
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Rettleiing for deklarering til Produktregisteret
3. Generelt om produktdeklarering
3.1 Lovheimel
3.2 Kva produkt skal det sendast inn opplysningar om?
3.3 Kven skal sende inn opplysningar?
3.4 Kva opplysningar skal ein gi?
3.5 Brukarinstitusjonane
3.6 Unntak frå deklarasjonsplikta
3.7 Endringar som krev melding til Produktregisteret
3.8 Årleg oppdatering
4. Utfylling av deklarasjonsskjemaet
4.1 Felt 1-9 og 13 Administrative opplysningar
4.2 Felt 10 Komponentar i samansetninga
4.3 Felt 11 Fysikalske data
4.4 Felt 12 Annan relevant informasjon
5. Kvittering og deklarasjonsnummer
5.1 Deklarasjonsnummer (PRN-nr.)
5.2 Årleg hovudkvittering
Vedlegg:
Vedlegg 1 §§ 21 og 22 i Merkeforskrifta og mikrobiologiforskrifta §4
Vedlegg 2 Forenkla deklarering
Vedlegg 3 Deklarasjonsskjema
Vedlegg 4 Rutinar for tryggleik
Vedlegg 5 Brukarinstitusjonane
Vedlegg 6 Bransjekoder (NACE)
Vedlegg 7 Produkttypekoder (UCN)
1. Forord
Produktregisteret er styresmaktenes sentrale register over kjemiske stoff og produkt (stoffblandingar) som blir omsett i Noreg, i rettleiinga blir fellesnamnet kjemiske produkt nytta (sjå pkt. 2). Opplysningane i Produktregisteret gir myndigheitene oversikt over dei kjemiske stoffa som vert brukt i Noreg.
Produktregisteret er ei einheit i Statens Forureiningstilsyn (SFTs) avdeling for kjemikaliar og lokalmiljø.
Produktregisteret skal ha opplysning om kjemiske produkt som skal deklarerast i medhald av § 21 i forskrifter om klassifisering og merking av farlege kjemikal (Merkeforskrifta) (vedlegg 1). Denne rettleiinga er i hovudsak laga for verksemder som deklarerer i medhald av denne forskrifta. Forskrifta omfattar verksemder som i Noreg produserer, importerer og/eller omsett for yrkesmessig eller privat bruk 100 kg eller meir pr. år av eit kjemisk produkt som er klassifisert i ein av fareklassene i merkeforskriftas § 6.
Det er deklarasjonsplikt for verksemder som produserer, importerer og/eller omsett produkt som kjem innunder forskrift om deklarering og merking av mikrobiologiske produkt.
I tillegg er det meldeplikt til Produktregisteret i medhald av § 31 i forskrift om godkjenning av biocid og biocidprodukt (Biocidforskrifta).
Det er òg moglegheit for frivillig deklarering av produkt
Data frå Produktregisteret vert brukte til:
- Styresmaktenes kontroll av produktmerking (faremerking) og kjemikaliedokumentasjon
- Risikoanalysar knytte til kjemiske stoff- eller produkttypar
- Å lage statistikk for styresmaktene og kontrollere omsetninga av kjemiske stoff som Noreg har inngått internasjonale avtaler om
- Data i Produktregisteret dannar grunnlag for Giftinformasjonens råd og rettleiing i samband med akutte forgiftingar.
For firma som produserer/omsett kjemiske produkt er det ein fordel at det er eit sentralt register som samlar opplysningane som blir brukt av mange ulike styresmakter. Det gir moglegheit for å halde eit svært høgt tryggleiksnivå, slik at den som sender inn sensitiv produktinformasjon skal vere trygg på at informasjonen vert oppbevart sikkert og at den ikkje blir misbrukt.
Offentleg informasjon om deklarasjonspliktige kjemiske produkt er tilgjengeleg på Produktinformasjonsbanken (PIB) www.pib.no. Leverandørar av kjemikal vert inviterte til å laste opp tilknytte HMS-datablad. Det oppfordrast til at leverandørar òg legg inn informasjon og HMS-datablad for produkt som ikkje er registrerte i Produktregisteret.
PIB skal vere den offentlege nettstaden for effektiv utveksling av kjemikalinformasjon. Føremålet er å effektivisere formidlinga av informasjon mellom produsentar og importørar av kjemikaliar, profesjonelle brukarar, vanlege forbrukarar og offentlege instansar, samstundes som helse- og miljøinformasjon om kjemikaliar skal bli lettare tilgjengeleg.
2. Definisjonar
- CAS-nr.: Det identifikasjonsnummer som er gitt eit stoff i Chemical Abstract Service.
- Deklarasjonsnummer (PRN-nummer): Eit eintydig registreringsnummer for eit produkt som er fullstendig deklarert iht. denne rettleiinga. Nummeret har gyldigheit så lenge produktet blir oppdatert. Eit deklarasjonsnummer er eit spesifikk samband mellom eit firma og eit produkt. Disse PRN-nummera kan finnast ved oppslag i den WEB-baserte produktdatabasen på www.pib.no.
- EC-nr.: Det identifikasjonsnummeret som er gitt for stoffet i EØS-området. EC-nr. for stoffet er gitt i EINECS eller i ELINCS. EC-nr. er pliktig å oppgi i deklarasjonen.
- Eksport: I denne rettleiinga blir eksport nytta som ei fellesnemning for all utførsel frå Noreg. Det vil seie at vi ikkje skil mellom utførsel til land innan/utanfor EØS-området.
- Faremerking: I denne samanhengen er merkinga avgrensa til å gjelde R-setningar og farekode(r).
- Farlege kjemikaliar: Kjemiske stoff og stoffblandingar som kan føre til helse-, miljø-, brann- eller eksplosjonsfare.
- Identifikasjonsnr: I denne rettleiinga blir identifikasjonsnummer (ID-nummer) definert som CAS-nummer , EC-nummer eller Produktregisterets P- eller PRN-nummer.
- Importør: I denne rettleiinga blir importør definert som det første ledd i Noreg som innfører eit gitt produkt. Firma må ha norsk adresse og vere registrert i Brønnøysund-registeret (er momspliktig i Noreg). Sml. omsettarbegrepet (sjå definisjon på omsettar).
- Innført mengd: Mengd (oppgitt i tonn) av produktet som deklarasjonsansvarleg firma (oppgitt i felt 1 på deklarasjonsskjemaet) tek inn til Noreg pr. år. Det er ingen skilnad om produktet kjem frå EØS-land eller frå land utanfor EØS-området.
