Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06 / 55 54 52 21
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 11. september 2002, nr. 19 - 57. årgang

Ansvarleg vertskap på Kvarteret

I Studvest nr 18, onsdag 4. september, kjem Raymond Tungesvik med ein kommentar til interne forhold på Kvarteret. Kvarterstyret vil gjerne komme med ei nærmare forklaring av desse forholda.

Tungesvik hevdar i kommentaren sin at styret for Kvarteret detaljstyrar ein av driftsorganisasjonane på huset, ASF, med å bestemme kva ølpris dei skal ha på sine eigne arrangement. Det er viktig å presisere at desse arrangementa vert haldne i lokalar som Kvarteret leiger ut til ASF. Dei, som alle andre som leiger rom på Kvarteret, signerer på visse vilkår for bruk av lokalet ved kvart arrangement. Det er her det står at det ikkje skal verte seld internøl til mindre enn Kvarteret sin fastsette minstepris, samtidig som det òg mellom anna står at lokalet skal vaskast på slutten av kvelden. ASF må godta desse vilkåra for å få lov til å leige lokalet, enkelt og greitt, og dermed selje medlemmane sine øl til nokon få kroner meir enn det dei ønskjer. Grunnane til at Kvarterstyret har sett minstepris for øl er mange. Vår oppgåve er å sjå Kvarteret som ein heilskap, med «en helhetlig profil» som Tungesvik vel å kalle det. Dette inneber like forhold for alle som jobbar her, mellom anna lik ølpris for alle. Vi søkjer å flytte fokuset vekk frå billig øl, og heller satse meir på dei sosiale fordelane ved å jobbe på huset. Ved å sette ein minstepris på alkohol, meiner vi å sikre oss forsvarleg drift av det lokalet vi leiger ut, uavhengig av kven som leiger det. Ein av dei viktigaste prioriteringane til Kvarterstyret er nettopp å fungere som eit ansvarleg vertskap for studenthuset Kvarteret. Tungesvik hevdar at Kvarteret med dette bryt sin eigen statutt 6.1: «Kvarteret kan ikke legge føringer på organisasjonens kulturelle eller sosiale profil.» Det seier seg sjølv at øl ikkje er ein del av ein organisasjon sin kulturelle profil, og meiner verkeleg ASF at ølprisar har noko med deira sosiale profil å gjere? Vi håpar ikkje det, og legg til at organisasjonar står fritt til å bruke dei kronene dei måtte tene på sosiale godar til medlemmane sine om det skulle vere ønskjeleg.

Vi ønskjer altså ikkje å leggje føringar på organisasjonar som bruker Kvarteret. Det vi derimot ønskjer å sikre oss, er at Kvarteret blir drive på ein forsvarleg måte, sjølv om vi har aldri så mykje tillit til organisasjonane som driv det. At Tungesvik trur vi ser på ASF «...som en gjeng med suppehoder», er svært usakleg. Han refererer her mellom anna til at ASF ikkje fekk vere tilstades på Kvarteret sine orienteringsmøtar. Det blei bestemt at Kvarteret og dei drivande organisasjonane skulle halde orienteringsmøter kvar for seg dette semesteret fordi vi er ulike organisasjoner med ulik målgruppe. Vi lever i god tro om at det eksisterer eit godt forhold mellom Kvarteret og driftsorganisasjonane på huset, sjølv om ein er ueinige om enkeltsaker. Vi ser det heller ikkje som jobben til ein utanforståande person frå Studvest å rydde opp i slike tilhøve. Kvarterstyret sett stor pris på ASF, så vel som andre organisasjonar sin drift på Studenthuset. Vi håpar Tungesvik kan vise forståing for våre interne regler for drift, og saman med alle andre studentar føle seg vel som brukar av og gjest på huset.

Guri Idsø Viken
Informasjonsansvarleg, Kvarterstyret

Utepils på parkett?!

Solidariteten er spiddet av en kapitalistisk arkitektpenn, finansiert av UiB. Borgerskapet står på vidt gap, og blåser en klam egovind gjennom den oppvoksende generasjon akademikere. Det nye studentsenteret ser ut til å bli det definitive punktum for studentenes troverdighet som refsere av pompøs klassearroganse. Journalisten omtaler bygget som moderne. Dette er feil.

Går det an å bli mer infisert av blind dinosaursjel? Å sitte solariumsbrun, glisende på ny eikeparkett av ozonvennlig løvskog, kan neppe kalles annet enn servilt. Flom i Europa. Sult på det afrikanske kontinent. Etnisk forfølging av samene i 70-åra. Rasering av biodiversiteten. Det er kun ett år siden ellevte september. Er redaksjonen i Studvest gullfisk? På Bergens studentpresses blodige alter, ofres humane idealer. Igjen er en bare en sprengfeit luksuskoloss; en gullkalv av død solidaritet.

Jeg nevnte ellevte september. Studentsenteret II minner om en revidert utgave av Independence Day. En havarert UFO, hvor alle idealer ble knust i krasjlandingen. På tide at noen sier at nok er nok. Kan redaktørene i herværende avis vennligst si stopp, pusse Gucci-brillene, og innse hvor vi er på vei? Nå tør jeg ikke være med lenger.

Trude Elin Mathiesen
sos.ant-student

Loddefjord No

Studvest sitt humoristiske alibi, Preikestolen, kom i nr. 17 med litt gratisreklame om eit semesterstartarrangement i regi av ROSSO. Sightseeing ut til Loddefjord for å treffa ein ekte arbeidar og greier. Men meg bekjent så vart denne Loddefjord-ekskursjonen avlyst. For sånne arbeidskarar har jammen blitt vanskelege å oppdrive no. Og ikkje berre har arbeidslivet endra seg, Loddefjord har det visst også.

Hallgeir Løland Torpe
11.09.02

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18