|
(12.04.2007) Gunnel Helmers
|
Kommunar kan ikkje krevje at pleie- og omsorgstrengande personar har nøkkelboks utanpå huset, seier Sosial- og helsedirektoratet. Datatilsynet er fornøgd med avgjerda.
Sosial- og helsedirektoratet vurderte ordninga med bruk av obligatoriske nøkkelboksar for brukarar av pleie- og omsorgstenesta, på spørsmål frå Hamar-politikaren Borgny Nygaard.
Nøkkelboksar er låsbare småskap der nøkkelen til inngangsdøra til den pleie- eller omsorgstrengande blir oppbevard. Boksen skal kunne opnast med ein universalnøkkel som pleiarane ber med seg.
Datatilsynet har erfart at fleire personar oppfattar nøkkelboksane som stigmatiserande. Boksane vil blant anna kunne fungere som eit synleg teikn på at det bur ein hjelpetrengande person i bustaden.
Datatilsynet vurderte saka, og skreiv at nøkkelboksane kan røpe eit klientforhold, og at saka blir spesielt uheldig dersom nøkkelboks ved inngangsdøra blir eit kriterium for å kunne få pleie og omsorg i eigen heim.
Sosial- og helsedirektoratet sluttar seg til at det ikkje kan stillast slike krav, og seier at dette prinsippet må vere retningsgivande for alle kommunar i landet.