- Kjemiske produkt: I denne rettleiinga blir kjemiske produkt definerte som ei felles nemning for stoff og stoffblandingar. Av praktiske årsaker blir denne nemninga brukt i staden for kjemikaliar i deklarasjonssamanheng.
- Kjemiske stoff: Grunnstoff og deira kjemiske samband med andre grunnstoff, slik dei finst naturleg eller industrielt framstilt. Dette omfattar også dei tilsetjingsstoffa som er nødvendige for å bevare stabiliteten i stoffa, og slike ureinskapar som kjem av den produksjonsprosessen som blir nytta, unnateke løysemiddel som kan skiljast utan at det påverkar stabiliteten i stoffet eller endrar samansetninga i det.
- Klassifisering: Innplassering av eit stoff i fareklasser og R-setningar ut frå ibuande eigenskapar (sjå forskrift om liste over farlege stoff - stofflista). Klassifiseringa av dei enkelte komponentane i eit produkt dannar grunnlaget for merkinga av produktet.
- Komponentar: Nytta som fellesnemning for stoff og råvarer i samansetninga til eit produkt.
- Kunde(liste): Det eller dei firma som importerer eit produkt frå utlandet når utanlandsk firma står som deklarasjonsansvarlig.
- Merkeforskrift: Samlenemning for forskrift om klassifisering, merking osv. av farlege kjemikaliar, med tilhøyrande forskrifter.
- Mikrobiologiske produkt: Råvare, hjelpestoff, halvfabrikat og ferdig vare av alle slag som består av eller inneheld mikroorganismar for spesifikke bruk, blant anna for sanitærreingjøring, luktfjerning, avløprensing, nedbryting av fett eller opprensing av oljespill og forureina grunn m.v. Produktet kan også innehalde andre stoff som overflateaktive stoff, luktemner, enzym, mineralnæring, salt eller andre kjemiske stoff.
- Namnebyte: Kjøp av eit produkt i Noreg for vidare sal under eit anna handelsnamn. Namnebyte fell inn under definisjonen til produsenten.
- Note: Notane refererer til spesielle reglar, og merknader knytte til spesifikke stoff gitt i forskrift om stoffliste.
- Omsettar: Den som bringar eit kjemisk produkt i omsetning på den norske marknaden anten ved produksjon i Noreg eller ved innførsel til Noreg, blant anna det som blir teke direkte inn til yrkesmessig bruk. Det vil hovudsakleg vere den som er første ledd i omsetninga i Noreg som er deklarasjonspliktig. Dei andre omsetningsledda har likevel eit kontrollansvar.
- Polymer: Eit kjemisk stoff som er karakterisert ved at det er danna ved ei samenkopling av ein eller fleire monomere einingar. Det skal bestå av eit enkelt vektfleirtal av molekylar som inneheld minst 3 monomere einingar som er kovalent bunden til minst éin annen monomer eller reaktant, og skal bestå av mindre enn eit enkelt vektfleirtal av molekylar med same molekylvekt. Molekylane har ei molekylvektsfordeling der forskjellane i molekylvekt hovudsakelig kjem av forskjellane i talet på monomere einingar. Med ”monomer eining” skal ein her forstå ein monomers form i ein polymer etter reaksjon.
- Produktnummer (P-nummer): Eit eintydig registreringsnummer for eit produkt som er under deklarasjonsbehandling. Eit produktnummer er ein spesifikk knyting mellom eit firma og eit produkt. Disse P-nummera kan finnast ved oppslag i den WEB-baserte produktdatabasen på www.pib.no.
- Produkttype: Ei beskriving av det kjemiske produktets funksjon definert ved kodesettet UCN, sjå vedlegg 7.
- Produsent: I denne rettleiinga blir produsenten definert som den som produserer eit gitt produkt.
- Råvarer: Produkt med handelsnamn og eige PRN-nummer som inngår som komponentar i eit anna produkt. Desse råvarene må deklarerast separat frå produsent. P-/PRN-numrene til disse produkta kan finnast ved oppslag i den WEB-baserte produktdatabasen på www.pib.no.
- Stoffblandingar: Blandingar eller oppløysningar som er samansette av to eller fleire kjemiske stoff
3. Generelt om produktdeklarering
3.1 Lovheimel
Produktkontrollova, Arbeidsmiljølova, lov om eksplosive varer og lov om brannfarlege varer er heimel for forskrift om klassifisering, merking osv. av farlege kjemikal (heretter kalla Merkeforskrifta), produktkontrollova er heimel for forskrift om deklarering og merking av mikrobiologiske produkt, og Produktkontrollova og Arbeidsmiljølova er heimel for forskrift om godkjenning av biocid og biocidprodukt (Biocidforskrifta).
Desse forskriftene gir detaljerte reglar for deklarering til Produktregisteret, sjå vedlegg 1, Produktkontrollova § 5 og Arbeidsmiljølova § 18.
Om produktet ikkje er klassifiseringspliktig, må dette gå fram med teksten vurdert ikkje klassifiseringspliktig eller liknande.
Det er ein føresetnad at brukaren av rettleiinga er kjend med desse lovane og forskriftene.
3.1.1 Tryggleiken i Produktregisteret
Tryggleiken i Produktregisteret baserer seg på instruks for behandling av dokumenter som treng vern av andre grunnar enn nemnt i Tryggleiksloven med forskrifter (Tryggingsinstruksen).
På bakgrunn av dette fastsette Miljøverndepartementet den 14. april 2005 "Rutiner for sikkerheten i Produktregisteret og for virksomheter som bruker beskyttelsesgradert informasjon fra Produktregisteret" (vedlegg 4). Desse rutinane erstattar tryggleiksvedtak som sist blei fastsett av Kommunal- og regionaldepartementet i 1999.
Miljøverndepartementet har oppnemnt eit utval (Tryggleiksutvalet) som skal ha eit særleg ansvar for å føre tilsyn med at Tryggleiksvedtaka blir følgde. Næringslivet er representert i utvalet. Utvalet skal kontrollere dei administrative, systemtekniske og fysiske tryggingstiltaka hos Produktregisteret og brukarane.
Produktregisteret er tryggingsmessig godkjend av Nasjonal Tryggleiksmyndigheit.
