Å tute med dei ulvane som er ute

GRUNDE GRIMSTAD
Ansvarleg redaktør
Norske medier viser i det heile ei forbausande dårleg evne
til å konsentrere seg om meir enn to, i høgda tre, tema i
slengen. I staden for å finne på noko sjølv likar ein best
å tute med dei ulvane som er ute, eit uttrykk som betyr noko
slikt som å slenge seg på dei trendane som til ei kvar tid
rår. Carl Ivar Hagen - partiformann av virke, sukkerselgar
av yrke - er ein meister i dette. Norsk presse er ein god
nummer to. Til dømes:
For berre nokre korte veker sidan stod Norge på høgkant for
å uttrykke si glede, eventuelt missnøye, over krigshandlingane
i Irak. Det var knapt ikkje tid eller plass til å presse inn
eit einaste ord om andre viktige ting. (Med nokre heiderlege
unntak som Klassekampen, Dag og tid, Studvest og nokre fleire
som mange likar å skryte av at dei les, sjølv om berre eit
fåtal gjer det.)
Og så: Tut-tut, seier det frå utlandet, no er det SARS-epedemi
som gjeld. Og som ved eit trylleslag har vi nesten gløymt
antikrigs-demonstrasjonar, solidaritetsaksjonar, born med
avrivne hender og utarma uran. No gjer ein sitt beste frå
alle kantar for å innbille oss at det er SARS-viruset som
er den store pesten. Det er ikkje for å vere frekk, men eg
synest så tydeleg å hugse at det var antrax som skulle ta
rotta på oss. Og ikkje lenge før det igjen var det ein kjempemeteoritt
frå verdsromet. Og så var det noko med Ebola ein gong.
Under krigen i Irak var vi ikkje stort betre. Berre nokre
få var det som forsøkte å forklare oss at det faktisk gjekk
føre seg saker i verda som var heilt på høgde med krig og
bomber kva menneskeleg liding angår. Det var svoltkatastrofe
i Afrika og i Kongo slaktar ein kvarandre framleis med macheter,
eit inferno som dei siste åra har krevd 3,5 millionar liv.
Og sør på Fillipinene driv dei og drep kvarandre utan at nesten
nokon bryr seg.
Det kan ha noko å gjere med at ein her til lands, med den
eine foten heng fast i førestillinga om at nyhendeorgana skal
vere meiningsberande. Om dette ikkje akkurat kan kallast eit
særnorsk fenomen, så er det veldig framtredande i Norge i
forhold til mange land som det er naturleg å samanlikne oss
med. Det er vel resultat av at det ein har kalla aviser i
Norge, historisk sett har vore informasjons- og propagandaorgan,
med sterk religiøs og/eller politisk tilknyting. Med andre
foten har ein tatt steget ut av dette, og forsøkt å gi pressa
ei friare stilling. Resultatet har vorte ei samanblanding
av desse to, noko som har ført til noko som er endå verre:
At alle avisene meiner akkurat det same og snur kappa etter
den same vinden. Alle trykkjer dei same kritiske artiklane
og dei same sinte lesarbrev. Under førre golfkrig hadde eg
gleda av å bla litt i den tyske avisa Die Zeit. Over to heile
sider hadde dei sett opp fire kronikkar om golfkrigen, men
alle hadde diametralt motsett syn. Sjå, det er noko å bli
klok av. Kvifor ser ein aldri slikt i norske media?
I tillegg hadde dei god dekning av ei mengd andre saker.
Det er ikkje akkurat lite stoff no heller. Kvar dag døyr det
fleire menneske av malaria i Afrika enn det har døydd av SARS
totalt. Kanskje hvis det kræsja tre/fire Boeing 747, hovudsakleg
lasta med born, inn i Kilimanjaro kvar dag, hadde avisene
skrive om det. Sjølvsagt hadde dei det. Born som døyr med
eit brak i ein 747 har mykje større medietekke enn born som
døyr av ein parasitt i små jordhytter rundt omkring.
Er vi tent med ei presse som ikkje greier å halde fokus lenger
enn det tek FrP å skifte offisiell politikk? Det er ikkje
for mykje å forlange at norsk presse presterer ei nokolunde
haldbar utanriksdekning? I eit lite land som Norge består
det stort sett berre i å skrive av utanlandske media - det
burde jo vere enkelt nok.
Det er mykje vi lurer på som brått berre vert borte frå nyhendebiletet.
Korleis gjekk det med den hungersnauden i Nord-Korea? Kva
blei det til med fascismen som var på frammarsj i Europa,
den russiske mafiaen, narkotikahandelen i Columbia eller den
økonomiske krisa i Japan og resten av Asia? Er det fred i
Irland snart, er det nokon som veit det? Eg er fullstendig
klar over at ei gjennomsnitts norsk hjerne berre har evne
til å konsumere ei viss mengd informasjon kvar dag. Men det
treng ikkje vere lange utgreiande kronikkar eller djupe analyser
kvar gong. Det kan godt vere korte notisar: «SARS viste seg
å vere kusma».
Berre fortell meg kva som skjer!
07.05.03
|