Bachelorprogram i latin
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Utveksling
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Kontakt
- Studieløp
Introduksjon
Korleis kunne bystaten Roma erobre alle landa rundt Middelhavet? Kvifor blir romerske taler framleis rekna som eksempel på effektiv kommunikasjon? Og kvifor var latin så viktig i skolen heilt fram til vår tid?
Latin var daglegspråket i Romarriket. I mellomalderen var latinen det europeiske fellesspråket slik engelsk er det i dag, og filosofi, teologi og vitskaplege tekster vart skrivne på latin heilt fram til 1700-talet. Språk som fransk, spansk og italiensk har utvikla seg frå latin, og andre europeiske språk har lånt mykje frå latin ¿ ikkje minst gjeld det engelsk. Latin er derfor, saman med gresk, nøkkelen til å forstå framandorda i dei fleste europeiske språka.
Somme studerer latin fordi dei er interesserte i språk. Andre gjer det fordi dei vil vite meir om historie, kunsthistorie, filosofi, religion eller litteratur: Dei romerske klassikarane var lenge dei sentrale førebileta for kunstnarar og forfattarar, og latinen er derfor ein innfallsport til europeisk litteratur- og kulturhistorie. Med latin kan du lese tekstane i original og gjere deg opp di eiga meining om korleis dei bør tolkast.
Studievegar
Bachelor (3 år)
Latin kan gjerne kombinerast med emne frå ei rekke andre fag, for eksempel gresk, historie, religionsvitskap, kunsthistorie og retorikk, eller med emne frå dei norske institutta i Athen og Roma.
Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i latin. Ved påbygging til mastergrad kan du kvalifisere deg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.
Forsking
I forskinga ved UiB ligg vekta på mellomalderlatin, og særleg på kva latinske handskrifter og handskriftfragment som er bevart i Noreg, kan seie oss om påverknaden frå meir sentrale delar av Europa.
Utveksling
I samarbeid med dei andre norske universiteta blir det halde ulike kurs i antikkens kultur ved dei norske institutta i Athen og Roma. Du kan for eksempel studere eit semester ved desse institutta og få kursa du har teke inn som del av bachelorgraden din i latin. Elles underviser dei fleste større universiteta i utlandet i latin og gresk.
Yrkesvegar
Latinstudiet gir deg praktisk øving i å tolke framande kulturuttrykk i deira eigen kontekst. Det øver opp evna til å skaffe seg oversyn over eit materiale, å handsame det analytisk og å utrykke seg nøyaktig. Det gir eit godt grunnlag i alle yrke der slike eigenskapar er etterspurde, for eksempel i undervisning, forvalting, forlag og media.
Når du har fullført dette studieprogrammet, får du graden bachelor i latin.
Undervisningsspråk
Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet.
Studiestart - semester
Kvar haust
Mål og innhald
Bachelorpgrogrammet i latin er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (exphil og exfac), 90 studiepoeng med spesialisering i latin og valemne tilsvarande 60 studiepoeng.
Den latinske litteraturen oppstod i det tidlege Romarriket (oml. 200 f. Kr.) og utvikla seg opp gjennom antikken, mellomalderen og heilt inn i tidleg moderne tid. Det var såleis Vest-Europas dominerande litterære og vitskaplege språk frå antikken og opp til det 18. hundreåret.
Gjennom heile bachelorstudiet blir dei latinske tekstane sette inn i sin litteratur- og kulturhistoriske samanheng, med gradvis aukande krav til forståing og tolkingsevne. Målet er å gjere studentane i stand til å lese hovudverk innan den latinske litteraturen på originalspråket og kunne forstå dei språklege og litterære kvalitetane som tekstane har, og å gi dei dei kunnskapane i antikk, mellomalderleg eller tidleg moderne kultur som ein treng for å sette tekstane inn i sin historiske samanheng.
Grunnleggjande kjennskap til latin vil vere ein nyttig bakgrunn for alle humanistiske fag som har å gjere med perioden før omlag 1800. Vidare gir det ein god språkhistorisk basis for studiet av dei romanske og andre europeiske språk og for studiet av allmenn språkvitskap. Ein meir inngåande kjennskap til latin vil setje ein i stand til å arbeide direkte med mangslungne tekstar frå europeisk kultur i antikken, mellomalderen og tidleg moderne tid.
