Eitt skuleår kan bli kutta i grunnskulen. I så fall
vil det vere ope for 17-åringar å byrje på høgskule- eller
universitetsstudium.
Det såkalla Kvalitetsutvalet, sett ned av Trond Giske
for to år sidan, skal utarbeide forslag til forbetringar
av den trettenårige grunnopplæringa, grunnskulen og vidaregåande.
Etter at Kristin Clemet vart utdanningsminister, har utvalet
òg fått i oppdrag å sjå om det tretteårige løpet kan kortast
ned til tolv år. Om så skjer, vil mest truleg eit år på
ungdomsskulen eller mellomtrinnet forsvinne. Dermed vil
elevane som startar på vidaregåande vere i sitt 15. år,
og på universitet og høgskular i sitt 18. år. 17-åringar
vil difor kunne starte ved semesterstart på hausten.
Mangearta gruppe
– 17-åringar er på mange områder ei mindre einsarta gruppe
enn 18-åringar, det blir veldig ulikt nivå. Det kan vere
positivt med yngre folk. Det seier Odd E. Havik, dekanus
ved psykologisk fakultet, UiB. At psykologar så unge som
23 til 24 år kan starte å praktisere, meiner Havik ikkje
nødvendigvis er dumt.
– Vi må kome litt bort frå tanken om at eldre psykologar
er dei beste. Slik er det ofte ikkje, og ein ung terapeut
kan gjere ein like god jobb. Kåre Lilleholt, prodekanus
for undervisning ved juridisk fakultet, er heller ikkje
negativt stemt.
– Det er vanskeleg å vite kva som vil skje utan fyrst
å ha prøvd. Tenåringar er veldig ulike, og sjølv om det
er greitt å ha litt bakgrunn, er det ikkje alltid naudsynt,
seier Lilleholt. Han minner om at 17-årige universitetsstudentar,
utdanna frå gymnasa, var meir vanleg før.
– Spørsmål om modenhet
Rektor ved Universitetet, Kirsti Koch Christensen trur
eit inntog av 17-åringar vil vere utfordrande, men ikkje
eit særleg problem.
– Om 17-åringar kjem inn, vil det kreve store endringar
i opplegget til fyrstesemesteret. Men med dei endringane
som vi gjer no, vil vi vere godt på veg, meiner Christensen.
Leiar i Kvalitetsutvalet, Astrid Søgnen, var ikkje tilgjengeleg
for kommentar, men ho seier til Bergens Tidende at det
er skulefaglege omsyn som vil avgjere utvalets innstilling
til om skuleløpet skal kuttast med eitt år.