Nyhende
Kultur
Tema




















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06 / 55 54 52 21
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 28. august 2002, nr. 17 - 57. årgang

Undervisningskutt?
Ikkje tale om!

Som eit slag i trynet eller ein ekstremt dårleg spøk. Slik må det ha kjentest ut for kunnskapshungrige studentar på samanliknande politikk (Sam.pol) ved Universitetet i Bergen, som får null undervisning fram mot eksamen i mellomfagstillegget.

Var det dette politikarane hadde i tankane då dei innførte kvalitetsreforma? Å kutte i undervisningstilbodet, og la enno meir bli opp til studentane sjølv? Sam.pol. instituttet brukar reforma som eit påskott for å kutte undervisninga. Målsetjinga om nærmare oppfylgjing av kvar enkelt student får seg eit kraftig skot i baugen. Reformskuta seglar vidare, men fleire isfjell er i sikte: Også på mellomfagstillegget i sosiologi har det denne hausten blitt kutta i forelesningane. Tjue undervisningstimar er liksom alt som skal til for å kunne ta eksamen.

Studentane tar det likevel med ei forbløffande grad av ro og fatning. Sjølv om sinnet boblar hos enkelte, blir det ikkje opprør. At såpass mange finn seg i å bli salderingspostar på Universitetet sine budsjett fortel vel eigentleg litt om kor små vi studentar kjenner oss i kamp mot det store Universitetstrollet. «Det nyttar ikkje likevel», seier mange og med ganske god grunn. Å gje opp er likevel langt frå løysinga.

«Gjer di plikt, krev din rett» var eit av slagorda då kvalitetsreforma var vedtatt. Det er viktig at studentane krev rettane sine no. Det er no reforma er fersk. Det er no vi har sjansen til å yte press for å få den kvaliteten vi har blitt lova. Derfor må ingen finne seg i å få kutt i undervisninga. Dei viktigaste slaga står i møtet mellom studentane og dei tilsette på institutta. På forelesningar, på instituttkontora og i seminar- eller kollokviegruppene. Slå tilbake!

Åge Avedal
Er tilknytta Studvest sin nyhenderedaksjon
28.08.02

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18