Nyhende
Kultur
Tema



















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 26. februar 2003, nr. 6 - 58. årgang

Danse, danse til det smeller

GRUNDE GRIMSTAD
Ansvarleg redaktør

Dersom vi i år 2020 brukar heile oljefondet til pensjonsutbetalingar, vil det vare i omlag fire år. Rundt år 2010 til 2020 skal dei store barnekulla som kom etter krigen trekkje seg attende til pensjonistlivet, samstundes som dei små kulla frå 70- og 80-talet skal forsørgje dei. Trudde du kanskje at pengane som arbeidstakarane betalar inn til pensjonskassa skal gå til å betale deira eigen pensjon? Då tek du grundig feil, dei pengane er nok brukt for lenge sidan.

Noreg opererer framleis etter eit pay-as-you-go-system. Kort fortalt; pengane som vert innbetalt til pensjonskassa i dag, går til å dekke pensjonsutbetalingane til dagens pensjonistar. I tillegg har Folketrygda sidan 1994 overskride sine budsjett med 40 milliardar kroner årleg. Det skal ikkje mykje fantasi til for å tenkje seg kor dårleg dette vil fungere når vi i 2010 møter den store bølgja av pensjonistar. Det vil bli svært tungt for næringslivet og dei framtidige generasjonane av arbeidstakarar som må betale gildet. Utsiktene vert ikkje betra av at folk stadig lever lenger, vil ha kortare arbeidstid og høgare levestandard. NHO og LO vedtok i siste delen av 1980-talet å setje i gang med å senke pensjonsalderen. Konsekvensen vert mindre tilgang på arbeidskraft, og nok ein gong, større finansielle byrder på komande generasjonar. Det heile er eit ekstravagant døme på den kortsiktige tenkinga som pregar politisk-faglege organisasjonar, og store delar av sekstiåttar-genersajonen. Dei som skulle redde verda og leve sine liv i solidaritet med dei svake, men utmerka seg som den mest egosentriske generasjonen som har trampa på Guds grøne jord sidan Marie Antoinette.

Vi knyter stor tru til framtida i dette landet, sidan vi har ei oljeformue å suge på når tidene vert trongare. Ved ein skjebnens ironi vil oljebrønnane begynne å gå tome, akkurat samstundes som pensjonsutgiftene tek til å auke for alvor.