Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 7. mai 2003, nr. 14 - 58. årgang

Reform for dei få

Berre juss- og ex.phil-studentar får auka rettleiing og mindre undervisningsgrupper etter sommarferien. Dei som allereie er studentar vil ikkje merke stort til Kvalitetsreforma.

KVALITETSMANGEL. – Kvaliteten i kvalitetsreformen vil utebli, hevdar assisterande universitetsdirektør Sverre Spildo.
Tekst: Øyvind Lefdal Eidsvik
Foto: Skjalg Ekeland
DETTE ER SAKEN
Studvest skreiv førre veke om universiteta sitt ynskje om 140 millionar kroner for å dekke auka løns- og prisvekst. n Utdanningsminister Kristin Clemet omtaler ynsjet som heilt urealistisk.
Inkludert dei 140 millionane, manglar universiteta ifølgje seg sjølve 500 millionar for å kunne gjennomføre Kvalitetsreforma.
UiB har fått 56 millionar til gjennomføringa av reforma, men treng 110 til.
Kjelder: UFD og UiB

– Det blir tradisjonell undervisning, seier Sverre Spildo, assisterande universitetsdirektør ved UiB. Han er frustrert over den manglande finansieringa frå Kristin Clemets departement.
– Dei som allereie er studentar vil ikkje merke Kvalitetsreforma som stort anna enn ein gradsreform, seier Spildo, og konstaterer at få studentar ved UiB vil få dei goda reforma legg opp til. Grunnen er 110 millionar kroner for lite frå Utdannings- og forskingsdepartementet.
– For dei som allereie er studentar, blir det på same måte som i dag, med kateterundervisning og dei vanlege eksamensformene.

Juss prioritert
Det er fyrstesemesterstudentane som blir best ivaretatt til hausten.
– Innføringsstudia og juss er dei som har fått mest pengar, fastslår Spildo. For jusstudentane vil få den rettleiing og alternative undervisningsformer som reforma legg opp til. Derimot vil ikkje studentar ved Mat.-Nat.-, HF- og SV-fakulteta bli like kvalitetsreformerte. Dekanus Alf Erling Risa ved SV-fakultetet medgjev at studentane framleis stort sett vil vere samla i store grupper.
– Vi har ikkje fått utvida kapasitet til å kunne følgje opp studentane slik vi skulle. I fyrste omgong er det kun fyrsteårsstudentane som får eit annleis tilbod, men vi kjem kanskje til å utvide til nokre studieprogram etter kvart.

Stryk «kvalitet»
Universitetet i Oslo har dei same problema som Bergen. Utdanningsdirektør Torill Johansson er samd med Spildo. Ho fryktar at hausten blir lite kvalitativ av seg.
– Innhaldet i reforma blir vanskeleg å gjenomføre. Du kan stryke ordet kvalitet framfor reform. Men inntil vidare forutset vi at pengane kjem. Det er eit håp som raskt kan breste. Bjørn Haugstad, statssekretær i Utdannings- og forskingsdepartementet, seier at universiteta kan rekne dei manglande pengane som eit tapt slag.
– Dette er ein legitim kamp om å få midlar, men universiteta bør heller gå i seg sjølv og sjå etter uutnytta ressursar. Det er framleis mykje som kan verte meir effektivt, seier Haugstad, som ikkje meiner at ein reform som har kosta 19 milliardar står og fell på den halve milliarden som universiteta meiner dei manglar.

07.05.03

tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4 5

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18