Informasjon om traineeordning i Noregs Bank
[BOKMÅL]
Områda for finansiell stabilitet og pengepolitikk har traineestillingar. Desse områda representerer eit breitt samansett økonommiljø med oppgåver som spenner frå forsking til marknadsoperasjonar.
Målet med ordninga er å presentere Noregs Bank som ein interessant og utfordrande arbeidsplass for unge økonomar og å tilby ein breiare «innfallsport» enn ved tradisjonelle tilsetjingar. Ordninga rettar seg mot søkjarar som nyleg har teke eksamen på mastergradsnivå ved universitet eller høgskule, og som ønskjer å utvikle seg vidare innanfor områda makroøkonomi og finans.
Programmet går over 1 ½ år fordelt på oppdrag i tre avdelingar. Ein trainee blir tilsett i ei «baseavdeling» og jobbar der eit halvt år. Deretter følgjer hospitering i to andre avdelingar, eit halvt år i kvar. Kvar trainee har fagleg rettleiar / lokal fadder. Programmet gir høve til individuelt studieopplegg etter ein plan som er avtalt med leiaren for «baseavdelinga», til dømes i form av å følgje kurs, seminar eller førelesingar.
Intervju med ein trainee
Traineestillingane blir utlyste på Internett-sidene våre ein gong i året.
Er du interessert i meir informasjon, kan du ta kontakt med Trond M. Johansen, telefon 22 31 64 17, eller sende ein e-post til trond-munkerud.johansen@norges-bank.no.
Noregs Bank Kapitalforvaltning (NBIM) har òg ei traineeordning.