- Vi ønskjer å synleggjere situasjonen for dei 2000
huslause i Bergen, seier talskvinne Siri Helle. Saman
med eit titals andre aksjonistar gjer ho seg klar til
å tilbringe natta i pappesker framfor Rådhuset.
|
 |
BETONGKOS. Idyllen herska då bustadaktivistar
sov i pappesker framfor Rådhuset natt til tysdag.
|
Etter å ha blitt kasta ut frå okkupasjonen i Jonsvollkvartalet
førre veke, var bustadforkjemparane i Bergen måndag kveld
tilbake på krigsstien.
– Ved å vere her ser politikarane oss, seier den engasjerte
bustadaktivisten som det siste året har vorte for lokalkjendis
å rekne etter utallige stunts. Helle seier dei kontinuerlig
vurderer nye markeringar etter å ha blitt kasta ut frå
Jonsvollkvartalet 1. oktober. Kvartalet som ligg mellom
Engen og Nøstet har stått tomt i lengre tid i påvente
av riving og nybygg.
For alle
– Vi ønskjer at dette skal vere ein tankevekkar, dessutan
er det FN sin internasjonale leigetakardag i morgon, utdjupar
talskvinnene Siri og Tiffany. Dei stadfestar at nokre
av dei som er med på Rådhuset er huslause, medan andre
har tilgang på tak og strålevarme. Helle legg til at aksjonen
ikkje er i regi av Boligaksjonen, og at markeringa ikkje
berre har eit studentperspektiv, men er for alle huslause
i Bergen.
Babels tårn
Plassert i ly under vindfanget i retning Kaigaten, som
ein miniatyrlandsby i papp, gaffatape, levande lys og
soveposar, er det lite som minner om bustadokkupasjon
og påfølgjande politiaksjonar. Når eg på avstand snur
meg tilbake mot aksjonistane, ser det ut som ein triveleg
leirskulecamp ved foten av Babels tårn. Men aksjonistane
ventar seg ikkje gratis kaffi frå den påtroppande ordføraren.
– Nei, det gjer vi ikkje. Dessutan likar eg ikkje Frielekaffe,
avsluttar Siri Helle.