Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06 / 55 54 52 21
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 18. september 2002, nr. 20 - 57. årgang

Nerdenes inntogsmarsj

I helga samla årets Raptusfestival det som kunne krype og gå av teikneserieinteresserte i Grieghallen. Det vert sagt at teikneseriar ikkje lenger er eit guteromsfenomen, men vi veit ikkje kva vi skal tru.

LANSERING. Karine Haaland var på Raptusfestivalen med boka «Streng, men urettferdig».

Det er kanskje ikkje heilt utan fordommar vi troppar opp i Grieghallen for å oververe årets Raptusfestival. Første post på programmet er å prøve å skaffe sikkerheitsnåler til pressekorta. Så vi opnar ei dør som det står Festivalkontor. Adgang forbudt! på. Der sit ei forsamling karar som ser ut til å gjere ingenting, og ei jente i ein goth-aktig kjole (med verandakasseutringing). Dermed er våre fordommar ettertrykkelig manifestert før vi forsiktig bevegar oss innover i vrimmelen.

Teikneserie sellout
Rundt omkring i etasjene virrar folk til og frå ymse stands med teiknarar og seljarar. Ein fyr har bestemt seg for å selje ut samlinga si. Han ser ut som om han er på randa av samanbrot og nesten alle blekkene hans er sirlig innekapsla i plast, og han blir dritsur når eg blar i eit av dei. Eg opplyser om at det berre er ting, og at han sikkert har godt av å kvitte seg med litt jordisk gods, men det ser ikkje ut til å gå inn.

Ikkje sjølvbiografisk
Festivalveteran Karine Haaland sit som eit friskt pust på standen sin, og ser uforskamma opplagt ut. Ho har lansert boka «Streng, men urettferdig» under festivalen.
– Det å teikne er for det meste ein svært einsam gesjeft. Du sit der no og teiknar for deg sjølv, seier ho.
– Teiknar du deg sjølv?
– Alle menneske teiknar seg sjølv. Men serien min er ikkje av den grunn sjølvbiografisk.

«Jävligt kul»
Så skal vi omsider inn på seminar med Martin Kellerman (Rocky). Kellerman brukar dei første ti minutta til å drite ut ein av festivalarrangørane på det grovaste. Han legg ut om at stripene hans oftast er baserte på samtalar han har hatt med kompisane sine.
– Det som folk helst ikkje vil at eg skal skrive om, er gjerne det som viser seg å bli dei beste stripene, fortel han publikum. Som eksempel brukar han ei stripe han teikna, som dreit ut ein gjeng rullestolbrukarar. Han fekk dungevis med sinte protestar frå folk som følte seg urettferdig behandla. Saka kuliminerte imidlertid med at det svenske handikapforbundet ringte og lurte på om dei kunne bruke stripa i bladet sitt, fordi dei syntest den var så «jävligt kul». Etter ein lang dag er vi forvirra og føler trang til å resignere. Og medan festivalen boltrar seg vidare i kassevis av aparte seriar, endar vi opp på barnerommet i kjellaren, der dei viser gamle Donald Duck teiknefilmar.

Tekst: Grunde Grimstad
Foto: Anne Brun
 

Å skape seg eit namn i teikneserieland

Ikkje alle serieskaparane som vitja Raptus var like ettertrakta. Nokre jobba hardt for å bli det.

 
Girl with a plan. Ann Beate Nordbø pressar Tormod Løkling frå Bladkompaniet for verdifulle råd.

Ann Beate Nordbø var ei av mange håpefulle, unge serieskapartalent som forsøkte å nytte Raptusfestivalen som springbrett for å få fart på ei eventuell karriere innan teikneseriemediet. Ho stilte med serien «Beastly Behavior», som kjem ut månadleg i Jærbladet på Bryne.

Dei gode hjelparane
Tormod Løkling og Eivor Vindenes frå Bladkompaniet, samt Sigbjørn Stabursvik frå Egmont, gav ut gratis kvalitetsvurderingar til håpefulle unge teiknarar som representantar for dei to kommersielle teikneserieforlaga i Noreg.
– Bare plag meg, det er difor eg er her, oppmoda både Løkling og Stabursvik på kvar sin front. Andre teiknarar gav òg ut velvalde ord til aspirerande teiknarar. «Eon»-teiknar Lars Lauvik var ein av dei som tok ein titt på arbeidet til Ann Beate. Ettersom ho berre har dyr i rollene i serien sin «Beastly Behavior» har ho gått rett heim til Ågotnes hjå Lars. Like heim gjekk ho diverre ikkje hjå Tormod Løkling, som hadde sansen for serien, men mangelen på fast vignettfigur gjorde at han ikkje sjå for seg at serien ville passe i blada han er redaktør for.
– Men om du lagar noko anna med ein fast hovudperson så vil eg svært gjerne sjå, la han til, og sendte ho til «Smult»-redaktør Eivor Vindenes med «Beastly Behavior».

Godt nøgd
– Eg er godt nøgd med dette, sa Ann Beate. – Løkling og Stabursvik var begge ganske klare på kva eg måtte jobbe med, og det var det eg ynskja å høyre. No har eg noko å motivere arbeidet mitt med. Eg har tidlegare vist arbeidet mitt til forleggjarar i New York, og dei var forferda over den mørke humoren. Her i Noreg er den vel eigentleg ganske mild, la ho til. Ann Beate fekk ikkje seld serien sin, men har kome eitt steg nærare. Ho ventar no på svar frå Bergensavisen om å gå på trykk der.

Tekst: Bjørn T. Bøe
Foto: Gareth Stewart
18.09.02

tilbake til toppen
Kultur: 1 2 3

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18