Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 06-07
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Om Høgskulen / Organisasjon og leiing / Nytt gradssystem / Cand.mag. eller bachelor? /

Cand.mag.grad eller bachelorgrad?

For deg som har vore student i nokre år og no skal ta til på eit nytt studieår vil endringane i studia bli merkbare, men ikkje i same omfang som for nye studentar i faste bachelorløp. Utanom bachelorløpa kan du framleis ta halvårseingar, årseiningar, etter- og vidareutdanningar, eller fullføre ein påstarta cand.mag.-grad.

Den største skilnaden frå tidlegare er at du no kan velje om du vil ta bachelorgrad eller bli cand.mag. Begge gradene vil krevje fagleg fordjuping, men bachelorgrada vil vere eit 3-årig løp der cand.mag.-grada er 4-årig. Begge gradene vil gjennom fagkombinasjonane du vel kunne gi opptaksgrunnlag til hovudfag og mastergrader. Gjennom utdanningsplanen din kan du avgjere kva fag du vil ha med i grada og dei læringsmåla du vil oppnå.

Du må altså velje mellom bachelorgrad og cand.mag.grad. Som ny student kan du ikkje få cand.mag.grad, men påstarta cand.mag.gradar kan fullførast innan hausten 2005.

Forskriftene om bachelor- og cand.mag.-gradene finn du under "For studentar" og "Regelverk".



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Jonny Roar Sundnes 12.07.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning