|
 |
MÅ BLA OPP. Jusstudent Beate Borrevik risikerer
å måtte betale fleire tusen kroner for å få ta 1.avdeling
jus som privatist.
|
– Det er ikkje berre berre å spa opp 8000 kroner ekstra
til eksamensgebyr. Hadde eg berre visst dette tidlegare,
så kunne eg byrja å spare, seier Beate Borrevik (19). Ho
studerer 1.avdeling jus ved Folkeuniversitetet, og håpar
ho kjem seg vidare på jusstudiet ved UiB til neste haust.
Ekstrakostnader for UiB
Innføring av eksamensgebyr for privatistar er i følgje viserektor
for utdanning ved UiB, Leif K. Sydnes ein konsekvens av
Kvalitetsreforma.
– Reforma inneber nye former for evaluering og eksamen,
mellom anna innlevering av oppgåver i løpet av studiet.
Dei nye eksamensgebyra er meint å dekke UiB sine ekstrakostnader
med å arrangere eigne eksamenar for kandidatar utanfrå,
seier Sydnes.
Siste sjanse i 2004
Beate Borrevik er ikkje den einaste som kanskje må betale
dyrt for å få ta eksamen. Dagleg leiar ved Folkeuniversitetet
Vest, Wenche Fonneland, opplyser at Folkeuniversitetet har
merka stor pågang som følge av Kvalitetsreforma.
– Dette året er det om lag 40 studentar som tek 1.avdeling
jus som fulltidsstudium. Vi må få studentane gjennom studiet
og fram til eksamen før UiB sett foten ned og seier at privatistar
ikkje er velkomne lenger, seier ho. Leif K. Sydnes stadfestar
at hausten 2004 er siste sjanse for privatistar til å ta
1.avdeling jus. Jusstudiet skal leggjast om, og i følgje
seksjonsleiar Randi Stoltz ved studieseksjonen på juridisk
fakultet vil det ikkje bli avklart før i 2004 om det framleis
blir mogleg å ta heile eller delar av det nye rettsstudiet
som privatist.
Frustrerte privatistar
I følgje Stoltz er det i dag 2-300 privatistar blant dei
om lag 1900 jusstudentane.
– Mange av desse går på Folkeuniversitetet og betaler allereie
for å gå der, så eit slikt eksamensgebyr på toppen er nok
litt overraskande, for å seie det på den måten, trur Stoltz.
Beate Borrevik er usikker på om ho hadde teke til på jusstudiet
dersom ho hadde visst at det ville bli så dyrt å ta eksamen.
– Det er kjipe pengar å betale. Eg tvilar på at Lånekassen
tilbyr støtte til eksamensgebyr, seier ho. Wenche Fonneland,
er einig i at denne meldinga ikkje er godt nytt.
– Både tilsette og studentar ved Folkeuniversitetet er frustrerte
på grunn av uvissa rundt eventuelle eksamensgebyr. Vi har
fått altfor lite informasjon om kva Kvalitetsreforma vil
innebere for oss og studentane våre, seier ho.
UiO avventar
Ved Universitetet i Oslo har styret drøfta framlegg om å
auke eksamensgebyra opp mot 12.000 kroner for eksamenar
med eit omfang på 60 studiepoeng. Rektor Arild Underdal
ved UiO opplyser at universitetsstyret har utsett avgjerda.
– Vi ventar og ser om ikkje myndigheitene vil gå inn og
kompensere for dei ekstra utgiftene vi har med å arrangere
eksamenar for privatistar. Hvis ikkje det skjer blir det
truleg nye satsar frå og med 2004, opplyser han. Leif K.
Sydnes seier at også UiB helst hadde sett at universitetet
fekk økonomisk uttelling for dei eksamenane privatistane
tek, på lik linje med ordinære studentar.
– Det er klart at dersom det kjem nye signal frå departementet
i denne saka, må vi ta opp dette til ny vurdering, seier
Sydnes.
08.10.03