Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06 / 55 54 52 21
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 21. august 2002, nr. 16 - 57. årgang

Sjokkert over løftebrot

– Vi er sjokkerte. Universitetet hadde garantert oss hyblar, men no er alt i uvissa. Kor lenge vi må bu slik er det heller ingen som vil fortelje, seier utanlandske studentar Studvest har prata med.

Tekst: Åge Avedal
Foto: Erik Reitan
OPPGITT. – Her er verken kjøleskap eller komfyr, og privatlivet er lik null, sukkar Margit Thöne (f.v.), Peter Bürmann og Herry Hervè.

Mykje hjarterom, men skralt om husrom. Slik er stoda for fire utvekslingsstudentar som for tida har heimen sin på eit lunsjrom på Fantoft. Peter Anderssen (USA), Margit Thöne (Italia), Peter Bürmann (Tyskland) og Herry Hervè (Frankrike) kom til Bergen i slutten av forrige veke. Litt for seint. Og då hjalp det ikkje med allverdas garantiar om eit ledig rom.
– Dette var langt frå forventa, men foreløpig ser vi positivt på det, fortel dei fire smånervøse sambuarane.

Null privatliv
Kjensla av å vere på leir er slåande. Det som til vanleg er lunsjrom for dei tilsette i Studentsamskipnaden er innreia med madrassar og tursekkar. Dei fire rom-kompisane sit rundt eit salongbord midt i rommet. Eit par tomme pilsflasker, eit halvt brød, papptallerkenar, ein illeluktande makrellfilet-boks og eit fillete norsk flagg er med på å skape den nødvendige heimekoselege stemninga.
– Det hadde jo vore ok med eit kjøleskap og ein stad å koke mat. For å få ta ein dusj må vi i idrettshallen. Å bu slik betyr null privatliv. Eg har allereie gjort forsøk på å få meg ein hybel i sentrum, fortel Herry Hervè.
– Folka på Universitetet visste kor tid vi kom, og kunne i det minste sendt ein e-post om situasjonen, legg Margit Thöne til.

Campingliv?
For Peter Anderssen står første natt saman med totalt ukjente folk for døra. Dei tre andre gjekk på norskkurs i lag før dei kom til Bergen. Latteren sit laust hos alle, men er til tider ispedd eit snev av hysteri. Dei har høyrt rykter om at opptil 50 utanlandske studentar står i fare for å komme i same situasjon, og ristar oppgitt på hovudet.
– Foreløpig er eg ved godt mot og eg angrar ikkje på at eg søkte meg til Bergen. Men går det lenger enn tre-fire døgn før eg får meg mitt eige rom vil nok situasjonen endre seg, seier Peter Bürmann. Peter Anderssen har tatt med seg både telt og sovepose til Norge.
– Kanskje eg blir nøydd til å finne meg ein stad å campe nær Universitetet, ler han.

21.08.02

tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4 5 6

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18