 |
LOVELY. Norske kvinner dance lovely, seier Abu.
|
Abu, Rune og Sam trommar taktfast. Ti kvinner
dansar i ring. Rompene ristar, armane viftar, kroppane bølgjar,
føttene trampar. Tre småungar krabbar rundt på golvet, mellom
beina til mamma, og klatrar på tromma til Abu. Utanfor er
Nygårdsgaten så grå og våt og trist som ho kan vera ein
mandagskveld i februar, men her inne blir gamle ghanesiske
tradisjonar dansa.
Hyllest til kvinna
«Darkness», heiter dansen, ein hyllest til kvinna, eit høve
til å kle deg opp i din finaste stas og visa fram alt du
har av kroppsleg prakt. Trommene stoppar og Abu viser, hoppar
opp og ned midt i ringen så rastaflettene viftar. Han er
opprinneleg frå Ghana, men er no bergensar, og har undervist
på BIKS i nærare seks år. Vil du læra afrikansk dans eller
afrikansk tromming, er Abu mannen. Vil du liva opp ein fest
eller eit bryllaup, kjem han gjerne dit og.
– Norske kvinner dance lovely, seier han. Men annleis enn
afrikanske kvinner. Dei har fått inn rytmen sidan dei låg
i magen til mor.
|
 |
Dronning. Trommeslaga fyller rommet, set seg i kroppen,
og du er dronninga av dansegolvet. Det er berre å
rista laus.
|
Shake your body
Serine Blitzner dansar som om ho aldri har gjort noka anna.
Ho studerer kulturvitskap hovudfag og har dansa i nærare
ti år.
– Det er kjempekjekt. Eg blir veldig energisk og er gira
i mange timar etterpå. Afrikansk dans er annleis enn dansar
me er vane med her hos oss. Dette kjennest mykje meir naturleg
for kroppen. Ein brukar tyngdekrafta i staden for å motarbeida
ho, ein dansar mjukt og ledig, nær bakken. Dessutan er det
god mosjon, ein får brukt musklar ein ikkje visste at ein
hadde. Ho dansar to gonger i veka, og har til og med vore
i Ghana og gått på kurs der.
– Det var fantastisk; stemninga, musikken kom frå over alt,
ein blir heilt oppslukt. Dottera Klara Erima på snart to
år er òg med. Ho kravlar rundt på golvet, og får sitte bakpå
ryggen til mamma mens ho hoppar opp og ned til heftige trommerytmar.
– Hofter og mage, seier Abu. Der sit dansen. Shake your
body. Eg svingar litt ekstra på hoftene når eg går ut att
i den kalde, våte mandagskvelden.