Nyhende
Kultur




















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 3. september 2003, nr. 18 - 58. årgang

Cand.masse rart

Norske bedrifter ønsker seg tilsette som har kompetanse på etikk og kultur og sånn. Slik lyder i alle fall parolen, og mykje tyder på at norske bedrifter verkeleg har bruk for kunnskapen som akademikarar innan desse fagfelta har opparbeida seg, etter mange år på lesesalen. Men at ein treng udanning for å lære seg slikt, har næringslivet enno ikkje teke heilt inn over seg.

Kulturforståing er nemleg slik kunnskap som bedriftene ser på som del av allmennkunnskapen, og ikkje noko ein treng å ha gått på skule for å få innsikt i. Dette viser i alle fall ei ny undersøking, der Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) har spurt 100 bedrifter og offentlege etatar om deira syn på kompetanse om kultur, etikk, verdiar og kommunikasjon.

SND har på trappene eit kontorfellesskap for akademikarar som ønskjer å starte eigne bedrifter for å selge sin kunnskap. Dei fleste bedriftene som SND spurde i undersøkinga, gav uttrykk for at slik kunnskap er viktig i deira organisasjon. Men bortsett frå enkelte oppvakte slengarar var det få av bedriftene som hadde tilsett nokon med formell kompetanse, dei siste fem åra.

Resultata av slike undersøkingar, viser så altfor tydeleg at humanistar og samfunnsvitarar, med fleire, framleis har eit stort marknadsføringsproblem ovanfor næringslivet. Og all den tid bedriftene går rundt og ikkje veit at dei treng denne kompetansen, held dei fram med å gå glipp av kontrakter fordi dei til dømes ikkje tok med ein presang til forhandlingane i Russland, eller donerte knivar i julegåve til sjefane i det japanske konsernet.

Ein mogleg forklaring er at fakulteta trenerer slik marknadsføring av sine studentar, fordi dei gjerne vil beholde dei beste hovuda sjølv, etter at hovudfagsoppgåva er levert. Men mest av alt er det nok fordi marknadsretting synest å vere eit ikkje-tema på mange fag. Instituttet si oppgåve er å utdanne eit visst antal folk med eit visst karaktersnitt – punktum!

Dette er langt på veg universiteta sjølve sitt ansvar. Ein kan ikkje klandre bedriftene for å ikkje oppsøke, for dei ukjend kompetanse, på eiga hand, når dei ikkje eingong veit kva slik kompetanse inneber og kvifor den er bra for dei. Slikt er ikkje så lett for ein siviløkonom å tenke seg til på eiga hand. Alt tyder på at innsatsen på feltet til no har vore for dårleg. Og det er neppe bedriftene sin feil.

03.09.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14