3.2 Kva produkt skal det sendast inn opplysningar om?
Produktregisteret skal ha opplysningar om følgjande typar av kjemiske produkt:
3.2.1 Kjemiske produkt
Produktregisteret skal ha opplysningar om alle produkt (kjemikal) som er klassifiserte i medhald av Merkeforskrifta § 6, og som det blir omsett 100 kg eller meir av i året.
I medhald av Merkeforskrifta omfattar deklarasjonsplikta både helse-, miljø- og brannfaremerkte produkt og stoff (eit kjemikali kan vere deklarasjonspliktig sjølv om det ikkje er klassisiferingspliktig, til dømes som råvare i eit deklarasjonspliktig produkt eller etter pålegg frå styresmaktene).
Ver merksam på at deklarasjonsplikta også gjeld:
- Produksjon/omsetning av råvare til bruk for å framstille produkt som er omtala i § 1, 3. ledd i merkeforskrifta (t.d. råvarer til produksjon av legemiddel, næringsmiddel og fôrvarer)
- Våtserviettar til teknisk bruk. Deklareringa gjeld dei tilsette kjemikalia
- sveisepulver
- Base og herdar i tokomponentprodukt (skal deklarerast som to enkeltståande produkt)
- Produkt som blir selde til reprosessering/oppriking
- Sal av regenerert vasketynnar
- Produkt som berre er produsert for eksport
3.2.2 Mikrobiologiske produkt
Mikrobiologiske produkt skal deklarerast same kor lita mengd som blir importert/produsert. For vidare rettleiing sjå forskrift om deklarering og merking av mikrobiologiske produkt. Retningslinjer for deklarering finst i §4.
3.2.3 Særskilt deklarasjonsplikt for produkt som fell utanfor pliktig deklarasjon/meldeplikt til Produktregisteret
I medhald av dei lover som merkeforskrifta byggjer på, kan styresmaktene også krevje at produkt som fell utanfor pliktig deklarasjon skal deklarerast.
Spørsmål frå Produktregisteret om denne typen deklarering vil alltid vere spesifisert med produktnamn (eitt eller fleire produktnamn).
Årsak til denne typen krav om deklarering, vil vere behov for kjemikalieinformasjon frå styresmaktene i samband med helse-, miljø- og tryggingsarbeid.
3.3 Kven skal sende inn opplysningar?
Den som først omset eit kjemisk produkt på den norske marknaden er ansvarleg for å gi nødvendige opplysningar til Produktregisteret. Det er den som er første ledd i omsetninga i Noreg som er deklarasjonspliktig, men dei andre omsetningsledda har likevel eit kontrollansvar i høve til merkeforskrifta.
Sjølv om ansvaret for å rette seg etter deklarasjonsplikta ligg hos den som først omset eit deklarasjonspliktig kjemisk produkt, kan deklareringa overførast til t.d. ein agent eller leigeprodusent (fysisk produsent). I slike tilfelle er det ein føresetnad at det er sett opp avtalerettsleg kontrakt overfor oppdragsgivar (vareeigar) til å utføre oppgåva i samsvar med vedtekter i merkeforskrifta.
Deklarasjon av farlege kjemikaliar må skje seinast når omsetning eller yrkesmessig bruk startar i Noreg. Av praktiske omsyn vil det vere gunstig å sende inn deklarasjon til Produktregisteret i god tid før omsetning eller yrkesmessig bruk blir starta.
Nærmare opplysningar om kven som blir rekna som deklarasjonsansvarleg, og kva reglar som gjeld for innførsel. Farlege kjemiske produkt som blir innført i mengder over 100 kg/år til Noreg, for omsetning eller yrkesmessig bruk i Noreg, utløyser deklarasjonsplikt. Normalt vil den ansvarlege for å utføre deklareringa vere første ledd i omsetningskjeda (marknadsansvarleg, eineforhandlar osv.), andre omsetningsledd har likevel eit kontrollansvar etter merkeforskrifta (ansvarleg for å sjå til at deklareringa er utført).
Den som utfører deklareringa, må oppfylle eit av desse av kriteria:
- Norsk firma som importerer farlege kjemiske produkt i mengder over 100 kg/år frå land utanfor EØS.
- Norsk firma som tek inn farlege kjemiske produkt til Noreg i mengder over 100 kg/år frå eit anna land innanfor EØS, og sjølv tek seg av pliktene for produktdeklarering.
- Utanlandsk firma innanfor EØS (t.d. produsent eller EØS-importør) som er ansvarleg for innførsel av farlege kjemiske produkt i mengder over 100 kg/år til Noreg. Namn på utanlandsk firma skal stå i felt 1 på deklarasjonsskjemaet (deklarasjonsansvarleg firma). Namn, adresse og telefon-/telefaksnummer til firma som tek imot produkt i Noreg (norske kundar som betaler for produktet) skal stå i felt 2 (kundeliste/norske omsettarar).
- Anna firma innan EØS-området enn det som er nemnt over, t.d. ein leigeprodusent, agent e.l. Avtalar mellom firma om slik ansvarsoverføring føreset regulering gjennom privatrettslege avtalar. Slike avtalar hindrar ikkje styresmaktene i å rette ansvaret til den som er nærmast ansvarleg overfor merkeforskrifta.
Samansetningsinformasjon direkte frå produsent:
Av omsyn til fortrulege produktopplysningar, har Produktregisteret opna for direkte deklarering av produktsamansetning frå utanlandsk produsent. Slike opplysningar vil bli haldne strengt fortruleg i forhold til deklarasjonsansvarleg firma.
Deklarasjonsansvarleg firma er ansvarleg for rette opplysningar og at opplysningane blir sende Produktregisteret.
3.4 Kva opplysningar skal ein gi?
Det går fram av deklarasjonsskjemaet kva opplysningar ein skal gi. Detaljert rettleiing for utfylling av skjemaet er gitt i kap 4. For deklarering av mikrobiologiske produkt sjå forskrift om mikrobiologiske produkt.
3.5 Brukarinstitusjonane
Følgjande myndigheiter og etatar har tilgang til gradert informasjon frå Produktregisteret: Direktoratet for arbeidstilsynet inklusiv enkelte av Arbeidstilsynets distriktskontor, Giftinformasjonen, Petroleumstilsynet, Statens arbeidsmiljøinstitutt og Nasjonalt folkehelseinstitutt (Folkehelseinstituttet). I tillegg har fleire seksjonar enn Produktregisteret i SFT tilgang til den graderte informasjonen.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Statistisk sentralbyrå og Toll- og Avgiftsdirektoratet har tilgang til databasert ugradert informasjon. Sjå vedlegg 5 for meir utførleg omtale.
