- Om adresselistene berre inneheld det ein kallar grunndata, kan ikkje adressemeklinga sjåast på som ein trussel mot personvernet, og verksemdene vil ikkje trenge samtykke frå dei registrerte, seier Hanne P. Gulbrandsen, saksbehandlar i Datatilsynet. Ho understrekar at ein med grunndata meiner namn, adresse, telefonnummer og fødselsdato. Mobiltelefonnummer for å sende sms eller e-postadresser kjem derimot ikkje inn under denne kategorien, og kan derfor ikkje leigast ut utan samtykke.
Listesjekk
Leigar skal alltid sjekke listene opp mot Reservasjonsregisteret før bruk, slik at dei som har reservert seg ikkje mottar uønska marknadsføring. Eit problem her er at barn under 15 år sjeldan er registrert i dette registeret. Adressemekling av lister der så unge er registrert skal derfor ikkje skje etter Datatilsynet si vurdering. Dersom adresselistene inneheld informasjon som kan gje indikasjonar på sensitive forhold, skal listene heller ikkje leigast ut. All bruk av personopplysningar må i så tilfelle være basert på samtykke frå den registrerte.
Informasjonsplikt
Verksemdene har plikt til å opplyse kundane sine om at ei formidling av personopplysningar vil finne stad, og om kva for nokre opplysningar som vil verte nytta til kva. Når forbrukarane mottek direkte marknadsføring har dei også krav på å få vite kvar opplysningane er henta frå utan å måtte be om det. Alle desse informasjonskrava er sett for at forbrukarane skal ha muligheit til å reservere seg mot direkte marknadsføring i verksemdene sine eigne reservasjonsregister.
Detaljerte retningslinjer
Datatilsynet har utarbeidd eit grunnlagsdokument der meir detaljerte retningslinjer for adressemekling er skildra. I dokumentet vert det presisert kva for nokre muligheiter og plikter eigar, leigar og meklar har i forhold til den registrerte sine rettar.
Les hele notatet (pdf-format, nytt vindu).