Nyhende
Kultur
Tema




















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 5. februar 2003, nr. 3 - 58. årgang

Universitetet meiner:...

GRUNDE GRIMSTAD
Ansvarleg redaktør

Det er eit godt prinsipp at store offentlege institusjonar som universiteta, bør passe seg for å ta stilling til saker. Dette fordi dei må ta hensyn til meiningsforskjellar blant sine mange medlemer. Men på eit punkt må ein, også i slike organisasjonar, stikke fingeren i jorda og sjå til at dette hensynet ikkje glir over i det servile og tannlause.

Situasjonen i dag er at USA pressar på for å få i stand ein krig mot Irak. Ein krig som dei prøvar å legitimere ved å trekke oppkonstruerte parallellar mellom fjerning av Saddam Hussein og kampen mot internasjonal terrorisme. Dei brukar FN som sine marionettar når det passar dei, og har, ut frå ein merkeleg logikk, gitt FN i oppgåve å skaffe bevis for at Irak driv med lureri. Greier ikkje FN å avdekke noko slikt, så går USA til krig. Med andre ord; USA går til krig uansett. Det er ikkje vanskeleg å sjå at Bush-administrasjonen har minst ein løynd agenda her. Og språkbruken deira lyser av bondefangeri og ei type formuleringar som alltid har vorte nytta av folketalarar som vil apellere til dummskap, frykt og patriotisme. Berre det å lire av seg noko så tåpeleg som formuleringa «Ondskapens akse», vitnar om ein mangel på kulturell og menneskeleg innsikt som svært få danna menneske kan skilte med.

Eit godt ordtak seier at ein intelligent fiende veit du kvar du har, det som verkeleg er farleg er dumme vener. Og når dumme vener sit i verda sitt maktsenter, burde alle med kunnskap til å gjennomskue det snarast skrike ut si meining. Utan samanlikning for øvrig, er det også verd å påpeike at verda fleire gongar før har toa sine hender når stormakter med meir eller mindre skjulte hensikter, vel å angripe andre, meir eller mindre uskuldige land. Ved slike høve har uredde intellektuelle heva røysta mot uretten, og historia har gjeve dei rett i det. Og dersom endå fleire hadde hatt hår på brystet, og ikkje vore så redde for å trakke på tær, kunne historia kanskje sett annleis ut.

For å snu på spørsmålet; kvifor skal ikkje universitetet ta stilling til den komande krigen mot Irak? Universitetet er ikkje verdinøytrale eller utan meiningar, slik dei seier. Eg kan vanskeleg tenke meg at universitetsrektor Kirsti Koch Christensen eller Universitetet i Oslo sin rektor Arild Underdal, ville stille opp i media og seie at «I spørsmålet om Benjamin Hermansen, må eg som universitetsrektor stille meg nøytral. Uansett kva eg som privatperson måtte meine.» Universitetet har meiningar. Ein må ikkje forveksle nøytralitet med det å tilpasse seg til å stå i sentrum av meiningane, det vil seie å ta eit standpunkt der færrast mogeleg er ueinige med deg. Det er ikkje berre kjedeleg og tannlaust. Når ein har å gjere med folk med uedle baktankar er det direkte farleg.

Universitetet og universitetsleiinga kan ikkje melde seg ut av samfunnet på denne måten, og tru at dei er verdinøytrale. Universiteta som er våre tempel for kunnskap kan ikkje tillate seg å sitje på gjerdet i saker som har konsekvensar for oss alle. Alle skulle no omsider ha lært at slike unnvikande holdningar får hard medfart av historia sin dom.

05.02.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18