Verda med skylappar

Lenge gleda eg meg til å studere verdshistorie – til å lære
om asiatisk, afrikansk, amerikansk, oseansk og europeisk historie.
Og sjølvsagt til å forstå meir av verda. Men allereie i starten
fann eg urovekkande teikn i forelesingsplanen. Alle gongane
handla det om Europa. Dei sjeldne timane som hadde ein lovande
tittel, var framleis på europeiske premissar: «Då Europa møtte
Midtausten», «då Europa fann Amerika» og «då Europa starta
slavehandelen frå Afrika». Ei lita stund etter fann eg fram
oversikta over tilsette på Historisk institutt og kva forskingsfelt
dei hadde. Av over 40 personar, stipendiatar irekna, hadde
berre fem sitt fagfelt på noko aust for Hellas eller sør for
Gibraltar. Historisk institutt satsar massivt på Europa, nesten
ingenting på resten av verda.
Sjølv er eg relativt naiv, og gjekk ut frå at dette var eit
sært fenomen ved eit snevert institutt, som framleis ikkje
har fått med seg at dagens studentar verdset å få lære om
verda, heller enn om vår nest minste verdsdel. Sidan har eg
oppdaga at dette er akkurat same innstilling som mange fagkrinsar
på universitetet har. Mest underleg er det truleg ved Arkeologisk
institutt. Dei frårår studentane å velje ikkje-europeisk arkeologi.
Grunngjevinga er at det fins så få jobbar for dei som skulle
våge å satse internasjonalt.
Resultatet er at instituttet utdannar ein haug arkeologar
som ikkje kan jobbe stort andre plassar enn i Noreg. Frå Historisk
institutt kjem lærarspirar som kan undervise om Europa og
Noreg, men lite om resten av verda. Dette er ein dårleg sirkel.
Universitetet i Bergen framstiller seg sjølv som Noregs internasjonale
universitet. Utviklingsforsking er den eine av to hovudsatsingar
på forskingsfronten og marin forsking er den andre. Men der
UiB har gjort mykje for den marine, er det framleis langt
att til utviklingsforskinga får like stor prioritet. På undervisingssida
ser ein det godt. I Oslo og Trondheim kan du på lågare grad
spesialisere deg i både afrikanske og asiatiske studiar. I
Bergen kan du ikkje gjere det same utan modulsjonglering og
store mengder kreativitet.
Men enkelte lysteikn fins likevel. Sjølv om utvekslingsavtalane
til vestlege universitet er grovt overrepresentert, har det
blitt mogleg å reise til stadig fleire universitet utanfor
vesten som UiB-student.
Bachelorprogrammet i Midtaustenkunnskap har vore ein suksess.
Det kan programmet i utviklingsstudier også bli, men bakgrunnen
for å forstå dagens situasjon er utelatt: Det fins ikkje historieundervisning.
Du kan velje både midtaustenhistorie og marin historie (det
stemmer, det andre forskingsfeltet), men ingen ved Historisk
institutt har endå funne ut at ikkje-europeisk historie er
noko å undervise i.
Aust-Afrika er det geografiske området Universitetet i Bergen
har breiast kompetanse på utanom Midtausten. Jobbar fins det
óg, for dette er eit prioritert område for Utanriksdepartementet
og Norad.
Skal Universitetet i Bergen framleis kunne halde fram med
å kalle seg Noregs mest internasjonale universitet, må det
vise att i undervisninga: Fleire geografiske spesialiseringar
må starte opp, samarbeidet mellom fakulteta bli betre, og
den svært einsidige tankegongen om Europa i sentrum, må bli
tatt ved rota. UiB har allereie kjøpt domenenamnet utviklingsforskning.no.
Med meir satsing kan det snart bli bruk for det.
03.09.03
|