Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06 / 55 54 52 21
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 11. september 2002, nr. 19 - 57. årgang

Universitetet er tilsynelatande demokratisk. Men kvar gong det er val på dei som skal representera studentane er det svært få som gidd å røysta. I sist val til studentrådet var det berre nokre få prosent av studentane som deltok. Dei fleste kan vera samde i at det er eit stygt demokratisk problem når berre nokre få hundre får det avgjerande ordet om kven som skal ta viktige avgjerder på universitetet, skriv Svein Olav Langåker, hovudfagsstudent i samanliknande politikk og aktiv medlem av Studentersamfunnet.

E-demokratiet på universitetet

For å setja det på spissen kan det vera to årsaker til at så mange er heimesitjarar. Anten synest ikkje studentveljarane at det er vits i å røysta fordi det ikkje er noko viktig som står på spel, eller maktar ikkje studentpolitikarane fortelja veljarane sine kva viktig som står på spel. Sjølvsagt kan ein også sosiologisera og psykologisera veljarane og seia at dei ikkje røystar fordi dei er late, men etter mi meining er det å skyta seg sjølv i foten. Utgangspunktet mitt er at ein må sjå på veljarane som rasjonelle aktørar.

Konsekvensen av den første tolkinga inneber alvorlege problem for heile eksistensen av studentdemokratiet. Det er lite vits i å ha eit demokrati der ingenting viktig står på spel. Den andre tolkinga inneber mangel på kommunikasjon. Eg vil tru studentpolitikarane vil synast dette er ei meir rimeleg tolking, elles hadde det vore liten vits i å halda på med det dei gjer. Men dersom studentpolitikarane meiner at dei verkeleg tek viktige avgjerder, då er det deira ansvar å fortelja kva viktige avgjerder dei tek. Sameleis må det gjerast lettare for veljarane å uttrykkja kva dei synest er viktig, slik at det som studentrepresentantane synest er viktig i stor grad er samanfallande med det dei representerte synst er viktig. Men korleis skal ein betra kommunikasjonen mellom veljarar og valde på universitetet? Kanskje den enklaste måten er å bruka Internett. Rasmussen-utvalet, som vart nedsett for å sjå på valordninga på UiB, påpeikar i innstillinga si som vart lagt fram for rektor hausten 2000 at Internett kan vera ein kanal som vil gjera valdeltakinga høgare.

Ved å bruka Internett kan ein treffa studentane akkurat der dei er, anten det er på pc-salen, heime, eller for den saks skuld på feltarbeid i Sør-Aust-Asia. Studentane er dei som brukar Internett mest her i landet, og det hadde vore rart om ikkje valdeltakinga hadde blitt større ved val over nettet. Kostnaden for å røysta hadde vore forsvinnande liten om systemet blei gjort praktisk. Førebels blir ikkje Internett nytta så mykje i demokratiet si teneste, men dét burde det bli. Ein ting er internettval på universitetet. Men det er ikkje nok. Eit vitalt demokrati krev deltaking også mellom kvart val. Fleire stader over heile verda blir internett brukt til å betra kvaliteten på demokratiet. Her i Noreg har Telenor allereie teke til å bruka Internett i bedriftsdemokratiet sitt og Grafisk Forbund arrangerer møtene sine over nettet. Fleire offentlege prosjekt er sett i verk for å bruka moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi til å vitalisera folkestyret. Universitetet og NSU har brukt Internett til informasjon, og demokratiet er avhengig av god informasjon. Men universitetet sin informasjonspolitikk er i dag veldig hierarkisk. Studentar som er interessert i saker kan søkja på saksdokument og få tilgjenge til desse over nettet. Ein må mildt sagt vera spesielt interessert om ein går inn og studerer saksdokument. For at demokratiet på universitetet skal få engasjera andre enn wanna-be lobbyistar og heiltidspolitikarar er det avhengig av at informasjonen blir bearbeida. Den beste måten å gjera det på er gjennom kommunikasjon mellom veljarar og valde. Internett opnar for ein slik kommunikasjon, og denne kanalen burde universitetet og studentdemokratiet vita å bruka. Ved å betra kontakten mellom veljarar og valde gjennom e-post, diskusjonsfora og andre måtar for to-vegs-kommunikasjon vil det bli lagt grunnlag for breiare deltaking.

Skal universitetet ha truverde som nyskapande, burde ein ikkje stilla seg passiv til bruken av Internett i demokratiet si teneste. Sidan Rasmussen-utvalet la fram instillinga si er det enno ikkje mogleg å stemma over Internett. Ikkje berre kan dei demokratiske problema av i dag bli løyst - ein kan også opna for eit breiare engasjement på universitetet. Så spørst det om studentpolitikarane og universitetsleiinga ønskjer større deltaking... eller om politikken på UiB skal vera leikegrinda til framtidas heiltidspolitikarar.

11.09.02

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18