Miss Nynorsk

«For er det noe som er fint og poetisk, noe du har lyst
til å forstå, så er det jo nynorsk. Hallo!?»
Slik uttala Samsaya, hiphophåp frå indre Oslo, seg til Dagbladet
sist veke. Nynorsk er skjønt, vakkert, og veldig, veldig fint
til dikt. Hadde det vore missekonkurransar om det finaste
språket, hadde Miss Nynorsk blitt Miss Language gong på gong.
Det mest politisk korrekte du kan gjere er å omfamne nynorsk.
For gud, det er då så poetisk. Så estetisk. Så rart. Og så
få som skriv det. Stakkarane, dei som skriv nynorsk, vi må
støtte opp om dei. Skulle du tru Samsaya og dei andre kulturtantene,
er nynorsk eigna til dikt og lite anna.
Samsaya vil gjerne forstå nynorsk, men gjer sitt for å marginalisere
det. Å utnemne nynorsk til riksmål for dei skjønne skrifter,
er å minimere nynorskens bruksfelt. Å setje nynorsken på ein
pidestall er å undervurdere det. Ei slik haldning ufarleggjer
Miss Nynorsk til eit sexobjekt for dei kultiverte, moderne
og politisk korrekte. Dei vil meske seg med fin lyrikk, men
ikkje ynskje å sjå ei bruksanvising på nynorsk.
Politisk sett er Miss Nynorsk likestilt Herr Bokmål. Men
skal det vere slik, må nynorsk vere meir enn ein kuriositet
i det norske språk. Nynorsk må brukast til meir enn lyrikk
og skjønnlitteratur. For Miss Nynorsk kan brukast til alt.
Absolutt alt. Den største ordlista har 90.000 deilige ord,
klare for dei særaste terminologiar. Ynskjer kultureliten,
hovudsakleg plassert i Oslo, å ha eit nynorsk, må det i bruk
i alle sjangrar. Få fleire bruksanvisingar på nynorsk, fleire
kokebøker, fleire krimbøker, meir nynorsk på tv. Som poesispråk
blir Miss Nynorsk til ei sky og tander porselensdokke. Ei
dokke som passar fint i NRK P2, men med liten relevans utanfor.
Til samanlikning har den største bokmålsordlista kring 65.000
ord. Ikkje for det, på norsk er ordkombinasjonane uendelege
- ettersom vi av gode grunnar ikkje deler opp ord. Ved Universitetet
i Oslo held språkforskarar på å gje ut ei ordliste over alle
ord i nynorsk og dialektane. Det vil bli godt over to million
ord når alle 12 banda har kome ut i 2014. Nei, det stemmer.
Det fins ikkje mange bruksanvisingar på nynorsk. Langt færre
enn det fins dikt. Men orda for å lage bruksanvisingar fins.
Kanskje er det som poesispråk at nynorsk vil bli redda frå
å bli eit tøysespråk på linje med lulesamisk. Eller gjer at
nokon i framtida kjem til å bruke moderne nynorsk i det heile,
sett bort frå fundamentalistar som framleis seier um for om
og burt for bort. Det får ikkje hjelpe. Nynorsk er eit moderne
språk som fortener meir enn å vere prisa for venleik. Visst
er det vent og pent. Men Miss Nynorsk er så mykje anna. Så
mykje anna enn å vere veldig, veldig bra til dikt. Som Samsaya
så fint og poetisk seier det: Hallo!? Ah, det er som musikk
i mine øyre.
05.11.03
|