Nyhende
Kultur
Tema



















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06 / 55 54 52 21
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 13. november 2002, nr. 28 - 57. årgang

Virtuell studiekvardag

Tenk om du ikkje hadde trengt å bevege deg ut av senga for å gå på førelesing. På Institutt for medievitskap er dette meir enn ein framtidsvisjon.

Havana neste. Studentane på Master of Philosophy in Screenwriting har hatt nettundervisning med filmstudentar på Cuba.

Kor ofte har du ikkje stått som ein hutrande idiot på ei busslomme klokka 07.30, og lurt på kvifor du eigentleg driv på med denne studeringa? Ikkje alle førelesingar gjeng føre seg i overfylte auditorium dampande av svette og våte regnklede. Studentane på Master of Philosophy in Screenwriring har undervisning på Cuba i tillegg til dei vanlege førelesingane i Bergen. Dette gjeng føre seg i eit virituelt klasserom på nettet.

Interaktivt skulebygg
Programmet dei brukar heiter MOO som står for multi-user domains, object-oriented, og er eit virituelt skulebygg med klasserom, kontor og grupperom. Der kan studentar, undervisnigspersonell og andre interesserte møtest for å vere med på forelesingar, kollokvier, studiegrupper og liknande. I prinsippet kan ein sitje kvar som helst i heile verda og vere med. Systemet vart først utvikla med tanke på fjernstudium i språk, men vert no prøvd ut på nye område.
– MOO er utvikla her ved Universitetet i Bergen, forklarer førsteamanuensis Kathrine Goodnow. Ho har vore med på å lage dette programmet som dei no brukar til klasseromsundervising over internett. MOO er nesten heilt tekstbasert. I prinsippet består det av mange chat-grupper som er sett i system, og ein flyttar seg mellom dei ved hjelp av navigasjonstastar. Til saman utgjer desse gruppene noko som kan likne på ei skulebygning på nettet. Du går inn på heimesida, og vips så er du på ein interaktiv skule. Først kjem du inn i ein lobby. Der kan du velge mellom forskjellige klasserom og vere med på undervisninga som gjeng føre seg der. Dei har til og med lagt inn høve til å skulke førelesingane og heller gå i ein student-bar. Og skulle du kome for seint til undervisninga, så er ikkje alt håp ute, for førelesingane vert tekne opp på band, så du når som helst kan gå inn og sjå alt som vart sagt.
– Det at systemet er tekstbasert, gjer at ein ikkje treng kraftige maskiner og breidband for å bruke MOO, fortel Goodnow.

Livleg debatt
Studvest vart med Terje Andersen og Kathrine Goodnow på nettet. Kvar fredag har filmstudentane obligatorisk undervisning saman med filmstudentane på Cuba. Denne fredagen er temaet eit essay som Terje har skrive om Blaxploitation og framstillinga av svarte i amerikansk film. Diskusjonen går livleg. Sjølv om cubanarane har litt problem med nettet sitt, ser det meste ut til å fungere fint. Alle som er der inne kan vi sjå som små figurar med namn på. Når vi klikkar på dei, kjem det opp ein liten presentasjon som dei har skrive om seg sjølv. Studentane avsluttar seansen med å slå av «bandopptakaren». Før dei går heim helsar dei og snakkar litt saman uformelt. Ein av cubanarane fortel at ein professor på skulen der er sjuk, og det er svært vanskeleg å få tak i medisinane han treng. Berre ein slik ting som sprøyter er nesten umogeleg å oppdrive. Dei snakkar litt om dette, og dei norske lovar å sjå kva dei kan gjere. Dersom du har lyst til å freiste MOO sjølv, kan du gå inn på http://cmc.hf.uib.no:8000.

Tekst: Grunde Grimstad
Foto: Tomas Alf Larsen

Viva Cuba!

Det er ein oppstemt gjeng vi møter på SV-fakultetet nokre dagar før avreise. Om kort tid kan studentane slenge støvlar og polvottar lengst inn i skapet, og leite fram kortbuksene. I fire veker skal dei rave rundt i solsteiken på Cuba, med digre kamera på skuldrane. Sidan i sommar, har filmstudentane på Institutt for medievitskap hatt felles undervisning med filmskulen International Film and Television School of San Antonio de la Baños på Cuba. No skal dei reise over til Cuba og ha undervisning med dei på eit litt meir fysisk plan. Skulen er ein av dei mest prestisjetunge filmskulane i verda, og den vart grunnlagd av mellom andre Gabriel Garcia Marquez. Namn som Coppola, Redford og Spielberg spøker i gangane. Dei som reiser frå Noreg er tolv studentar og to lærarar.
– Vi gler oss sjølvsagt til å reise til Cuba, og til å gå på ein så prestisjetung skule, fortel dei smilande. Studentane frå Noreg skal ikkje berre liggje på stranda. Dei skal også vere med på Havana Film Festival.
– Korleis føler de ellers at den web-baserte undervisninga har fungert?
– Ganske godt eigentleg. Sjølv om det har vist seg å fungere best for små grupper. Når det er for mange inne på ei gruppe vert det lett uoversiktleg, forklarer dei. Ellers skal dei gjere ein del praktiske øvingar og skyte nokre små prosjekt saman med dei cubanske studentane.
- Og undervisninga går på spansk?
- Nei, på engelsk heldigvis.
Avreisedato er 16. november.

13.11.02

tilbake til toppen
Kultur: 1 2 3

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18