Nyhende
Kultur
Tema




















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06 / 55 54 52 21
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 28. august 2002, nr. 17 - 57. årgang

Blir blakk av rabattkutt

– Eg måtte ringe Gaia for å sjekke om det eg las var sant, seier Kjersti Roman oppgitt. Ho skulle bestille nye busskort til seg og mannen sin, då det viste seg at rabatten var teken vekk for studentar over 30 år.

Diskriminert. - Det er merkeleg at det offentlege tillet seg å drive aldersdiskriminering når Universitetet ikkje gjer det, seier Kjersti Roman.
Tekst: Johanne Melkevoll
Foto: Anne Brun

- Det er mange grunnar til at folk fortsatt er studentar etter at ein er fylt 30, seier Roman. Det kan vere sjukdom, fødsler eller andre ting. Sjølv er Kjersti Roman 32 år, utdanna økonom, og har mann og tre barn. Etter ei tid med jobbing og barn studerer ho no administrasjons- og organisasjonsvitenskap for å oppdatere seg i forhold til seinare jobb.
– Det er nødvendig for å fylgje med i utviklinga, seier ho. Mannen hennar er og over 30 år og går på tannlegestudiet.

6400 kroner i ekstrautgifter
Paret bur på Nesttun og er difor avhengige av buss.
– Det er rart at det offentlege driv aldersdiskriminering når Universitetet ikkje gjer det, sukkar ho. Det er jo fullt lov å studere etter at du er 30.
– Kva konsekvensar vil dette få for dykk?
– Det veit eg ikkje enno. I verste fall må ein av oss slutte studia. Det føles ikkje rettferdig. Men med familie og studielån har ein ikkje god råd frå før. På ti månader vert det 6400 kroner ekstra utgifter for mannen min og meg. Det merkast i ein elles trang økonomi. Ein har ikkje betre råd om ein er ein 30 år gammal student enn om ein er 28.

– Dårleg vurderingsgrunnlag
Kjersti er spesielt overraska over den tvilsame handsaminga som ho meiner har gått føre seg i fylkeskommunen.
– Då eg kontakta dei viste det seg at dei ikkje hadde oversikt over kor mange dette ville gjelde, og heller ikkje kva økonomiske konsekvensar det ville føre med seg. Det verkar rett og slett lite gjennomtenkt. Korleis kan ein ta ei beslutning på eit slikt grunnlag? Dessutan kan fylkeskommunen sjølv bestemme korleis ein forheld seg til mange av statens påleggingar. Dette verkar som eit dårleg stykke arbeid både av stat og fylke, seier Roman.

Ferdig når ein er 30?
– Men flest studentar er jo under 30, og desse har fått eit betre tilbod. Ein bør kanskje vere ferdig å studere når ein er 30?
– Det finst mange lange studier, og det er som sagt ulike grunnar til at ein fortsatt er student då. Eg trur det er få som slentrar planlaust omkring når ein er 30, ein har stort sett ein seriøs plan med det ein gjer då, seier ho.
– Dessutan, om det er få studentar over 30, er det vel ikkje noko å bråke med? Alle treng heller ikkje busskort. Det burde vere i staten og fylkeskommunen si interesse at kompetansen i folket aukar, og at ein har dei same rettigheiter som andre studentar og etter fylte 30 år, seier Kjersti Roman.
– Regelen burde bli teken opp til ny vurdering, der ein har bakgrunnsinformasjon om det ein skal fatte vedtak om, og det gjeld både på stat og fylkesplan, avslutter ho.


Har skapt reaksjonar

Reaksjonane mot rabattomlegginga gjer at departementet vurderer dei nye reglane. Eit svar er venta denne eller neste veke.

Stat og fylkeskommune har ikkje same oppfatning omkring studentrabatt-saka.
– Vi må forhalde oss til dei bestemmelsane som staten har pålagt oss, og dei har vi fulgt lojalt opp, seier Rolf Rosenlund, som er nestleder i samferdselsseksjonen i Bergen fylkeskommune. Dette har Alfred Bjørlo, politisk rådgiver i Samferdselsdepartementet, ikkje forståing for.
– Dette er deira eiga avgjerdsle, og den er ganske merkeleg, i og med at det burde vere meir midlar til studentrabattar no etter at staten har bevilga 4,5 milllionar kroner til bussrabatt. Desse pengane har dei ikkje fått før, seier han.

- Fylkeskommunen bløffar
- Det er ikkje sant at Hordaland Fylkeskommune er pålagt å kutte rabatten for studentar over 30. Det er deira eiga avgjerdsle, noko anna er bløff frå deira side, seier Alfred Bjørlo.
– Men kvifor gjev de ikkje pålegg om at alle studentar skal ha rabatt? Då seier de indirekte at de synast at studentar over 30 ikkje skal ha rabattar?
– Nei, bakgrunnen for at dette vart vedteke i Stortinget var at ein vil skape positive transportvaner for unge menneske, og gjerne utsette kjøpet av den fyrste bilen. Men til sjuande og sist er det fylkeskommunen som bestemmer om dei vil gje rabatt for studentar over 30 år, seier Alfred Bjørlo. Jørn Ryssdal, som er 1.konsulent og saksbehandlar i samferdselskomiteen, vil ikkje kommentere ytterlegare dei nye reglane og det som eventuelt vil skje med dei.
– Eg kan bekrefte at vi har fått henvendelsar frå studentar og studentorganisasjonar som tykkjer dette er urettferdig. Vi arbeider med eit svar til desse som enno ikkje er ferdig. Før det vil eg ikkje seie noko om korleis reaksjonen blir, seier Ryssdal. Svaret vert mest sannsynleg ferdig i løpet av dei nærmaste dagane.

28.08.02

tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4 5 6

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18