|
Behandling av personopplysningar
Ved Universitetet i Tromsø vert det behandla personopplysningar i samband med forvaltning av utdanningsverksemda, i personal- og kundeforvaltninga og i mange forskings- og studentprosjekt. Dersom behandlinga heilt eller delvis skjer med elektroniske hjelpemiddel, gjeld personopplysningslova og –forskrifta. I tillegg har Universitetsdirektøren fastsett lokale instruksar og rutinar
Formålet med reglane er å verna den enkelte mot at personvernet vert krenka gjennom behandling av personopplysningar. Reglane skal bidra til at opplysningar vert behandla i samsvar med grunnleggande personvernomsyn; herunder behovet for personleg integritet, privatlivets fred og god kvalitet på personopplysningane. Det er med andre ord viktig at opplysningane berre vert bruka til det dei skal brukast til, at det ikkje vert registrert opplysningar ut over det som er relevant og lovleg og ikkje minst at vi har gode rutinar som sikrar at uvedkommande ikkje får tilgang til opplysningane.
GENERELT
Tilsette og studentar som behandlar eller skal behandla personopplysningar, må setja seg inn i dei lovene og reglane som er aktuelle for hans/hennar arbeid. Når det gjeld interne reglar, gjer vi særleg merksam på instruks for behandling av personopplysningar ved Universitetet i Tromsø, som gjeld for alle typar register.
STUDENTREGISTER
Tilsette som arbeider med studentregister, må i tillegg ha kjennskap til rutinar for behandling av studentopplysningar.
FORSKINGS- OG STUDENTPROSJEKT
For forskings- og studentprosjekt gjeld spesielle rutinar. Det ligg elles meir opplysningar om personvern og forsking her.
ANDRE RELEVANTE REGLAR
Her er nokre andre relevante lenker:
Lov om behandling av personopplysninger (personopplysningslova)
Forskrift om behandling av personopplysninger (personopplysningsforskrifta)
Retningslinjer for bruk av universitetet sine IT-ressurser
Informasjonssikkerhet ved Universitetet i Tromsø
Datatilsynet
|