Attack of the Clones from Generation 14
Førre veka var som dei fleste fekk med seg Fadderveka.
Alle dei nye studentane i Bergen skulle introduserast til
studentlivet. Bli husreine. Fadderveka er ikkje noko nytt
fenomen, men ein ting merka eg meg: Fjortisgenerasjonen
har nådd steget for høgare utdanning. Eg er sjølvsagt van
med ein og annan fjortis på Kvarteret, men dette er annleis.
På Kvarteret på opningsmåndagen kunne eg ikkje snu meg ein
einaste veg utan å sjå tronge Miss Sixty-jeans som såg ut
som om dei har blitt vakuumpakka rundt på sinnsjukt tynne
jentekroppar. Gutane ser eigentleg ut som BI-gutar flest
(no offense til BI-folk, trur eg), men jentene, dei blonde,
vevre, trangt pakka jentene i rosa og plysj virka forstyrrande
for meg. No er ikkje dette naudsynt ein kritikk til fjortisgenerasjonen
(kven veit, dei likar sikkert ikkje å bli referert til som
«fjortisgenerasjonen». Eg trur eg kallar dei Generation
14 i staden), det er meir ein observasjon. Dei ser jo ganske
like ut alle saman, så å kritisera dei blir ei generalisering.
Enkelte passar nok inn på SV- fakultetet eller Psykologi
Grunnfag, men resten ser for meg litt malplasserte ut. Eg
hugsar i hine hårde (nei. Eg gjer faktisk ikkje det sidan
eg berre har studert i tre år, utan å kome nokon veg kan
eg leggje til. Men det høyrtes ut som ein fin ting å seie
like fullt.) når studentar var ein heilt eigen type. Kva
skjedde med det? Er dette kanskje eit teikn på at resten
av studentmassen skal identifisere seg med ungdomsskulemote?
Blir dette det nye store? Eller blir dei nye studentane
integrert i Fretexmota til oss «etablerte» studentar. Kanskje
dette er generasjonen med studentar som vil styre flaggskipet
til Trond Giske, og gå raskt og effektivt gjennom utdanninga,
og ikkje, sitat Lånekassen, «sose rundt» og studere for
evig tid. Hm. Eigentleg er vel det eg vil fram til om eg
er for gamal for desse jentene, eller om eg skal tilsidesetje
alle tidlegare illusjonar om at jenter i slike klede er
fjorten år gamle. Gud veit kva dei skikkeleg gamle studentane
tykkjer om dette. Eller om sånne som meg. Eg tør ikkje tenkje
på det.

28.08.02