Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06 / 55 54 52 21
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 21. august 2002, nr. 16 - 57. årgang

Overdose konge

I den siste tida har ein i media brukt svært mykje plass på å hylle og forfriske minnet av Elvis. Ikkje ein kjeft har gått glipp av at fans verda over, samt ei samla presse, feira 25-års jublieet for «kongen» sin bortgong sist fredag. Det kunne vore interessant å vite kva for stoff som måtte vike for at alle alfabete menneske i den vestlege verda skulle vere klar over dette viktige faktumet. Kvifor denne nærast morbide interessa over noko som vanlegvis burde vere Se & Hør sitt bord?

Brylcreemguten frå Mississippi må vere den mest opphypa og oppskrytte populærkulturelle personlegdomen i historia, ved sidan av «prinsesse» Diana. Dei siste vekene har Elvis-jubileet og «everything Elvis» vore hovudfokus i kulturmedia. Heile Noreg, for ikkje å tale om resten av den vestlege verda, får det same oppgulpet om Elvis opp og i mente. Journalistar i lokalblekker så vel som hovudstatdsaviser står fram og fortel om sitt personlege høve til Kongen. Ikkje sant? Elvis vert skrytt opp i skyene, og det er ganske openbart at Elvis i dag er eit viktigare ikon enn tilmed Jesus i den vestlege verda. Det herskar liten tvil om at Elvis var ein god entertainer og god songar. Tidleg i karriera, vel å merkje. I det han trådde scena i Vegas for fyrste gong forsvann all integriteten til den unge og smukke landshelten med den rufsete brylcreemsveisen og det skeive gliset. Likevel er det frå denne preioden av livet hans han vert hugsa. Men det er ikkje Elvis-fanatismen som er det kritikkverdige, det er korleis media slår opp rundt jubileet for Elvis sin bortgong som ei storhending. Det er Dianakomplekset. Elvis og Diana er begge populærikon, som har vortne martyrar for Se & Hør-folket. Hovudstadsavisene nektar for det, men dei elskar å skrive Se & Hør-aktig materiale. Å skrive om Elvis eller Diana er nesten som ein våt draum for dei, virker det som.

Ein skulle tru at enkelte av avisene hadde integritet nok til å snuse opp betre saker som kunne konkurrere med Elvis-overdosen det norske folk har lidd av i det siste.

Eg vel å sitere den amerikanske komikaren Denis Leary som ein avsluttande kommentar, og for å hjelpe alle å hugse Elvis slik han var på dagen som vart feira: «He was found in the toilet, with his pants around his ankles, and his big, fat, hairy, sweaty, king of rock and roll ass exposed to the world, and his final piece of kingly evidence floating in the toilet behind him! Creepy!»

Bjørn Terje Bøe
Er tilknytta Studvest sin kulturredaksjon
21.08.02

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18