3.5.1 Kva blir opplysningane i Produktregisteret nytta til?
Arbeidstilsynet treng tilgang på opplysningar om kjemikal for å kunne vurdere enkeltsaker, t.d. ved marknadskontroll av kjemikal, for å kunne kontrollere informasjon gitt i HMS-databladforskriften og klassifiserings- og merkeforskriftene, for regelverksutvikling, planlegging av kampanjar og aksjoner og for revisjon av administrative normer.
Folkehelseinstituttet har bl.a. som oppgåve å vurdere den samla helsemessige betydninga av forureining i menneskas omgivnader. Folkehelseinstituttet yter humantoksikologisk bistand overfor Sosial- og helsedepartementet (SHD) og Miljøverndepartementet (MD), med underliggjande etatar.
Vurdering av helserisiko ved eksponering for kjemiske stoff og stoffblandingar er eit av hovudarbeidsområda innanfor Folkehelseinstituttets miljømedisinske verksemder. Folkehelseinstituttet treng derfor tilgang på opplysningar om kjemikal.
Giftinformasjonen har som oppgåve å gi informasjon og rettleiing i samband med akutte forgiftingar. Arbeidet inneber bl.a.:
- Vurdere giftgraden av kjemikal og alle typar kjemiske produkt
- Vurdere forgiftingsfare ved akutt eksponering
- Gi rettleiing om førstehjelp og medisinsk behandling ved forgiftingar
- Gi informasjon og rettleiing for å førebyggje forgiftingsulykker
Petroleumstilsynet fører tilsyn med arbeidsmiljølova i petroleumsverksemda på havet og treng tilgang på detaljerte opplysningar for gjennomføring av tilsyn mot aktørane i petroleumsverksemda. Produktinformasjon blir primært brukt i samband med verifikasjon av selskapas styringssystem for val, transport, bruk og avhending av kjemikal.
Statens arbeidsmiljøinstitutt treng opplysningar frå Produktregisteret bl.a.for å:
- Vurdere risiko ved bruk av kjemiske stoff
- Kartleggje bruk av kjemiske stoff i arbeidslivet
SFT treng opplysningar om kjemiske produkt for å kunne utføre generell rettleiing og kunne kontrollere merking og produktinformasjon innanfor sine forvaltningsområde. Dei skal vurdere i kor høg grad nasjonale mål og internasjonale forpliktingar blir nådde for prioriterte stoff, dvs. at Produktregisteret er eit verktøy for vurdering av måloppnåing. SFT skal identifisere kva for arbeidsområde som bør prioriterast og dermed kva for kjemikal som bør underkastast nærmare regulering og kontroll, vurdere enkeltsaker, t.d. spørsmål frå forbrukarar om fysiske plager ved bruk av eit spesielt produkt.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er sentral fagmyndigheit på området brann- og eltryggleik. Direktoratet har ansvar for forskrifter om brann- og eksplosjonsfaremerking som er ein integrert del av forskrifta om klassifisering, merking m.v. av farlege kjemikal. Hovudansvaret for transport av farleg gods på veg og jernbane er også tillagt DSB. Med tilgang til Produktregisterets PCBAS, har direktoratet mogligheit til å få ei god oversikt over dei brann- og eksplosjonsfarlege stoffa og stoffblandingane som finst på marknaden.
3.6 Unntak frå deklarasjonsplikta
3.6.1 Generelt
Deklarasjonsplikta gjeld generelt ikkje for produkt som blir omsette i mengder under 100 kg i året, unntatt for mikrobiolgiske produkt som er deklareringspliktige uansett mengd.
I særlege tilfelle kan Direktoratet for arbeidstilsynet, Petroleumstilsynet, Statens forureiningstilsyn og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap innanfor sine respektive ansvarsområde, i samråd med Produktregisteret, gjere unntak frå deklarasjonsplikta (§ 28 i merkeforskrifta). Søknad om dispensasjon frå deklarasjonsbestemmingane skal sendast til Produktregisteret.
Direktoratet for arbeidstilsynet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Petroleumstilsynet og Statens forureiningstilsyn avgjer dispensasjonssøknadene innanfor sine respektive ansvarsområde.
Dispensasjon kan berre gis for spesifiserte produkt/produktgrupper og for ei avgrensa tid (vanlegvis to år).
3.6.2 Spesielle unntak frå deklarasjonsplikta
3.6.2.1 Prøveproduksjon
Produktregisteret kan gi løyve til forenkla oppdatering av deklarasjonsopplysningar ved prøveproduksjon.
Første variant som går til utprøving ved at utvalde kundar kjøper produktet, blir deklarert på vanleg måte (overslag over omsett volum). Endringar som ikkje har noko å seie for helse-, miljø- eller tryggleik, treng ein ikkje å melde undervegs i utprøvinga. Når produktet er ferdig utprøvd og klart for vanleg sal, skal endeleg deklarasjon sendast inn/stadfestast.
Ved prøveproduksjon av volum over 1 tonn, eller prøveproduksjonsperiodar over 6 månader, må det søkjast om dispensasjon (i medhald av pkt. 3.6) dersom ein ikkje ønskjer å følgje ordinær meldeplikt.
3.6.2.2 Forenkla deklarering
For tilnærma like produkt innan same produktserie og med same merking, kan det sendast inn opplysningar om fleire produkt på same skjema, såkalla forenkla deklarering. Sjå vedlegg 2.
3.6.2.3 Variasjon i komponentar
Det er ikkje uvanleg at mengda av komponentane i eit produkt varierer frå produksjon til produksjon innanfor same produktserie. Dersom variasjonane ligg utanfor eit av intervalla gitt i tabellen i pkt. 3.7, må ein søkje om dispensasjon.