Læringsutbyte
Studentar med bachelorgrad i latin skal ha gode kunnskapar i latinsk språk, og frå lesing av originaltekstar skal dei også ha førstehands kjennskap til dei viktigaste sjangrane i latinsk litteratur. Dei skal
- ha oversyn over latinsk formlære og syntaks og vere fortrulege med dei ulike grammatiske omgrepa.
- ha kjennskap til latinsk metrikk.
- vere i stand til å bruke språkkunnskapane praktisk gjennom grammatisk analyse.
- lese latinske tekstar sjølvstendig, bruke det kritiske apparatet i tekstutgåvene og ta stilling til problem knytte til forståing og omsetjing av tekstane.
- tolke tekstane med syn for deira eiga kulturelle og litterære kontekst.
- kunne omsetje latinske tekstar til norsk.
- gjennom bacheloroppgåva ha vist evne til sjølvstendig fordjuping innan eit avgrensa område av faget.
- kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Innføringsemne
Bachelorprogrammet i latin skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):
- EXPHIL Examen philosophicum (10 sp)
- EXFAC00AK Akademisk skriving (10 sp)
- EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10 sp) eller
- EXFAC00TK Tekst og kultur (10 sp)
Språk og kommunikasjon er tilrådd.
Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.
Obligatoriske emne
Spesialiseringa i latin krev til saman tre semester, 90 studiepoeng.
Spesialiseringa er sett saman av dei fire emna LAT101, LAT102, LAT104 og LAT105, eller tilsvarande godkjend fagkombinasjon, og to emne på 200-nivå.
100-nivået:
LAT101 / Latin elementærkurs
LAT102 / Latin: Prosa og grammatikk
LAT104 / Latin: Romersk poesi, Catull og Ovid
LAT105 / Latinsk prosa
På 200-nivået kan studenten velje mellom følgjande emne:
LAT202 / Latin: Romersk poesi, Horats og Vergil
LAT203 / Latin: Stilskriving og romersk retorikk og filosofi
LAT251 / Latin: Romersk historieskriving med bacheloroppgåve
LAT254/ Latin: Fordjuping med bacheloroppgåve
Eitt av emna på 200-nivå må ha bacheloroppgåve som eksamensform (LAT251 eller LAT254). Dette for å tilfredsstille gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.
Også relevante eksamenar frå andre universitet og høgskular kan, etter særskild søknad, reknast inn i dei 90 studiepoenga som utgjer spesialiseringa.
Tilrådde valemne
Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd progresjon:
1. semester (haust):
Førstesemesterstudiet Ex.phil. og Ex.fac. (30 sp)
2.semester (vår):
LAT101 / Latin elementærkurs (15 stp)
LAT102 / Latin: Prosa og grammatikk (15 stp)
3.semester (haust):
LAT104 / Latin: Romersk poesi, Catull og Ovid (15 stp)
LAT105 / Latinsk prosa (15 stp)
4.-6. semester:
To spesialiseringsemne på 200-nivå. (sjå ovanfor) (30 stp)
60 frie studiepoeng.
Krav til progresjon i studiet
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.
Studiestader
Bergen.
Delstudium i utlandet
Dei norske institutta i Athen og Roma arrangerer kurs i gresk og romersk kultur på BA-nivå, utan krav om språkkunnskapar. Instituttet i Athen arrangerer også kurs i nygresk. Desse kursa høver godt som frie studiepoeng.
Undervisningsmetodar
Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vurderingsformer
Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Karakterskala
Ved sensur kan det blinytta ein av to karakterskalaer:
1) Karakterskala A-F
2) Bestått/ikkje bestått
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Grunnlag for videre studium
Bachelorprogrammet i latin kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i latin.
Relevans for arbeidsliv
Latinstudiet er ei oppøving i tolking av framande kulturuttrykk, det legg vekt på ei nøyaktig og analytisk tilnærming til stoffet og har praktisk forståing som mål. Det gjev eit godt grunnlag i alle yrke der slike eigenskapar er etterspurde, t.d. innan informasjons- og kommunikasjonsarbeid, offentleg forvalting, undervisning, reklame, journalistikk og ei rekkje former for skribent- og tekstarbeid.
