Nyhende
Kultur
Tema






















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 10. april 2002, nr. 10 - 57. årgang

Les ein Stortingsmelding 27 på jakt etter eit konsistent kunnskaps- og læringssyn, så finn ein ikkje det. Men Del 2, Helhetlig læringsmiljø, inneheld ei rekke endringssignal som er i tråd med tendensar vi finn internasjonalt i høgare utdanning, meiner professor Olga Dysthe ved program for læringsforskning på UiB.

Pedagogiske utfordringar i Kvalitetsreformen

Vi kan like eller mislike dei, men i denne kronikken vel eg å fokusere på nokre av utfordringane som kan betre studiekvaliteten. Det viktigaste er kanskje at alle fagmiljø no er nøydde til å sjå faginnhald, undervisningsformer og vurderingsformer i samanheng, og dermed tenkje gjennom spørsmålet: Kva skal til for at studentane lærer? i høve faget sin eigenart og målsetjing. Kvalitetsreformen inneber følgjande konkrete krav:
• Tettare samanheng mellom undervisning og vurdering
• Større mangfald av undervisningsmetodar
• Meir vekt på studentaktiviserande undervisningsformer
• Meir bruk av IKT basert undervisning
• Forpliktande studentdeltaking i undervisninga
• Fleire obligatoriske arbeid undervegs
• Tettare oppfølgjing av studentane, t.d. i form av tilbakemelding og undervegsvurdering
• Vurderingsformer som er meir læringsorienterte, t.d. mapper
• Endra bruk av ekstern sensor

For det fyrste kan ein sjå dette som eit resultat av endringar i synet på korleis studentar lærer, frå ei einsidig tru på at kunnskap kan overførast, til ei oppfatning av at læring først og framst skjer gjennom aktivt arbeid med stoffet og samspel med andre. For det andre heng pedagogikken saman med samfunnsmessige endringar, ikkje minst informasjonssamfunnet som fører til at det å kritisk kunne vurdere kunnskap og det å lære å utvikle kunnskap blir viktigare enn å kunne reprodusere eit fagleg innhald. Samstundes krevst det solide basiskunnskapar og språkleg dugleik. For det tredje ser vi at arbeidslivet sine krav om stadig omstilling og livslang læring også verkar i retning av å vektlegje sjølve læringsprosessane i høgare utdanning på ein heilt annan måte enn tidlegare.
Kvalitetsreforma inneber ei rekkje pedagogiske endringar som har stått på studentane si ynskjeliste i lang tid. At mange er redde for tap av fridom er ikkje overraskande, for alle vil gjerne ha i pose og sekk, men etter mitt syn er det langt overmodent å krevje også av norske studentar at dei t.d. må skrive regelmessig på alle nivå, og at dei må forplikte seg til å delta aktivt i undervisning som er gruppe- eller seminarorganisert. Slik eg ser det, har vi no ein unik sjanse til å utvikle langt meir varierte læringsmiljø, men det vil vere heilt avhengig av samarbeid mellom studentar og lærarar. I utviklingsfasen treng vi studentar som arbeider aktivt i fagutvala, som skaffar seg pedagogisk innsikt, og har mot og vilje til vere pådrivarar for utradisjonelle forsøk. Modulorganiseringa gjer at alle fag no må drøfte læringsmål, fagleg innhald, undervisningsformer og vurderingsformer for kvar modul. Kva slag kombinasjon av undervisning og vurdering vil gje best læring?
Neste store utfordring er å sjå på heilskapen i eit studium, både når det gjeld metodemangfald, arbeidsmengde, og innhald. St. meld. 27 legg vekt på å bruke heile spekteret av arbeidsformer: «forelesninger, skriftlige arbeider, IKT-basert undervisning, gruppearbeid, seminarer, veiledning, praksis/utplassering, laboratoriearbeid og problembasert læring».
Studentaktiv undervising er alle i prinsippet for, men er studentane villege til å investere det som skal til? Læringsutbyttet ved samarbeidslæring er godt dokumentert, men det krevst opplæring og trening i gruppeprosessar, responsgiving, munnleg presentasjon, og bruk av IKT som pedagogisk reiskap. St.m. 27. hevdar at reformane i skoleverket gjer at framtidige studentar har desse dugleikane, men mi erfaring tyder på at det ikkje er tilfelle med dagens studentar.
Større vekt på obligatoriske oppgåver er det også brei semje om. Men på fag med store studentgrupper vil tilbakemelding og rettleiing frå lærar på alle skriftlege tekstar bryte alle ressursrammer. Etter mitt syn må vi satse på løna og godt opplærte studentassistentar kombinert med systematisk opplagt medstudentrespons, slik tilfelle er ved mange utanlandske universitet.
Når det gjeld vurderingsformer, er hovudtendensen i Kvalitetsreformen større variasjon og meir vekt på såkalla formativ vurdering, dvs. vurdering som støttar opp under læring. Igjen er endringane i pakt med tendensar internasjonalt: Frå einsidig vekt på skriftleg slutteksamen i retning av alternativ som t.d. porteføljevurdering, frå einsidig lærar- og sensorvurdering i retning av meir sjølvvurdering og medstudentvurdering, frå individuell eksamen til også gruppe- og prosjekteksamen, frå implisitte til eksplisitte kriterier, frå einsidig produktvurdering til også prosessvurdering. Finst forsøksviljen eller går vi for det trygge?
Mappevurdering har fått mest omtale, men det finst ulike mappemodellar og måtar å bruke dei på. Ved NTNU tilset HF-fakultetet ein person til å leie mappeprosjekt, og ved UiO har UV-fakultetet på andre året brukt omstillingsmidlar til ei full stilling med ansvar for evaluering av alle mappeforsøka. Dette signaliserer at endring av vurderingformer får store pedagogiske konsekvensar og det er nødvendig å investere tid og ressursar på utviklings- arbeidet.

10.04.02

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18