I søknaden må ein gi:
- innanfor kva grenser dei variable stoffa varierer
- den typiske samansetninga, dvs. den samansetninga produsenten ideelt sett ønskjer at produktet skal ha
- grunnen til variasjonen
3.7 Endringar som krev melding til Produktregisteret
Nye opplysningar for tidlegare deklarerte produkt skal utan oppmoding sendast inn dersom:
- samansetninga er endra slik at produktklassifiseringa er endra
- samansetninga er endra ved at komponentar er fjerna eller tekne inn
- klassifiseringa er endra for inngåande komponentar eller heile produktet
- mengda av inngåande komponentar er endra i medhald av forskrift om kriterier for klassifisering av farlege kjemikal (Utfyllande forskrift i merkeforskrifta) §§17 og 32
| Intervall for den opphavelege konsentrasjonen av stoffet | Tillatt variasjon i den opphavelege konsentrasjonen av stoff |
| kons. < 2,5 % | ± 30 % |
| 2,5 < kons. < 10 % | ± 20 % |
| 10 < kons. < 25 % | ± 10 % |
| 25 < kons. < 100 % | ± 5 % |
3.8 Årleg oppdatering
Endringar som har noko å seie for dei andre opplysningane (ut over dei som er omtala i kap. 3.7) i registeret, blir gitt i samband med den årlege oppdateringa. Produktregisteret sender ut lister for oppdateringa i januar kvart år til alle firma som har deklarert produkt til Produktregisteret. Dei opplysningane som skal oppdaterast/stadfestast er bl.a. mengdeinformasjonane, bransje- og produkttypekodar, evt. endra klassifisering, om produktet har endra samansetting og om produktet er utgått. Det er her viktig å merke seg at utgått i denne samanheng tyder at produktet ikkje lenger finst på marknaden; om det finst og ikkje blir importert/produsert blir mengda sett lik "0" (null).
Det blir sendt ut ei eigen, meir detaljert rettleiing saman med oppdateringa kvart år.
Om svarfristen ikkje blir halde kan styringsmakta vedta tvangsmulkt (jf. kap 6).
Ved den årlige oppdateringa er det viktig at ein også sjekkar om det er endringar i opplysningane frå råvareleverandørane.
3.8.1 Gebyr
På grunnlag av opplysningar i Produktregisteret, etter oppdateringa, sender SFT ut krav om gebyr for myndigheitenes kontroll med kjemiske stoff og stoffblandingar. For meir informasjon, sjå § 23 og § 24 i merkeforskrifta. For gebyr knytt til biocid, sjå § 34 i Biocidforskrifta og Merkeforskrifta for deklarasjonspliktige biocid.
4. Utfylling av deklarasjonsskjemaet
Det blir nytta eit eige deklarasjonsskjema som ein får ved å vende seg til Produktregisteret. Anna formular kan nyttast såframt opplysningane blir gitte i same rekkjefølgje og samsvarer med opplysningane på deklarasjonsskjemaet. Dette skal avtalast med Produktregisteret på førehand. Vedlegg 3 viser deklarasjonsskjemaet.
Rettleiing og skjema finst på bokmål, nynorsk og engelsk.
Det er utvikla eit eige program for elektronisk deklarering.
Det skal nyttast eige skjema for deklarasjon av mikrobiologiske produkt (sjå forskrift om deklarering og merking av mikrobiologiske produkt). Vanleg deklarasjonsskjema kan krevjast nytta for mikrobiologiske produkt som også er deklarasjonspliktige etter § 21 i merkeforskrifta.
Deklarasjonsskjema skal sendast til:
Produktregisteret
Postboks 8180 Dep
0034 OSLO.
4.1 Felt 1 - 9 og 13 Administrative opplysningar
Vernebehovet for administrative opplysningar gis i felt 13, sjå ”lenkje” for rettleiing om fastsetjing av vernebehovet.
Felt 1 Handelsnamnet på produktet
Oppgi fullstendig handelsnamn slik det blir skrive på fareetiketten.
Ved forenkla deklarering skal ein oppgi eintydig namn (hovudnamn) på serien og talet på produkt som inngår i serien jf. vedlegg 2. Om produktet utelukkande er ein råvare i andre produkt og ikkje salsvare skal det kryssast av i rubrikken ”Kryss av om produktet utelukkande er råvare”.
Felt 2 Faremerking
Oppgi risikosetningar (R-setningar) og farekodar for den merkinga som er gitt på fareetiketten jf. §§ 15d og e i merkeforskrifta.
| Farenemning | Farekode |
| Svært giftig | T+ |
| Giftig | T |
| Etsande | C |
| Helseskadeleg | Xn |
| Irriterande | Xi |
| Eksplosiv | E |
| Oksiderande | O |
| Ekstremt brannfarleg | F+ |
| Meget brannfarleg | F |
| Brannfarleg | Berre R-setn. |
| Miljøskadeleg | N |
| Miljøskadeleg | Berre R-setn. |
Dei eventuelle kreftframkallande, allergiframkallande, arvestoffskadande og reproduksjonsskadande eigenskapane i produktet blir omfatta av faremerkinga og uttrykt ved ein av farekodane gitt over i tillegg til R-setning.
Dersom produktet er merkt på grunnlag av testar, må dette opplysast.
Dersom produktet er merkt på grunnlag av note(r) gitt i forskrift om stoffliste må dette opplysast.
Dersom det er gitt dispensasjon/unntak frå merkereglane, må ein oppgi dette i felt 12.
Dersom produktet ikkje er merkepliktig, må dette markerast (f.eks. med IK) i dette feltet.
Felt 3 Deklarasjonsansvarleg firma
Firma som er ansvarleg overfor norske styresmaktar for innsending av deklarasjonen (deklarasjonsansvarleg) skal opplyse om: firmanamn og adresse, organisasjonsnummer (gjeld berre norske firma), telefon- og telefaksnummer til den delen av firmaet som er ansvarleg for utfylling av deklarasjonsskjemaet. Konsern som ønskjer å dele produkt på ulike dotterselskap, må i utgangspunktet bruke organisasjonsnummeret for dotterselskapet. Det skal også gå fram av deklarasjonsskjemaet kven som er kontaktperson hos deklarasjonsansvarleg firma; dette kan førast i felt 3 eller i tillegg til underskrift i felt 13.
Felt 4 Mengdeoppgåve
Oppgi mengd i tonn for førre året for faktisk produsert/innført/namnebytt/eksportert produkt. For nye produkt, oppgi pårekna mengd for inneverande år.
Ved produksjon/omsetning av kjemiske produkt som heilt eller delvis blir nytta i eiga verksemd, oppgi i tillegg kor mykje som er nytta i eiga bedrift som råvare eller som forbrukarvare (reingjeringsmiddel, skjerevæske e.l.).