Evaluering
Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Adminstrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.
Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.
Antall studieplasser
5
Overgangsordninger
Du kan byte studieprogram både haust og vår. På nettsidene våre får du meir informasjon om kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker.
Læringsutbyte
Studentar med bachelorgrad i latin skal ha gode kunnskapar i latinsk språk, og frå lesing av originaltekstar skal dei også ha førstehands kjennskap til dei viktigaste sjangrane i latinsk litteratur. Dei skal
- ha oversyn over latinsk formlære og syntaks og vere fortrulege med dei ulike grammatiske omgrepa.
- ha kjennskap til latinsk metrikk.
- vere i stand til å bruke språkkunnskapane praktisk gjennom grammatisk analyse.
- lese latinske tekstar sjølvstendig, bruke det kritiske apparatet i tekstutgåvene og ta stilling til problem knytte til forståing og omsetjing av tekstane.
- tolke tekstane med syn for deira eiga kulturelle og litterære kontekst.
- kunne omsetje latinske tekstar til norsk.
- gjennom bacheloroppgåva ha vist evne til sjølvstendig fordjuping innan eit avgrensa område av faget.
- kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Oppbygging
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i latin. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.
Under ser du eit eksempel på korleis du kan legge opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkefølge på emna i programmet ¿ blant anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit eller to semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søke om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å sette opp ein plan.
Semester Innhald Studiepoeng
1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum 30
2. semester Spesialisering i latin 30
3. semester Spesialisering i latin 30
4. semester Spesialisering i latin 30
5. semester Valfrie emne 30
6. semester Valfrie emne 30
Meir informasjon
Studiekode
184932
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Spesialiseringa i latin krev til saman tre semester, 90 studiepoeng. Spesialiseringa er sett saman av dei fire emna LAT101, LAT102, LAT104 og LAT105, eller tilsvarande godkjend fagkombinasjon, og to emne på 200-nivå. 100-nivået: LAT101 / Latin elementærkurs LAT102 / Latin: Prosa og grammatikk LAT104 / Latin: Romersk poesi, Catull og Ovid LAT105 / Latinsk prosa På 200-nivået kan studenten velje mellom følgjande emne: LAT202 / Latin: Romersk poesi, Horats og Vergil LAT203 / Latin: Stilskriving og romersk retorikk og filosofi LAT251 / Latin: Romersk historieskriving med bacheloroppgåve LAT254/ Latin: Fordjuping med bacheloroppgåve Eitt av emna på 200-nivå må ha bacheloroppgåve som eksamensform. Dette for å tilfredsstille gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet. Også relevante eksamenar frå andre universitet og høgskular kan, etter særskild søknad, reknast inn i dei 90 studiepoenga som utgjer spesialiseringa. | ||||||||||||
| Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet): Examen philosophicum (EXPHIL-HFSEM eller EXPHIL-HFEKS) Akademisk skriving (EXFAC00AS) Språk og kommunikasjon (EXFAC00SK, tilrådd) eller Tekst og kultur (EXFAC00TKSEM eller EXFAC00TKEKS) Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXFAC00AS | Examen facultatum, Akademisk skriving | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-HFEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-HFSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC00SK | Examen facultatum, Språk og kommunikasjon | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXFAC00TKEKS | Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00TKSEM | Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering i latin (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Minst 90 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| LAT101 | Latin elementærkurs | 15 | 1 | |||||||||
| LAT102 | Latin: Prosa og grammatikk | 15 | 1 | |||||||||
| LAT104 | Latin: Romersk poesi, Catull og Ovid | 15 | 1 | |||||||||
| LAT105 | Latinsk prosa | 15 | 1 | |||||||||
| LAT202 | Latin: Romersk poesi, Horats og Vergil | 15 | 1 | |||||||||
| LAT203 | Latin: Stilskriving og romersk retorikk og filosofi | 15 | 1 | |||||||||
| LAT251 | Latin: Romersk historieskriving med bacheloroppgåve | 15 | 1 | |||||||||
| LAT254 | Latin: Fordypningsstudium med bacheloroppgåve | 15 | 1 | |||||||||
| Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utveksling 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utveksling 1/2 semester - 15 stp | - | - | ||||||||||
| Utveksling 2 semester | - | - | ||||||||||