Oppdagingsferd i kjende strok
 |
SOM EI KULEI 1665 stod det sjøslag på Vågen. Denne
kanonkula i fasaden på Domkyrkja vitnar om alvoret.
|
Ikkje alle som vitjar Bergen vonar sjå Bryggen,
Haakonshallen og Troldhaugen. Trange smug og bratte gater
midt i Bergen by har historier å fortelje som skulle kunne
trollbinde dei fleste, spesielt dei med ei smule lokalhistorisk
interesse. To separate byvandringar, ei sentret rundt
Lille Øvregate og dei omliggjande stroka, og ei på Nordnes,
begge på høvesvis to timar, er tilbodet Bergen Guide Service
har for dei som har høyrt nok om Bryggen og Rosenkrantztårnet,
eller for dei som skulle vona å kjenna byen sin betre.
|
 |
På oppdagingsferd i nærområda. Guide Målfrid Krohn
Sletten gjer forvitne turgåarar kjende med interessante
småhendingar frå lokalhistoria.
|
| |
 |
| |
Kyrkjebyen. Berre eit knippe av dei gamle middelalderkyrkjene
i Bergen står fortfarande. Domkyrkja ragar som ein
majestetisk fortidsleivning på det kristne Bergen.
|
| |
 |
| |
Uvanleg fauna. Hollendergata husar mange rare
dyr.
|
Historie i eigne tun
Vi møter opp ved Holbergsstatuen på Vågsalmenningen laurdag
ettermiddag, og finn tak i guiden vår, Målfrid Krohn Sletten,
innflyttar og bergenser berre av overtyding. Resten av
gruppa ser ut til å bestå av bergensarar, og eit hollandsk
par. Men dei bur utanfor Florø og snakkar norsk, så det
er med andre ord ikkje snakk om ein nemneverdig internasjonal
tropp som skal utforska dei trange smug.
Verdsbyen Bergen
Initiativet til vandringa kom frå Krohn Sletten sjølv
og ein kollega hjå Bergen Guide Service, som båe hadde
vore på fleire slike lokalvandringar i byar som London
og Berlin. I London kan ein mellom anna følgje i spora
til Jack the Ripper i Whitechapel-distriktet, eller oppleve
Charlie Chaplin sitt London. Først måtte ein finne ut
kva som var relevant å ha med i ei slik vandring, og det
krevde mykje fotarbeid og forsking på lokalhistorie.
Dantes Inferno og Leo Bergensis
Turen vår startar ved Korskyrkja og ei påminning om det
kyrkjelege Bergen. Det er kanskje mange kyrkjer i Bergen
i dag, men det er ingenting i høve kva det tidlegare har
vore. Bergen var ein internasjonal by på eit svært tidleg
tidspunkt, og det er ikkje berre den kristelege kulturarven
som viser dette, men faktisk så banale leivningar som
gatenamn. Sjølvsagt. Hollendergaten, der turen tek vegen,
er eit slikt døme. Her får vi mellom anna vite om den
tidlegare ølstova «Dantes inferno», som visstnok skal
ha vore ein stad der det sikkert var liv laga. Like attmed
finn ein nokre merkjelege etterleivningar frå byrestaurasjonar
etter dei tallause brannane i byen, som den mystiske løva
utanfor Hollendergaten 10, rett over gata frå Dyvekes.
Ikkje eit vanleg eksempel i den bergenske faunaen.
Tragiske lagnader
Ved krysset av Nedre Hamburgersmau og Lille Øvregate
ligg ein nøytral liten plass kjent som Cille Gads Plass.
Krohn Sletten fortel om korleis dottera etter ein embetsmann
på 16– 1700-talet, lærd i både latin, gresk og hebraisk
fell for ein sjømann frå Holland, og vert gravid. Då ungen
kjem daudfødd lenge for tidleg anar ein ei udåd, og Cille
vert dømd til døden etter heile tre rettssakar, mellom
anna framfor Høgsterett. Ein dansk professor, sjokkert
over at ein i det heile vurderer å avrette ei lærd kvinne,
greier å overtyde kongen om å gje ho nåde. Cille Gad skal
ha publisert fleire kjende poesi- og prosaverk, og døydde
av pest i København i 1711.
I Lille Øvregate 27 budde bøddelen. Skarprettar Johannes
Mühlhausen, den siste bergensaren tilsett som bøddel her
i byen. Etter han vart skarprettarar leigd inn frå andre
stadar. Krohn Sletten fortel om den siste jobben hans
i Bergen by i 1825, avrettinga av Jens Fenstad.
– Fenstad var veldig flink til å teikne. Litt for flink,
sidan det han teikna var pengesetlar, seier Krohn Sletten.
Han vart dømd til døden heile fire gongar for falskmynteri.
Til sin ven og cellekamerat Gjest Baardsen skal Fenstad
ha sagt om den siste dommen sin at at han aksepterte straffa
denne gongen.
– Eg er jo trass alt uboteleg, skal han ha sagt.
Tragiske skjebner leid også dei leprasjuke pasientane
ved St. Jørgens hospital i Marken, «dei levande daude»
som dei vart kalla. Det velkjende museet der er eit minne
over dei sjuke som hadde trygg losji der, og også om Armauer
Hansen, mannen som oppdaga leprabasillen, og som injiserte
basillen inn i friske menneske for å studere effekta av
den. Då han erklærte seg ikkje skuldig på grunnlag av
at vitskapen var hans gud, vart han raskt frådømt retten
til å praktisere medisin.
Vi høyrer mellom anna om slaget på Bergen Våg i 1665 og
minnet etter det i fasaden på Domkyrkja, svingbrua ved
Lungegaardsvatnet, Edvard Grieg sitt manifest til Tanks
Skole, og fleire, meir obskure detaljar frå lokalhistoria.
Detaljar som bør opplevast på vandringa, ikkje etterfortalt
på trykk. For dei som interesserer seg for det, vel å
merkje. Det er lite truleg at den som ikkje interesserer
seg for korkje historie eller antropologi, og som ikkje
likar å vandre, vil få noko som helst ut av denne turen.
– Det er i det heile trivselsskapande for nye studentar
at ein prøver å gjere seg kjent der ein har kome. Me har
dessutan mange studentar som guidar hos oss, og det er
berre å ta kontakt for dei som er interessert. Me har
avslutta vandringane for i år, men me tek dei opp att
neste sommar. Den som har lyst kan gå på oppdagingsreise
i smitt og smau sjølv! er oppmodinga frå Krohn Sletten.