I dei tilfella der det er nødvendig å oppgi fleire mengder, skal ein føre opp dei totale faktiske mengdene for produsert/innført/namnebytt/eksportert produkt. T.d. skal ein oppgi både produsert mengd og eksportert mengd ved produksjon og eksport.
Ved forenkla deklarering skal ein oppgi dei summerte mengdene for dei produkta som deklarasjonen dekkjer.
Eksempel på utfylt felt 4:
| 4. Mengdeoppgåve | ||||
| Tonn /år | ||||
| Av dette eigen bruk som: | ||||
| Råvare | Anna | |||
| Året oppgåva gjeld for: 2007 | Produsert | |||
| Innført | 5 | 1,5 | ||
| Namnebytt | ||||
| Eksportert | 0,2 | |||
Felt 5 Produsent
I dette feltet skal ein føre opp namn, adresse, telefon- og telefaksnummer, og kontaktperson til faktisk produsent av produktet, med mindre dette er oppgitt i felt 3.
Felt 6 Firmanamn på etikett
Her skal ein føre opp namn og adresse til det firmaet innan EØS-området som er oppgitt på fareetikett til produktet.
Felt 7 Kundeliste - norske omsettarar.
For produkt som blir deklarert med utanlandsk firma (sjå kap. 3.3) som deklarasjonsansvarleg (felt 3), skal det påførast namn og adresse på dei norske firma som er første mottakar (betaler for vara) i Noreg. Dersom det er for liten plass på skjemaet, kan ein opplyse om firmaet på separat ark.
Felt 8 Bransje/bruksområde
Beskriv kort (stikkord) dei viktigaste bransjane der produktet blir nytta, og oppgi prosentvis fordeling mellom bransjane.
Produktregisteret nyttar eit internasjonalt kodesystem for bransjar (NACE) som er gitt i ein kortversjon i vedlegg 6. Vi tilrår å bruke kode (NACE) i staden for beskriving (fritekst/ stikkord). Dersom produktet også nyttast i privat bruk, skal det krysses av i feltet for dette. Prosentandelen som vert benytta til privat forbruk skal oppgivast.
Eksempel på utfylt felt 8:
| 8. Brukssbransjar for produktet (ei tekstlinje pr bransje) | NACE-kode | %-fordeling |
| Produksjon av maling og lakk | 24.301 | 50 |
| Produksjon av plastprodukter | 25.2 | 40 |
| Bygge- og avleggsverksemd | 45 | 10 |
| Vert produktet òg selt til privat forbruk? | ||
| Ja X Nei | ||
| Sum | 100 |
Felt 9 Produkttype
Beskriv kort (stikkord) kva produktet blir brukt til og oppgi prosentvis fordeling mellom produkttypane i heile %.
Produktregisteret nyttar eit kodesystem for produkttypar (UCN) som er vist i vedlegg 7. Bruk heller kode ( UCN) i staden for beskriving (fritekst / stikkord).
Eksempel på utfylt felt 9:
9. Produkttype (ei tekstlinje pr. produkttype) | kode | %-fordeling |
| Løysemiddel | 70 | |
| Avfettingsmiddel | R 1010 | 30 |
| Sum 100 % |
Felt 13 Underskrift
Det må kryssast av for om felta 1–9, 11 og 12 i skjemaet inneheld opplysningar som skal vernast.
For informasjon som ein ønskjer verna må ein spesifisere feltnummer og gi ei forklaring. Opplysningar om samansetninga skal spesifiserast i felt 10, tabell 10.1. Opplysningar som ein ikkje ønskjer å verne vil bli betrakta som offentleg informasjon. Rettleiing og meir informasjon om forklaringar, sjå ”lenkje”.
Oppgi dato for utfylling, namn og forpliktande underskrift (på vegner av firmaet). Underskrifta stadfester at opplysningane er korrekte.
4.2 Felt 10 Komponentar i samansetninga
Ein skal oppgi den fullstendige kjemiske samansetninga for produktet. Det vil seie at alle kjemiske stoff som inngår i produktet skal førast opp med eintydig kjemisk namn, identifikasjonsnummer, faremerking og mengd i vektprosent.
For produkt som berre er merkte for brann- og eksplosjonsfare, skal minst alle stoff som medverkar til denne klassifiseringa vere oppgitt med eintydig kjemisk namn, identifikasjonsnummer og mengder i vektprosent. Andre stoff skal førast opp på same måte, med frivillig oppføring av vektprosent.
Krava til identifikasjonsnummer, klassifisering, kjemisk namn og vektprosent er gitt nedanfor.
4.2.1 Komponentnummer
Komponentnummer er ei fortløpande nummerering av komponentane slik dei er skrivne inn i felt 10. Ved eventuelle spørsmål om samansetningsopplysningane, vil Produktregisteret vise til komponentnummer i staden for kjemisk namn av konfidensialitetsomsyn. Det er derfor viktig å nummerere komponentane.
4.2.2 Identifikasjonsnummer
Som hovudregel skal ein alltid oppgi eit eintydig identifikasjonsnummer som stemmer med det kjemiske namnet som er gitt. Som identifikasjonsnummer skal ein nytte CAS-nr. (Chemical Abstracts Service Registry number). Dersom EC-nr. eksisterer for det gitte stoffet, skal både CAS-nr. og EC-nr. brukast.
- CAS-nr Eks: aceton har CAS-nr 67-64-1. Bindestrekane må takast med.
- EC-nr representerer eksisterande stoff innan EØS (EINECS) og nye stoff innan EU (ELINCS). Eks: aceton har EC-nr 200-662-2. Bindestrekane må takast med.
4.2.3 Eintydig kjemisk namn
Den enkelte komponenten i samansetninga skal førast opp med eintydig kjemisk namn (norsk eller engelsk) slik dei faktisk førekjem i produktet.
Nedanfor følgjer eksempel på presisering av krava for enkelte komponentar.
Etoksilater
Om det inngår etoksilerte stoff, skal etoksileringsgraden (tall på etylenoksidgrupper; EO) gis opp som del av komponentnamnet.
Naturstoff
Dette er bl.a. ekstrakter/uttrekk frå planter. Oppgi kva komponenten er utvunnen frå, t.d. «olje frå .....», saman med eventuell modifisering/ behandling.
