Nyhende
Kultur




















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 3. september 2003, nr. 18 - 58. årgang

Musikk frå Helvete

Metal-djevelen Moa Holmsten i Meldrum blir inspirert av Dolly Parton.

EKTE VARE. Moa Holmsten frå svenske Meldrum introduserte seg sjølv som Djevelen på metalfestivalen «Hole in the Sky» i helga.

– Kor mykje vil du vedde på om dei er ekte eller ikkje?
– Øh... Eg trur ikkje eg tek sjansen på å vedde... Øyvind Samnøy frå Hulen står vakt foran scenen, og det er eigentleg ikkje tvil om kva publikumarane er mest imponert over. Svenske Meldrum rockar vilt med den groteske, intimiderande, og sjukt sexye Moa Holmsten på vokal. Ei herleg blanding av Angelina Jolie, Fairuza Balk og Satan.

Stinn brakke
Vi er på metal-festivalen «Hole in the Sky» på Verftet. Dei bergenske metal-skarene, komplementert med massevis av utanlandske fans, har migrert bort frå Garage, Hulen og Finnegans for å samlast i ei einaste stor jettegryte. USF er jo eigentleg akkurat prikk lik Garage, berre mykje større, så skilnaden er vel ikkje så stor for dei fleste.
– Det er fleire band vi ville ha til festivalen som enkelt og greit ikkje ville spele på Garage, fortel Silje Wergeland i Festivalstyret.
– Satyricon og Gorgoroth har såpass med pyroeffekter at det rett og slett ikkje let seg gjennomføre på den intime scena der. I tillegg er det ikkje alle som set pris på den trange plassen. Og det skjønar vi godt. Det er relativt stappfullt på Verftet. Sikkert nok folk til å fylle Garage både fire og fem gongar.

Metall!
– I’ve come all the way from Holland, but I don’t smoke hash, øverhøyrer vi i det vi går forbi to grimme skapnadar med pusestemmer. Dei epitomiserer eigentleg det vi har inntrykk av når det gjeld, i alle fall det bergenske, metallfolket. Dei ser kanskje skumle ut for enkelte, men dei er greie folk.
– Personleg ser eg på metal som ei vidareføring av rock ’n’ roll-«ungdomsopprøret», det har berre blitt meir ekstremt etterkvart som rocken vart meir og meir stoverein og så har det gått meir frå å vere et opprør mot foreldre, til å bli en livsstil, seier Ørjan Setvik, bassist i banda Frozen Cries og Syrach, og session bassist i Enchanting Darkness.
– Selv om låten «Heavy Metal: The Black and Silver til Blue Öyster Cult» ikkje vil bli putta i metallbåsen, er det mange som meiner det er denne låta frå 1981 som først definerte heavy metal. Det handlar altså om høg, hard musikk i ei helvetes fart, ei fandenivoldsk haldning, og om piker, vin og sang, og eventuelt sex, drugs and rock ‘n’ roll. Blandar du dette, raske rytmer, dystre akkordar, ei trong til opprør som er dratt til det ekstreme, så har du opphavet til metallen i Noreg i overgangen til 1990.

Karaoke from hell
– Når eg kjem heim høyrer eg ofte på Dolly Parton for å få inspirasjon, avslører Moa i Meldrum. På scena introduserte ho alle i bandet for å vere frå Helvete, og ho sjølv var Djevelen. Vi trudde ho då, men no er ikkje vi så sikre lenger. Meldrum er særs nøgde med konserten, og er veldig overraska over det gode publikumet. På skrytelista si kan dei avsløre at dei har toura med Zach Wilde og Motörhead.
– Det høyres betre ut enn det var, skøyar trommis Fredrik Haake.
– Nei, det var betre enn det høyres ut, rettar bassist Frida Ståhl. Men dei vert einige om at det i det minste ser bra ut på papiret. Dei fortel også at dei har tenkt seg på fisketur på fjorden i morgon, og at dei skal på karaokebar etter at dei har gått frå Verftet, og lurar på korleis den staden rett over vegen frå Bergen Gjestehus er. Vi nøler med å svare, men det viser seg at jo meir sleskt, jo betre er det.
– Eg høyrde at han fyren som ville vedde med meg gjekk opp til Fredrik, trommisen, og spurde om korleis det var å vere i skuggen av ein silikonballong, fortel Hule-Øyvind eit par dagar etter.
– Dei var visst ekte. Det var det vi visste, det er visst mykje meir ekte ved Hole in the Sky enn det mange kanskje trur.

Tekst: Bjørn T. Bøe
Foto: Henrik O. Jenssen
03.09.03

tilbake til toppen
Kultur: 1 2 3

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14