Diskuter etiske problemstillingar med brettspel
Spel frå Decide blir brukt over heile Europa for å få
unge til å diskutere etiske problemstillingar. No er spela og omsett
til norsk.
Det finst spel på følgjande tema:
- Gentesting av befrukta egg (preimplantasjonsdiagnostikk - PGD)
- Stamceller
- Xenotransplantasjon
- Nevrobiologi
- Hiv/aids
- Nanoteknologi
Spela tek ut utgangspunkt i fire ulike politiske standpunkt. Stamcellespelet
tek for eksempel utgangspunkt i følgjande standpunkt:
- Stamcelleforsking skal berre kunne utførast med stamceller
frå vaksne eller stamceller frå navlestrengsblod.
- I tillegg til å bruke stamceller frå vaksne og navlestrengsblod,
kan stamcelleforsking utførast ved å bruke overtallige
befrukta egg som er mindre enn 14 dagar gamle og som elles ville blitt
kasta.
- Stamcelleforsking kan og utførast på befrukta egg som
er laga spesielt for forsking ved hjelp av IVF (in vitro-fertilisering
eller prøverørsbefruktning).
- Det er og mogleg å lage befrukta egg der ein set inn arvestoffet
til ein person som treng behandling (dette blir gjerne kalla kjerneoverføring
eller terapeutisk kloning).
Deltakarane skal ved hjelp av spelet diskutere seg fram til kvad ei meiner
om dette.
Slik spelar de:
- De skal spele i grupper på 4-8 personar. Kva spelar skal eit
spelebrett og kvar gruppe skal ha et sett med kort.
- Ved hjelp av infokort, temakort og personkort skal de samle informasjon.
- Deretter skal de diskutere temaet. Deltakarane kan enten delta i diskusjonen
som seg sjølve eller dei kan bruke spelet som rollespel der de
for eksempel spelar ein av personane på personkorta i spelet.
De kan ha fri diskusjon eller snakke på omgang. De brukar korta
de har valt for eksempel til å underbyggje argumenta dykkar eller
til ta opp problemstillingar. Dersom diskusjonen er vanskeleg eller
går tregt, kan de bruke utfordringskorta for å kome vidare.
- Diskusjonen skal ende med at de lager ein utsegn der de fortel kva
gruppa meiner om emnet. De skal og fylje ut eit diagram og vise kva
kvar og ein av på gruppa meiner i forhold til dei fire politiske
standpunkta.
Klarar de å kome fram til eit felles standpunkt? De kan for eksempel
tenkje at de er eit politisk parti som skal fortelje veljarane kva de
meiner. Kva får veljarane om dei stemmer på dykk? Dersom
de ikkje klarer å samle dykk rundt eit av de fire standpunkta
i spelet, kan de formulere ei eige femte standpunkt. Det kan for eksempel
vere ein variant av eit av dei andre standpunkta.
- Når de har avgjort kva de meiner, kan de gå til nettsida
www.playdecide.org og laste opp svaret dykkar i ein europeisk database.
Der kan de og sjå kva ungdom over hele Europa meiner om dette
temaet.
Det er og mogleg å bruke temakorta som et hjelpemiddel for å
diskutere enkelte problemstillingar i klassa.
Førebuingar
- Kjøp inn farga ark (oransje/raude, gule, blåe, grøne).
Bruk gjerne tjukke ark (120 eller 160 g/m2)
- Last ned Decide-spel frå playdecide.org:
Om
stamceller
Om gentesting
av befrukta egg (PGD)
Spela inneheld: spelebrett, kort (infokort, temakort, personkort, utfordringskort
og gule kort) samt skjema og diagram til bruk ved utforming av utsegna.
- Skriv ut spelet og kopier over på farga ark. Detaljert omtalte
av dette finner du på naturfag.no: "Spill
frå Decide"
Der finn du og lenker til dei andre spela.
- På naturfag.no finner du og lærarrettleiinga "Slik
spiller dere Decide" med meir detaljert forklaring på
kva de skal gjere i dei ulike fasane av spelet.
Dekkjer kompetansemål i læreplanen
Spela kan brukast i vidaregåande skule i forbindelse med Naturfag
vg1 bioteknologi der ein skal gje ei oversikt over ulike former for medisinsk
bruk av bioteknologi og vurdere informasjon om og drøfte etiske
spørsmål knytt til bioteknologi. Dei kan og brukast i biologi
2 der ein blant anna skal gjere greie for den biologiske verdien av stamceller,
forklare prinsippa for reproduktiv og terapeutisk kloning og drøfte
etiske sider ved val av ulike kjelder for stamceller og formulere og drøfte
problemstillingar kring bruk av gendiagnostikk og genterapi på menneske
Spela er omsett til norsk av Forskerfabrikken med støtte frå
Bioteknologinemnda og Forskingsdagane.
Oppdatert 02.07.2007
|