Nyhende
Kultur
Tema



















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 26. februar 2003, nr. 6 - 58. årgang

Korstog på arabisk

Fyrste gong George W. Bush snakka utan manus, nokre dagar etter 11. september, nytta han ordet korstog. Korstog mot dei terroristiske afghanske leiarane. Dette var sjølvsagt ein tabbe, sidan korstog er eit fleirtydig ord. Kort tid etterpå besøkte Bush ein moské for å vise at eit kristent korstog, nei, det var ikkje på tale.

I ei bok utgjeve for ti år sidan, skriv Amin Maalouf om «Korstogene sett fra arabernes side». Boka gjev eit historisk oversyn over hendingar i den arabiske verda for 900 til 700 år sidan. På dei tider sendte europeiske stormakter, pressa av pavane, riddarar til symbolrike Det heilage land for å vinne Jerusalem frå sarasenarane. Sarasenarane var samleordet for muslimar i korsfarartida. Korstoga er sjølvsagt fortald om utallige gongar i historiebøkene, men i Vesten kjem ikkje ofte dei same perspektiva fram. Maalouf si historie er fortald gjennom dåtidas kronikørar og skribentar. Dei fortel om dei usiviliserte frankarane si framferd i dagens Midtausten, mellom anna om menneskeeting og valdtekt, drap og plyndringar. Til saman ei samansett og ganske nyansert historie, som i dag vil vere til skrekk og åtvaring for både Orienten og Oksidenten - oss. I etterordet skriv Maalouf om korleis «Orienten fremdeles betrakter Vesten som en naturlig fiende».

Korsfararane oppfatta seg som meir siviliserte enn vantru sarasenarar. Ikkje alle fiendebilete er lenger like enkle å fordøye, men er det grunn til å tru at vi, etterkommarar av korsfararen Sigurd Jorsalfar, oppfører oss annleis? «Og det kan ikkje råde noen tvil om at bruddet mellom disse to verdener oppsto med korstogene, som araberne den dag i dag ser på som en voldtekt», skriv Maalouf. Eit ynkeleg håp for den dag i dag er at krigskåte presidentar ikkje følgjer korsfararane i si jakt på oljerike og litt heilage land.

Øyvind Lefdal Eidsvik
Er tilknytta Studvest sin nyhenderedaksjon
26.02.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18