Nyhende
Kultur
Tema






















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 10. april 2002, nr. 10 - 57. årgang

Gotisk herredømme

Det alternative klubbkonseptet Dominion rekna med å gå i underskot då dei henta band heilt frå Mexico. Men då rekna dei ikkje med publikumet sitt.

Frykt og avsky: Mellom andre Christopher Lee som Dracula gjorde digital gjesteopptreden på Hocico sin konsert.

Fyste april og fortfarande påske flytta synth- og gothklubben Dominion seg frå sin vanlege tilhaldstad, Hulen, til Agora. Ein heil kveld sørga dystert sminka og svartkledde menneske for å gjere det meir mainstream klubblokalet til ein undergrunn som hadde gjort Anne Rice (En vampyrs bekjennelser) varm om hjartet. For anleiinga hadde Dominion fått tak i den meksikanske duoen Hocico, eit ukjend band for dei aller fleste i Noreg, men eit viktig band på den internasjonale industrialscena. At konserten attpåtil hamna på ein heilagdag, gjorde at Dominion rekna med å gå i underskot på arrangementet. Men det hindra dei ikkje i å halde fram.

Sinte meksikanarar på Agora
Studvest møter Martin Krohg og Eira Monstad frå styret i Dominion nokre dagar etter konserten. Begge er godt nøgd med arrangementet, og sit attende med inntrykk om at dei som kom hadde ein vellukka kveld.
– Korleis fekk Dominion eit så tilsynelatande viktig band som Hocico til vesle Bergen?
– Vi fekk tilbod om å bli gjesta av dei gjennom den skandinaviske promotøren Cyberware, fortel dei.
– Hocico er på turné i Europa, og sidan vi lenge har prøvd å få dei til Bergen, såg vi på dette som ein ypperleg moglegheit. Dei er ganske store i utlandet, spesielt i Tyskland, og har vore forgjengarar for tung industrimusikk. Likevel kjenner svært få egentlig til dei i Noreg, og dette vart difor eit fint høve for å utvide horisonten for det tilbodet vi presenterer for publikummet på Dominion. Eira legg til at Hocico er eit spennande band ikkje berre fordi dei er store innan sin sjanger, men også fordi dei har eit svært interessant bodskap i musikken sin.
– Hocico talar i mot den meksikanske regjeringa og det meksikanske levesettet. Dei prøver å rette søkjelyset mot dei veldig seriøse problema Mexico har. Bandet har eit veldig kritisk og aggressivt image, men det er vanskeleg å få merksemd utan å sjokkere. Namnet Hocico, til dømes, er ein derivasjon av «Callate el hocico!» på spansk, som er ein veldig fornærmande måte å be nokon halde kjeft på. For bandet passar dette godt med deira tenkjesett.

– Ein institusjon
Vi vender attende til konsertkvelden. Oppvarmingsbandet Accessory spela tung men standardisert techno, og sjølv om det kanskje ikkje er den mest populære sjangeren innan Dominionmiljøet, greidde dei tre tyskarane likevel å fyre oppunder stemninga. Konserten vart nok likevel litt for lang og einsformig, og mange gjekk og satte seg før Accessory var ferdig å spele. Dei fleste Studvest snakka med i pausa mellom banda syntes det var merkeleg å ikkje vere på Hulen, og at ein ikkje fekk den rette stemninga på Agora. Likevel virka dei aller fleste godt nøgd.
– Konserten var ei oppleving, fortel Martin Krohg i etterkant.
– Det var bra med folk trass i at det var ein heilagdag. Banda virka nøgde, og det var i seg sjølv ein vellukka kveld. Det viktigaste for meg personleg er at dei som kjem likar det dei opplever, og at dei har ein hyggeleg kveld.
– Dominion skapar ein atmosfære, noko som gjer at folk ikkje nauydsynt kjem for å høyre på musikken, men for å oppleve stemninga. Fleire av dei eg snakkar med i laupet av ein kveld er meir opptekne av det å vere tilstades saman med likesinna. Klubben har mange medlemmer som føler seg heime blant dei som går her.
– Vil du seie at dette gjer Dominion meir til ein institusjon enn ein klubb?
– Ja, eg har tenkt tanken fleire gonger sjølv. For meg er Dominon meir eit miljø enn berre ein klubb, eit miljø som er ope for alle, og dei fleste medlemmane er veldig åpne og enkle å komme i kontakt med, meiner Martin.
– Det er nye andlet å sjå på kvart arrangement, dei kjem frå alle slags stadar og miljø. Og eg trur dei aller fleste kjem attende att. På den måten synst eg Dominion er veldig vellukka som konsept. Likevel trur veldig mange utanforståande at det er eit lukka miljø, og at det kun er gotharar som går der. Martin forklarar derimot at Dominion i seg sjølv er open for alle som på ein eller annen måte har behov for meir enn kva mainstream utestadar og klubbar kan tilby.
– Sjølvsagt er mange av dei som kjem på Dominion knytta til ein eller annan subkultur, men Dominion ynskjer ikkje at publikum skal vere ein einheitleg masse der alle kler seg likt og har dei samme synspunkta. Dominion er fyrst og framst ein stad for individ. Når vi får ei slik moglegheit som Hocico, der vi kan presentere noko spennande for det varierte publikummet vårt, må vi gripe den, og heller gå i underskot på arrangementet.

