Håpet er mørkeblått
At Framstegspartiet no startar studentgrupper er berre ein
naturleg konsekvens av at dei har ei velgaroppsluttnad på
over 20 prosent i resten av folket. Det er mange rundt om
i sine kontor og lesesalar på Høyden som for tida ristar på
hovudet over verda sin galskap. For alle som trudde at FrP-tankar
aldri ville få skikkeleg rotfeste i akademikarmiljø, er det
nok oppskakande å sjå dei mørkeblå marsjere inn og ta oppstilling
på universitet og høgskular. Men for dei av oss som ferdast
i ingeniørfaglege, realfaglege og teknisk faglege krinsar,
kjem dette på ingen måte som ei bombe. Der har Hagen-sympatiar
lenge vore dagleg kost rundt kantinebordet.
Ei studentgruppe av FrP i Bergen kan, på same måte som Boligaksjonen
i fjor, røske litt opp i den halvslappe studentpolitikken,
og vere eit kjærkome høve for venstresida til å vise seg sjølv
og oss andre kva dei duger til. Difor ønskjer i alle fall
vi det nye studentlaget til Framstegspartiet velkomen. Så
får dei heller tilgi oss at vi ikkje ønskjer dei lukke til.
NHHS er forbilde
Studentforeningen på NHH viser prisverdig engasjement ved
å vedta å gi 250.000 kroner til UNICEF sitt grunnutdanningsprosjekt
i Eritrea. Enda bedre er det at dette årlig skal bli fulgt
opp av penger fra NHHS’ innsamlingsaksjon og sponsorstøtte.
Blåskjortene setter her standarden for hva andre studentforeninger
bør gjøre. Det er kun juss- og medisinstudentene som viser
tilnærmet like stort humanitært engasjement.
Sett at studentene ved Handelshøyskolen hadde stemt ned
forslaget. Liknende forslag har ikke en gang vært oppe til
diskusjon ved de fakultetene som gjerne liker å tro de er
de mest «humane». Studentene og sofastrategene ved Historisk
Filosofisk og Samfunnsvitenskapelig fakultet kan diskutere
de fæle blåskjortene så mye de orker. Sannheten er at mens
andre kan syte og klage, er det den fremtidige næringslivseliten
som gjør mest for barna i Afrika.
Summetonen
«-Hei, dette er frå SiB. Kunne du tenke deg å seie opp leigekontrakten
din? Vi ønskar å gi deg høgare husleige?»
05.11.03
|