Elektroniske pasientjournalar på nasjonalt nivå

print
(28.02.2007) Gunnel Helmers 

I eit nytt arbeidsdokument gir Artikkel 29-gruppa ei rekkje tilrådingar til land som vil ta i bruk nasjonale, elektroniske pasientjournalar. Gruppa er eit rådgivande organ oppretta av EU-kommisjonen.

Artikkel 29-gruppa har som oppgåve å drive fram koordinering og synkronisering av EU/EØS-landa sitt nasjonale personvernarbeid, med utgangspunkt i personverndirektivet.

- Elektroniske pasientjournalar kan gi betre kvalitet og datatryggleik for medisinsk informasjon enn den tradisjonelle forma for medisinsk journalføring, skriv Artikkel 29-gruppa i arbeidsdokumentet. Frå ein personvernståstad må ein likevel vektleggje at journalsystema ikkje berre kan behandle større mengder data, men også kan medføre at pasientjournalane blir tilgjengelege for fleire personar

I det ferske arbeidsdokumentet gir gruppa konkrete tilrådingar innan 11 område:

1.Respekt for handlefridom

2.Identifikasjon og autentisering av pasientar og helsepersonell

3.Autorisasjon for å kunne gå inn i dei elektroniske pasientjournalane

4.Bruk av pasientjournalane for andre formål

5.Organiseringa av strukturen i journalsystemet

6.Kva kategoriar data skal lagrast i journalane

7.Internasjonal overføring av pasientjournalar

8.Datatryggleik

9.Openheit og pasientane si moglegheit til kontroll med kven som les eigne opplysningar

10.Ansvarsspørsmål 

11.Kontrollmekanismar

Les anbefalingane her (pdf, nytt vindauge)

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy