Nyhende
Kultur
Tema






















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 10. april 2002, nr. 10 - 57. årgang

Matkrig, fred og ro

Det er like sikkert som hundemøkk om våren. Ein skokk drittungar marsjerar gjennom gatene og hamrar laus på trommene sine som om det skulle stå om livet. Like sikkert kjem det klager frå studentane, og dei planlegg meir eller mindre kreative motaksjonar som aldri blir gjennomført. Eg veit at eg har veldig få med meg når eg skriv dette, men: Kvar laurdag når eg ser Nordnæs Bataillon stå opplina ved eksersisplassen sin og ventar, mens snuten tauar vekk dusinvis av bilar, må eg glise for meg sjølv. Det er noko herlig kjeklete og opsternasig over det heile - og dei vaksne er med på det! Ingenting var så kjekt i barndomen, som når dei vaksne ville vere med og leike.

I den vesle Spanske byen Bunyol i Valencia, har dei kvar haust ein stor tomatfestival. Den går i korte trekk ut på at dei lempar 125 tonn solmodne tomatar ut i gatene, mjukare og søtare enn du nokon sinne har sett i hyllene på Kiwi. I pur livsglede kastar hordar av Bunyolarar seg ut i ein gigantisk tomatkrig, saman med 27.000 tilreisande festløver frå heile verda. Dei kjem eins ærend til byen for å grise rundt i tomathavet. Etter vel to timars kamphandlingar kjem brannvesenet og spylar by og krigsherrar reine. Og så går alle dryppande våte mot byens barar og cafear for å skryte av strategi og militære bravader. Kva har dette med Bergen sine larmande buekorps å gjere?Paralellen er åpenbar. Begge er omstridne tradisjonar som skaper liv og røre. Begge er friske innspel frå folkesjela, og motstykke til TV-kveld med Grandis. Tørrpinnane er imot det sjølvsagt, men tørrpinnane er alltid imot slikt.

Studentane, som likar å sjå på seg sjølve som rabulistar og forsvararar av det personlege initiativ, endar sjølv opp som mørkemenn. Knusktørt gravalvor og borgarleg snusfornuft frå ende til annan. Medan buekorpsa trommar på Skansen, sit skaren av lesehestar med øyrene på stilk på motsett side av byen og prøvar å skjelne trommelyd gjennom traffikkstøyen utanfor. I Spania fins det heilt sikkert også nokre surpompar som vil ha slutt på svineriet, og ser på tomatkrigen som ei kostbar og meiningslaus forstyrring av fred og ro. Dei meiner nok at ein burde bruke pengane på barnehageplassar i staden. Men kva er det som er så gøy med det?

Grunde Grimstad
Er tilknytta Studvest sin nyhenderedaksjon
10.04.02

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18