Forsørgjarstipend

Bur du saman med barn født i 1991 eller seinare som du forsørgjer, kan du få forsørgjarstipend.

Forsørgjarstipendet er opptil 1 290 kroner per månad for kvart av dei to første barna, og opptil 830 kroner per månad for kvart barn fleire enn to. Bruk støttekalkulatoren til å rekne ut kor mykje du kan få.

Du må ha minst 40 prosent samvær med barnet for å få forsørgjarstipend.

Legg ved fødselsattest for barnet/barna første gongen du søkjer om stipend og lån.

Behovsprøving etter inntekta til ektefelle, sambuar eller partnar 

Er du gift, sambuar med felles barn eller registrert partnar, vil forsørgjarstipendet vere avhengig av kor stor inntekt ektefellen/sambuaren/partnaren din har. Forsørgjarstipendet blir redusert med 60 prosent av det han/ho har over 21 290 kroner i bruttoinntekt per månad. Dette gjeld sjølv om ektefellen/sambuaren/partnaren din er i utdanning vi kan gi støtte til.

Behovsprøving mot inntekta og formuen din

Forsørgjarstipendet blir behovsprøvd mot inntekta og formuen din når likninga er klar. Alle blir kontrolleret. Les meir om inntekt og formue.

Døme på forsørgjarstipend

Tabellen under viser nokre døme på kor mykje forsørgjarstipend du kan få.

 

Forsørgjarstipend per månad

Ektefelleinntekt per månad

1 barn

2 barn

3 barn

under kr 21 290 kr 1 290 kr 2 580 kr 3 410
kr 23 500 kr        0 kr 1 254 kr 2 084
kr 25 000 kr        0 kr    354 kr 1 184
kr 27 000 eller meir kr        0 kr        0 kr        0