Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06 / 55 54 52 21
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 21. august 2002, nr. 16 - 57. årgang

Hybelgaranti blei madrass på sovesal

Ein feil frå Universitetet har ført til fleire brot på garantien om ledige hyblar til utanlandske studentar, og hybelkapasiteten er sprengt. Utanlandske studentar fortvilar over å bli tilbydd flatseng på sovesal framfor eigen hybel.

Tekst: Åge Avedal
Foto: Erik Reitan

Madrasser på kantiner og lesesalar har møtt mange utanlandske studentar som har flytta til Bergen denne hausten. Dei nærmaste vekene står nærmare 50 utvekslingsstudentar i fare for å oppleve det same. Dette til tross for at Universitetet har sendt brev til dei fleste av desse, der dei blir garantert ein stad å bu.
– Universitetet har gitt nesten 330 utvekslingsstudentar tilbod om studieplass, men har berre reservert 260 hyblar hos SiB. Vi har klart å skaffe 20 ekstra hyblar dei siste vekene, men no er alt fullt. Eg tør ikkje tenke på kva som skjer om det kjem ytterlegare 50 fleire studentar, seier ein frustrert Ivar H. Henriksen, direktør for studentbustadane hos SiB.

Prøver sjølv å skaffe hybel
Det er Kontor for utanlandske studentar ved Universitetet som har ansvaret for å skaffe hyblar til dei utanlandske studentane. Henriksen meiner kontoret har gjort eit dårleg handverk i forhold til garantien om ledige hyblar, og stiller seg uforståande til at ein har reservert så få hyblar hos SiB. Han fortel om fortvila studentar som har blitt nøydd til å sove på dei SiB-tilsette sitt lunsjrom og på ein lesesal på Fantoft studentby. Brit Kalsnes, leiar for Kontor for utanlandske studentar, har ingen sikre tal på kor mange fleire utvekslingsstudentar som kjem til Bergen dei nærmaste vekene. Ho meiner noko av grunnen til den uheldige situasjonen skuldast auka pågang frå utanlandske studentar. Ein er dessutan på førehand ikkje sikre på kor mange studentar som kjem, fordi mange søkjer utan å ta imot studieplassen. Kalsnes fortel at ein jobbar på spreng for å finne alternativ til hyblar hos SiB.
– Vi jobbar med å finne hyblar på den private marknaden. Nokre få har og prøvd å skaffe hyblar på eiga hand, fortel Brit Kalsnes.

– Ahmed slit hos private
Kjersti Moe, internasjonalt ansvarleg hos Norsk Studentunion (NSU) i Bergen, meiner det er uhaldbart at studentar må liggje på sovesal, og at det er spesielt ille om dette rammar utvekslingsstudentane. Ho er kritisk til at Kontor for utanlandske studentar har bestilt for få hyblar.
– Universitetet veit kor mange som har søkt seg til Bergen, og burde ha reservert hyblar til alle desse. Så fekk heller dei hyblane som eventuelt blei ståande ledig bli leigd ut til norske studentar. No risikerer ein faktisk at utvekslingsstudentane sjølv må skaffe ein stad å bu. Heiter du Ahmed og ikkje snakkar norsk kan det bli eit slit å komme inn på den private marknaden, meiner Kjersti Moe.

21.08.02

tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4 5 6

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18