.3 blir ikkje redusert ved behovsprøving etter søkjar sin eigen økonomi.
6 UTREKNINGA AV STIPENDET
6.1
Behovsprøvinga skjer i følgjande rekkjefølgje:
– grunnstipend
– læremiddelstipend
– forsørgjarstipend
7 BUSTIPEND
7.1
Det blir gitt stipend som tilskott til bukostnader for 2003-2004 med kr 3 450 per månad når søkjaren fyller vilkåra i punkt 7.2. Bustipendet blir ikkje behovsprøvd etter punkta 3 og 5.
7.2
Søkjarar som ikkje bur hos foreldra, får bustipend når reisetida mellom foreldreheimen og skolen er tre timar eller meir samla per dag, eller avstanden er 40 km eller meir.
N
Søkjaren skal kunne følgje den undervisninga som er fastsett i den ordinære timeplanen. Reisetida blir rekna etter dei ruteavgangane som er aktuelle. Det blir teke omsyn til gangtid og ventetid undervegs. Gangtida blir rekna med 15 minutt per km. Ventetida før og etter ordinær skoletid blir rekna med i reisetida.
N
Sjølv om foreldreheimen til søkjaren ligg mindre enn tre timars reisetid tur-retur/40 km reiseavstand ein veg frå lærestaden, kan det bli gitt bustipend når:
- rutetidene er slik at søkjaren ville ha komme for seint til den reglementerte undervisninga dersom han skulle ha budd heime
- søkjaren må bu borte på grunn av særleg vanskeleg kommunikasjon (gjeld også om det er vanskar berre delar av året)
N
Søkjarar som bur borte berre nokre dagar i veka, og som elles fyller vilkåra for bustipend, kan få bustipend etter kor mange døgn dei bur borte. Eks.: To netter borte gir 2/5 bustipend.
N
Avstanden blir rekna på grunnlag av opplysningane i dei aktuelle rutetabellane.
7.2.1
Søkjarar som er gift, har vore gift, eller har barn å forsørgje og bur saman med barnet, kan få bustipend sjølv om dei bur hos foreldra.
N
Søkjar som kan dokumentere samvær med barnet på minst 40 prosent, er omfatta av regelen, sjå punkt 4.
7.2.2
Bustipend kan også bli gitt når søkjaren må bu utanfor foreldreheimen på grunn av andre særlege forhold.
N
Særlege forhold kan vere:
- sosiale forhold, f.eks. alvorlege konfliktar i heimen som gjer at søkjaren vil bli hindra i å gjennomføre utdanninga. Konfliktar og usemje som blir sett på som vanleg mellom sysken eller mellom barn og foreldre er ikkje omfatta.
- at foreldreheimen er så trang at søkjaren blir hindra i å gjennomføre utdanninga. Samla buareal må takast med i vurderinga.
- at søkjaren bur i den tidlegare foreldreheimen etter at foreldra har flytta til eit anna distrikt i landet eller til utlandet
- at foreldra til søkjaren er skilde og forholda er slik at søkjaren ikkje kan bu hos nokon av dei
- at søkjaren må bu borte på grunn av sjukdom eller funksjonshemming
- at søkjaren og ein av foreldra bur saman medan dei begge er i utdanning og av den grunn mellombels bur borte frå den ordinære bustaden
7.3
Søkjar som får støtte frå folketrygda kan ikkje få bustipend når støtta er meint å dekkje alle nødvendige utgifter til skolegangen.
8 REISESTIPEND
8.1
I tillegg til støttebeløpet kan det bli gitt reisestipend til tre reiser turretur for eit heilt skoleår (ti månader) mellom foreldreheimen i Noreg og skolestaden. Stipendet blir gitt som tilskott etter satsane i Lånekassen. Endringar i moderasjonsordningar frå 1. januar 2002 vil ikkje påverke storleiken på reisestipend i skoleåret 2003-2004. Det blir gjort eit frådrag på kr 970 per skoleår som søkjaren må dekkje sjølv. Søkjar som bur i foreldreheimen, kan ikkje få reisestipend. Søkjar som får støtte til fjernundervisning etter kap. I punkt 4.4, kan få reisestipend når det er lagt inn obligatorisk klasseromsundervisning som ein del av opplegget.
N
Reisestipendet blir rekna per månad. Beløpet per månad blir avrunda oppover til nærmaste heile ti kroner. Ved utrekning av reisestipend blir månadssatsen multiplisert med talet på månader i søknadsperioden.
(Dette gjeld også når søkjaren får støtte til utvida undervisningsår.)
N
Ved reiser til eit anna nordisk land blir eigendelen trekt frå dei totale reisekostnadene.
N
Når det er dokumentert at foreldra er i utdanning og av den grunn har ei mellombels adresse i søknadsperioden, kan reisestipendet bli rekna til den permanente adressa til foreldra.
N
Er foreldra busette i utlandet (har inga adresse i Noreg), kan det ikkje bli gitt reisestipend, heller ikkje til grensestasjon i Noreg (Oslo).
N
Når foreldra er skilte eller separerte, blir det rekna reisestipend til den av foreldra søkjaren blir behovsprøvd mot. Bur søkjaren ikkje hos foreldra og blir behovsprøvd etter gjennomsnittet av foreldreinntekta (sjå andre N til punkt 5.1.2), blir reisestipendet rekna til den av foreldra søkjaren har oppgitt adressa til.
N
Det blir gitt reisestipend når søkjaren bur mellombels hos ein av foreldra under utdanninga, sjølv om det er hos den andre av foreldra søkjaren normalt bur hos/er behovsprøvd mot.
8.1.1
Det gjeld særlege reglar for tilskott til reiser til land utanfor Norden, sjå kap. V punkt 7.
8.1.2
Det kan ikkje bli gitt reisestipend til søkjar som får dekt reiser gjennom folketrygda eller andre ordningar.
9 STØTTE SOM BERRE BLIR GITT SOM LÅN
9.1
Det blir gitt lån til skolepengar, til vanleg avgrensa til kr 20 860 per skoleår. Det blir ikkje gitt lån til skolepengar dersom desse er dekt av andre.
9.1.1
Det blir ikkje gitt støtte til skolepengar i land utanfor Norden, sjå kap. V punkt 6.
10 MINSTEBELØP
10.1
Det blir ikkje gitt lån på under kr 100 eller berre stipend på under kr 50 per månad.