Råvare som komponent
Dersom det deklarerte produktet inneheld ei råvare som produsent/omsettar ikkje får fullstendig informasjon om, kan ein føre opp handelsnamn og namn på produsent av råvara. Dette føreset at råvara er eller vil bli registrert med fullstendig samansetning i Produktregisteret. Det er produsent/omsettar av det deklarasjonspliktige produktet som har ansvaret for at det blir sendt inn tilfredsstillande samansetningsopplysningar for råvara. Dersom deklarasjonsnummeret for råvara er kjend, kan dette nyttast som identifikasjonsnummer.
Petroleumsprodukt
Petroleumsprodukt må førast opp med type (alifat, olefin, naften osv.), kjedelengd/ kokepunktsintervall og aromatinnhald. Damptrykk/fordampingssnøggleik bør førast opp. Dersom destillatet er substituert (klorert, sulfonert osv.) eller behandla på annan måte, skal også dette førast opp. Svært mange petroleumsprodukt har fått EC-nr. I desse tilfella er det nok at dette blir ført opp saman med namnet som høyrer til og CAS-nr.
Petroleumsprodukt, klorerte
- For høgklorerte (> 50% klorering)
- For kortkjeda parafinar (C10 - C12) skal CAS-nr. 108171-26-2 eller (C10-C13) 85535-84-8 nyttast (sjå elles Forskrift om kortkjedete klorparafiner).
- For mellomkjeda (C14 - C17) skal CAS-nr. 85535-85-9 nyttast.
- For langkjeda (³C18) skal CAS-nr. 108171-27-3 nyttast.
- For lavklorerte (<50% klorering) klorparafinar skal CAS-nr. 63449-39-8 (voks) og 104947-36-9 (C10 - C22) nyttast.
Polymerar
Polymerar skal oppgivast med CAS-nr. og spesifikt namn, eller viss det ikkje finst CAS-nr. og EC-nr. på polymeren, skal gruppenamn (til dømes polyester, polyisocyanater, epoksy) og utgangsstoffa (med namn, CAS-nr. og EC-nr) oppgivast. For epoksyforbindingar gir ein i tillegg opp molekylvekt. For prepolymerar av isocyanater må ein opplyse om «prepolymer av <namn på isocyanat>». Polyakrylatar skal oppgivast med kjemiske namn på utgangsstoffa, samt innhaldet av mono-, di- og trimer. Eventuelle restmonomerar (overskuddsstoff) skal oppgivast som eigne komponentar med CAS-nr., EC-nr. og kjemisk namn.
Restmonomerar
I polymerar og ein del andre reaksjonsprodukt kan det vere restmonomerar (overskotsstoff). Dette skal førast opp separat med CAS-nr./EC-nr., kjemisk namn og mengd.
Likeverdige komponentar
Dvs. likeverdige komponentar som blir nytta om kvarandre i produktet, skal førast opp med mengdeintervall frå 0 vektprosent til faktisk tilsett mengd når komponenten er tilsett produktet. Det må spesifiserast om det er tale om likeverdige komponter kompontar eller om det er fleksible vekstprosenter vekstprosentar for fargevariantar (sml. forenkla deklarasjon).
4.2.4 Funksjon
Her kan det fyllast inn beskriving av den funksjonen komponenten har i produktet. Med funksjon forstår vi t.d. detergent, løysemiddel, korrosjonsinhibitor osv. Ein kan òg bruke kodesettet i vedlegg 7. Denne informasjonen er frivillig.
4.2.5 Klassifisering av komponentane
Klassifisering (R-setningar og farekode, jf 4.1, felt 2), skal førast opp for alle klassifiseringspliktige komponentar, uavhengig av mengda komponenten inngår med. Brann- og eksplosjonsfareklassifisering treng ikkje å bli ført opp.
Komponentar som ikkje er klassifiseringspliktige, blir oppført med forkortinga IK i kolonnen for klassifisering.
Dei enkelte komponentane skal klassifiserast (i høve til norsk merkeforskrift), sjølv om samansetninga er gitt av utanlandsk produsent.
Stofflista gir bindande klassifisering for stoffa som er oppgitt. Produsent/omsettar må sjølv vurdere klassifiseringa av stoff som ikkje er oppført på stofflista i medhald av Forskrift om kriterier for klassifisering av farlege kjemikal.
4.2.6 Notar
Noter i medhald av forskrift om stofflista skal oppgivast som del av klassifiseringa. Det er berre notar som har innverknad på klassifiseringa som skal oppgivast. Til dømes skal note P oppgivast der det ikkje er kreftklassifisering, fordi det kan dokumenterast at benzeninnhaldet er <0,1 vektprosent.
4.2.7 Komponent oppført på fareetikett
Dersom komponenten er oppgitt på fareetiketten, skal dette førast opp ved å markere med eit kryss for komponenten i kolonnen for «oppgitt på fareetikett».
4.2.8 Mengdeopplysning for komponentane
Summen av alle inngåande komponentar skal utgjere 100 vektprosent. (Sjå unntak for produkt som berre er brann- og eksplosjonsfaremerkte jf. kap 4.2).
Det finst inga nedre grense i vektprosent for kva komponentar som skal førast opp.
Oppgitt mengd skal alltid vere for stoff (jf. eksempel 1) eller råvare oppgitt med handelsnamn (jf. eksempel 2).
Eks 1: «Ammoniakk løyst i 25% vann» skal splittast slik at ammoniakk og vann blir oppgitt som separate komponentar med kvar sine mengder i vekt-%, sjå pkt. 1 og 2 i eks. under.
Eks 2: «LURIUM» frå Seriøs a/s. Eventuelt løysingsmiddel i råvara skal ikkje trekkjast ut som eigen komponent.
Vektprosent for den enkelte komponenten skal førast opp eksakt. Dersom mengda for dei enkelte komponentane varierer frå produksjon til produksjon, skal den typiske (ideelle) mengda for den inngåande komponenten førast opp. Den ideelle mengda kan variere utan at det har noko å seie for kriteria som er gitt i kapittel 3.6.1. For enzympreparat fører vi opp mengd aktivt protein (mg/ml) i tillegg til mengd i vektprosent.