Underskotsarrangement
Dominion hadde fireårsjubileum i januar i år, og klubben har på desse fire åra blitt viktig for det alternative miljøet i Bergen. Dei aller fleste har høyrd om Dominion, sjølv om ikkje alle er heilt sikre på kva det er.
– Eg vil påstå at vi presenterer eit breidt utval musikk kvar klubbkveld, seier Martin. Dominion held vanlege klubbkveldar, der deira residente DJar speler alt frå tradisjonell synth til gammal metall, i tillegg til spesielle evenement. Dette inkluderer konsertar og release-parties, som Lise «Nemi» Myhre sin pre-release av Nemi: The Soundtrack. I tillegg kjem temakveldar som til dømes Juledominion, og Halloween i Oktober, som er det store Dominion-arrangementet kvart år.
– Dominion rekna altså med å gå i underskot på dette arrangementet. Er ikkje dette ganske unikt i denne samanhengen?
– Tja... Vi er ein non-profit organisasjon. Målet vårt er å gje Bergen eit alternativt tilbod til dei vanlige konsertane og klubbane ein finn her i byen. Det er viktig å kunne variere, og å vise eit mangfald også i eit undergrunnsmiljø. Dominion sitt publikum er alt frå gotharar til syntharar til metall-folk, og Dominion ynskjer å presentere tilbod som appellerer til alle desse. Då kan ein ikkje nauydsynt knytte det opp mot omsetning, men heller fremje miljøet som ein heilskap.

Makaber musikk: Lekre lakkledde leikamar rid på rungande rytmar heilt frå Mexico.

–  Kryssklippa symbiose
Då stunda for at Hocico skulle gjere entré endeleg kom, vart ein prosjektør skrudd på, og filmklipp slo ut på skjermen bak scena. Kryssklippa bilete frå kjende skrekkfilmar og... porno...? Martin ler.
– Det var eit samspel mellom dei pornografiske bileta og skrekkfilmscenane som ikkje vart så absurd som det kan høyrest ut som. Sett inn i denne konteksten trur eg ikkje ei sjel i lokalet fekk det same ut av pornoen som det dei kanskje ellers ville fått. Det vart noko ekstra morbid og grotesk over det, det gjekk inn i ei symbiose med musikken. For meg var ikkje filmen spesielt viktig, og det var ikkje det eg konsentrerte meg mest om under konserten. Det var musikken. Nettopp musikken var ganske hard og valdsam, og det virka som om dei to meksikanarane leverte varene. Med skarpe, elektroniske melodiar og sint kakemonstervokal var lydbiletet ekspressivt og utfordrande. Likevel vart også denne konserten noko langdryg, og sjølv om Hocico klarte å unngå å gjenta seg sjølve vart det litt mykje i lengda. Men folkemengda framfor scena såg ikkje ut til å keie seg. Stemninga var høg etter berre få minutt, og det virka ikkje på oss som om nokon i heile lokalet reagerte negativt på filmklippa. Hocico vart trampeklappa attende på scena etter siste song, og spela fleire ekstranummer. Det var ingen tvil, publikummet framfor scena var godt nøgde. Alt dette trass i komplikasjonar kvelden før konserten.
– Vi var litt nervøse for om dei to i det heile skulle kunne komme på, medgår Krohg. Den eine av dei hadde fått øyreinfeksjon og måtte på legevakta for å få det undersøkt. På legevakta fekk han beskjed om at han måtte oppsøkje spesialist når turnéen er over, og dei var i det heile usikre om dei kunne fullføre. Men det gjekk altså bra, og dei svartkledde skarane kunne stige fram frå skuggane for å nyte ein Dominion-kveld i nye omgjevnader.

Tekst: Bjørn Terje Bøe
Foto: Andreas Hellesøy
10.04.02

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18