Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06 / 55 54 52 21
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 11. september 2002, nr. 19 - 57. årgang

Grøne Amazonar, mødrer som stjel og journalistar som skriv fiktive artiklar. Det skortar ikkje på fantasien til debutantane Øystein Vidnes (26) og Per Andreas Persson (34).

Ung og lovande

Debutantar. Øystein Vidnes (t.v.) og Per Andreas Persson.

Dei er begge tidlegare studentar ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Øystein, som no tar hovedfag på litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, har skrive novellesamlinga «Bondeforteljingar», Samlaget. Eit knippe historier om Stein, ein landsens gut som får seg sommarjobb i ei avis i byen. Her skriv han fiktive artiklar. Per Andreas har også skreve ei novellesamling. «Jeg går nå og kommer aldri mer tilbake», Tiden, er fortellinger om menneske som lev i utkanten, både konkret og billedleg. Vi møter blant andre ein son som må hente mora si etter eit butikktjuveri og ei jente som plukkast opp av ein grøn Amazon i ein svensk småby. Her fortel dei to debutantane om skriveprosessen, akademiet og det å gi ut bok.

 
 
 
 
 

- Det vert sagt at ei forfattarutdanning som Skrivekunstakademiet fører til at dei som går der blir straumlineforma broilerar, kva seier de til det?
Øystein: I teorien er kanskje tanken nærliggande. Men i praksis vil det ikkje vere slik. Undervisninga på Skrivekunstakademiet er ikkje lagt opp mot å produsere forfattarar, ved at ein lærer elevar eit sett konkrete malar som ein skal følgje for å fortelje ei historie. Undervisninga har meir form av seminar leda av forskjellige forfattarar og ved at vi går gjennom kvarandre sine tekster.

- Det er litt i det blå for meg kva studentane eigentleg gjer der... Øystein: Vel, det viktigaste for meg var først og fremst at eg fekk eit spark i baken til å skrive og at tekstene mine vart evaluert av dei andre. Dessutan las vi veldig mange tekster når vi gjekk der og det gjorde meg til ein mykje betre lesar.
Per Andreas: Eg sette mest pris på at dei gav meg mykje tid til å skrive. Øystein: I praksis fungerte det vel slik at Lånekassen sponsa meg for å skrive eit år. Og det passar meg for så vidt veldig bra.

- Kva har de hatt mest utbytte av med å gå på Skrivekunstakademiet?
Øystein: Som sagt var det ei stor hjelp til å kome i gang. Mange av tekstene i boka mi skreiv eg når eg gjekk der. Eg har jobba med boka i eit par år.
Per Andreas: Eg skreiv svært mykje då eg gjekk på Forfattarstudiet i Bø, som er noko av det same som Skrivekunstakademiet. Opplegget der er litt annleis enn i Bergen. Det som også gav meg svært mykje var den kontakten vi fekk med teater og dramaturgar, og sjansen til å sjå sine eigne ting på scena.

 
 
 

- Men korleis er det å skulle gi ut bok? Er det lett å verte demotivert av dei store billegkassene utanfor bokhandlane, med mengder av ukjende forfattarar?
Per Andreas: Nei, slikt tenkjer ein ikkje på når ein arbeider med si eiga tekst. Då er det ho som står i sentrum. Og så lenge målet er å få det ein skriv gitt ut, så tenkjer ein ikkje så mykje på det som skjer etterpå.

- Vert ein ferdig med teksta når ein gir den ut, eller er det framleis ting ein vil endre når ein les det på trykk?
Øystein: For min del er det slik. Der er tekster i boka som eg ikkje tør å lese når eg les gjennom henne i dag, fordi eg heilt sikkert vil skrive det annleis.
Per Andreas: Eg ser det positive i det å sjå feil i tekstene mine. Det betyr vel berre at ein utviklar seg. Dessutan er det også viktig å tore å verte ferdig med ting og legge dei bak seg.

- Påfallande mange av dei forfattarane som får mykje blest for tida skriv korte lettleste tekster. Er det lettare å verte lest når ein skriv noveller?
Øystein: Eg har ikkje tenkt så mykje på det. Det er kanskje lettare å lese, men vanskelegare å byrje å lese. Grunnen til at eg har skrive noveller er at eg sjølv likar å lese kortprosa, tekster som har eit oppmerksomhetsspenn frå ti minutter til ein time. Dessutan går det an å jobbe med fleire noveller på ein gång, ein er ikkje bunden til å skrive ein heilhetleg historie, men kan konsentrere seg om fleire korte forteljingar. Det likar eg.
Per Andreas: For meg var det aldri aktuelt å skrive noko anna enn ei novellesamling no. Kanskje neste gong skriv eg ein roman.