4.2.9 Komponentens vernebehov
Dersom opplysningar om komponentens identitet (identifikasjonsnummer og eintydig namn) eller eksakt vekt-% har eit vernebehov, skal dette merkast med eit ”X”. Forklaringar skal skrivast inn i tabell 10.1. Viss det finst andre opplysningar om komponenten som bør vernast, må dette òg spesifiserast i tabell 10.1. Dersom ein ønskjer strengare verning av fullstendige samansetningsopplysningar enn av dei enkelte komponentane, må dette også forklarast i tabell 10.1. Sjå Retningslinjer for korleis ein oppgir vernebehovet for informasjon i Produktregisteret for meir informasjon.
Eksempel på utfylt felt 10
10. Komponentar i samansetning: |
| Skal vernast, sjå meir informasjon nedanfor | ||||||||||
Nr. |
Identifikasjons-nummer
| Eintydig kjemisk namn/ Råvarenamn | Funksjon (kode)
| Klassifisering (inkl. R-setn.)
| Note(r)
| Angitt på fare-etikett | Vekt-% | Komponentens identifikasjons- nummer og namn | Komponent-ens eksakte vekt% | ||
CAS-nr./ PRN-nr | EC-nr | ||||||||||
1
| 7664-41-7 | 231-635-3 | AMMONIAKK | R1000 reingjeringsmiddel | T, N, R10-23-34-50 | 5 | x | 0,4 |
| x | |
2
| 7732-18-5 | 231-791-2 | Vatn | O1500 løysingsmiddel | IK |
|
| 64,8 (hvorav 1,2% frå amm. løysninga) |
|
| |
3 | 67-63-0 | 200-661-7 | 2-Propanol | løysingsmiddel | F, R11 | C | X | 5,1 |
| x | |
4 | PRN-XXXXXX |
| LURIUM (SERIØS A/S, Furuvn.1, 1800 Askim) | O2520 Dispersjonsmiddel | IK |
|
| 29,7
| x | x | |
|
| Er alle komponentane oppgjeve | Ja X | Nei | Sum | 100 (=100%) | |||||
Tabell 10.1 | |
Komponent nr | Forklaring om at opplysningar om komponenten skal vernast |
1 | Eksakt vekt% er Produkthemmelegheit |
3 | Eksakt vekt% er Produkthemmelegheit |
4 | Både identifikasjon og vekt% er produkthemmelegheit |
4.3 Felt 11 Fysikalske data
For alle produkt skal det oppgivast form/konsistens og tettleik i kg/m3.
For produkt med brann- og eksplosjonsfaremerking (R-10, E, O, F+, F, og tilhøyrande R-setningar), for produkt der det inngår miljøfarlege komponentar (N, R-50 til 53) og for etsande/irriterande (C, R-34, 35, Xi, R-36 til 38, 41) produkt skal fysikalske data som har noko å seie for å vurdere kor farlege dei er oppgivast.
For produkt med brann- og eksplosjonsfaremerking medfører dette at det skal oppgivast flammepunkt og bestemmingsmetode for flammepunktet.
For produkt der det inngår miljøfarlege komponentar, skal det oppgivast Fordelingskoeffisient Pow (n-oktanol/vatn) eller biokonsentrasjonsfaktoren om denne er kjend.
For etsande/irriterande vassløysingar skal pH (i handelsvaren) oppgivast.
4.4 Felt 12 Annan relevant informasjon
Her ønskjer vi t.d.:
- Informasjon om helse- og miljørisiko ved spesielle komponentar i produktet, eller ved sjølve sluttproduktet. T.d. EC50, LD50 og LC50 (med oppføring av inntaksveg, art, testreferanse osv.).
- Informasjon om skadelege dekomponeringsprodukt.
- Informasjon om korleis produktet blir brote ned biologisk.
- Informasjon om dispensasjon frå merkeforskrifta.
- Opplysningar om punkta over er frivillige.
5. Kvittering og deklarasjonsnummer
Når eit produkt eller ein produktserie (forenkla deklarasjon) er tilstrekkeleg deklarert, sender Produktregisteret ei kvittering for deklarasjonen.
Kvittering frå Produktregisteret skal visast til kontrollerande styresmakt på oppmoding. Kvitteringa inneber ikkje at Produktregisteret har godkjend produktet. Det er produsent/omsettar som er ansvarleg for at opplysningane er korrekte. Kvittering fritek ikkje frå dei aktsemdreglane som følgjer av lov om arbeidarvern og arbeidsmiljø, lov om kontroll med produkt og tenester, lov om brannfarlege varer samt væsker og gasar under trykk og lov om eksplosive varer.
Det er påført kvitteringa kor lenge deklarasjonen gjeld. Fornya gyldig periode blir utferda etter årleg oppdatering av innsendt informasjon. Sjå kap 3.8 og 5.2.
5.1 Deklarasjonsnummer (PRN-nr.)
Deklarasjonsnummer blir tildelt alle produkt som er fullt ut deklarert. Dette nummeret er spesifikt for kvar enkelt deklarasjon og kan førast opp på fareetikett og produktdatablad. Deklarasjonsnummer blir tildelt på kvitteringa frå Produktregisteret. Produkt som ikkje er deklarasjonspliktige etter kap. 3.2 kan også bli tildelt deklarasjonsnummer. Dette krev at produkta blir deklarerte og oppdaterte på lik linje med deklarasjonspliktige produkt.
5.2 Årleg hovudkvittering
Produktregisteret sender kvart år ut ei hovudkvittering til firmaa over dei produkta som framleis tilfredsstiller krava til kvittering og som er tilfredsstillande oppdaterte.
6. Tvangsmulkt og straff
For å sikre at vedtektene i Merkeforskrifta, eller vedtak gjort i medhald av merkeforskrifta blir følgde, kan Statens forureiningstilsyn, Direktoratet for arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet gjere vedtak om tvangsmulkt innanfor sine respektive ansvarsområde i medhald av lov om kontroll med produkt og forbrukartenester § 13 og lov om arbeidarvern og arbeidsmiljø § 78. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap kan gi førelegg i medhald av lov om eksplosive varer §§ 42 og 43 og lov om brannfarlege varer og væsker under trykk §§ 45 og 46.
Ved brot på merkeforskrifta eller vedtak gjort i medhald av forskrifta, skal desse lovpåboda nyttast: Påbod om straff i lov om brannfarlege varer og væsker og gasar under trykk § 44, lov om eksplosive varer § 41, lov om arbeidarvern og arbeidsmiljø, kap. XIV, lov om kontroll med produkt og forbrukartenester § 12 og § 48 a og b i straffelova, dersom forholdet ikkje fell inn under strengare straffepåbod.