Reisestipend

Er du 25 år eller yngre (fødd i 1981 eller seinare) og må flytte heimanfrå for å ta utdanning, kan du få reisestipend.

Reisestipendet blir rekna mellom heimstaden din i Noreg (folkeregistrert adresse) og lærestaden. Reisestipendet er eit tilskott til to tur-retur-reiser i løpet av studieåret. Ein eigendel på 2 010 kroner blir trekt frå. Maksimalt reisestipend er 7 000 kroner for eit heilt studieår.

Er du over 25 år (fødd i 1980 eller før), får du reisestipend berre dersom du studerer i land utanfor Norden.

Reisestipendet blir automatisk rekna ut når du søkjer om stipend eller lån.

For utanlandske kvotestudentar gjeld det egne reglar for reisestipend.