- Kvifor må du skrive?
Per Andreas: For meg er det ein interessant prosess å sette opp hinder for seg sjølv, på same måte som når eg tok fram Lego-kassa då eg var liten. Det har dei same elementa av å eksperimentere og setje saman brikker og sjå kva ein kan få til. Det er slik eg har skrive denne novellesamlinga. Ei byrjing på ei novelle her, ein slutt der, og brått var det to snuttar som passa saman og danna noko heilt nytt. Eg likar den dynamikken.

- Men kvifor er det viktig å gi det ut?
Øystein: Det er viktig å få ting på trykk. Det gir deg tilbakemelding om at det du gjer er bra. Dessutan må ein få pengane frå ein plass dersom ein skal skrive.
Per Andreas: Å få tekster utgitt er å leggje det heile bak seg. Men når ein byrjar å skrive så gjer ein det for sin eigen del, sidan kjem målet om å bli utgitt.

- Å verte utgitt, sjølv om det du seier har vorte sagt før?
Øystein: Tja, det er ikkje sikkert at det du seier har vorte sagt i same samanheng som du seier det. Sjølv om ting har vorte sagt før og kan sjå til forveksling like ut, så kan det gi ny meining når det vert sagt akkurat til deg eller i ein ny samanheng.

- Kva med framtida?
Øystein: Eg skal skrive hovedfag, så får eg sjå kva som skjer etterpå. Det er ikkje usannsynleg at det kjem ei ny bok, men eg har ingen konkrete planar, sjølv om alle meiner eg burde ha det.
Per Andreas: Eg håper å kunne skrive så mykje som mogleg, men pengar må tenast, så eg er nødt til å ta diverse strøjobbar for å livnære meg. Men eg skriv kvar dag, og det kjem eg til å fortsette med.

Tekst: Grunde Grimstad
Foto: Kari Dahl
 

Myteomspunnet akademi

Skrivekunstakademiet i Bergen har fostret flere forfattere, men kan man egentlig lære å bli forfatter?

- Skrivekunsten er den siste kunstretningen hvor man kunne skryte av å være selvlært, sier Tormod Haugland, daglig leder ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Hvert år er det tolv forfatterspirer som går på akademiets årskurs. Av disse er det omtrent fire fra hvert kull som debuterer som forfattere.
- Vi ønsker å være en møteplass for folk som senere vil bli forfattere. En slik møteplass er et godt utgangspunkt for læring, sier Haugland. Han understreker at Skrivekunstakademiet ikke bare er en forfatterskole.
- Å kalle det «forfatterskole» låser det hele veldig. Hos oss handler det ikke bare om å bli en god skribent, men også en god leser, mener Haugland. Dette gjøres ved at undervisningen er lagt opp rundt diskusjoner om litteratur med hovedvekt på studentenes egne tekster. Det er ikke noe pensumlitteratur på Skrivekunstakademiet. Media har gjentatte ganger kritisert Skrivekunstakademiet og andre såkalte «skriveskoler». Kritikken har gått på at særpreg og individualitet nedprioriteres, og at resultatet av dette er en ensretting av studentenes arbeid.
- Dette er den mest tradisjonelle motforestillingen mot Skrivekunstakademiet. Det er gammeldags og pinlig å hevde noe slikt. Dette er en fordom og bare tull, hevder Haugland og viser til det mangfoldet han mener preger utgivelsene til de som har vært studenter ved denne skolen.

- Hvorfor er det så mange som har denne typen innvendinger mot Skrivekunstakademiet?
- Etter min mening har litteraturen hatt en legendarisk posisjon i Norge. I nasjonsbyggingsprosessen har markante forfattere som Ibsen og Hamsun vært sentrale. Mange har et veldig romantisk syn på «forfatteren» som et geni som sitter for seg selv. Dette gjør at myten om den selvlærte forfatteren står sterkt i Norge, mener Haugland.

Tekst: Karl Erik Bernt
11.09.02

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18