Nyhende
Kultur




















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 5. november 2003, nr. 27 - 58. årgang

Simsala sirkus

Heile hausten har barn frå flyktningmottaket Vestlandsheimen og nabo-skulane trena på sirkus- kunstar. No er det på tide å vise dei til mor og far.

KLOVN I TAKET. Klovnen Frantix, alias sirkuslærar Chris Liengaard, haustar beundrande blikk frå sirkusbarna.

Haukås musikkhus, måndag klokka 16.50: Tjue barn spring rundt og rundt på det glatte golvet i musikkhuset på Breistein, Åsane. Dei slåss om merksemda. Alle likar å posere. Alle er frampå. Alle skal om ein liten time opp på scena i sirkusskulens avslutningsshow, for å vise fram kva slags kunstar dei har lært denne hausten. Nokre skal sjonglere, andre skal turne og stå på stylter, nokre skal vere slangemenneske, tilsynelatande utan bein i kroppen. Gjennom heile hausten har barna møtt kvar måndag for å lære sirkuskunstar, leike og ete kjeks og saft. Barna kjem frå flyktningmottaket Vestlandsheimen og fire skular i nærleiken, og leiarane er studentar ved UiB og NHH.

STYRING. Klovnen Torhild sjefar. F.v. Guro Falck Olsen, Torhild Eide Pedersen og sirkuselev Ingrid Renate.

Tryllekunst og kråkestup
– Skal eg vise deg ein tryllekunst? spør tiåringen Christian. Han vil vise korleis han kan trylle fram eit kronestykke ved hjelp av ei artig, grøn leike som følgde med cornflakes-pakken.
– Sjå, ingenting her, sant? Christian vender på leiken og gir den eit klask. Triumferande opnar han leika og, jøss, tar fram ein splitter ny mynt.
– Denne skal eg vise på showet i dag, seier han, og gler seg til å vise kunstane til mamma. Men fyrst må alt lagast klart til showet. Stolar skal settast utover, bord berast, kostymer flyttast, barn skal aktiviserast. Som om dei ikkje var aktiviserte nok der dei virrar forventningsfulle rundt. Nechirvan, også han 10 år, er blant dei som ikkje virrar rundt. Han sit på scena og held eit visst overblikk med salen. På showet, kan han fortelje, skal han gå på stylter og stupe kråke. Det blir bra, seier han, som til vanleg bur på Vestlandsheimen med mor og far.
– Kva er det som er kjekt her?
– Alt, for vi gjer på så masse. Og vi har vore på hyttetur, den var kjempegøy, fortel Nechirvan.

 
ARILD FÅR DIPLOM. Alle får bestått på sirkusskulen. Arild får gratulasjonar av lærar Frantix.
 
 
FINN EIN STOL. Før eit show kan bli eit show, må publikum få stolar å sitje på. Det er ei oppgåve Torhild Eide Pedersen og Nechirvan tar alvorleg. Begge to.
 
 
PÅ MED DEI. Med litt hjelp frå Jeanett Ann Goodwin får Christian på seg styltene. Even (i midten) er mest opptatt av å kikke på.

Pausemat
Klokka 17.15: Det er siste samling før framsyninga, og planlegginga av kvelden er i full gong. Popkorn blir poppa i store mengder, men akk, mengdene skal ikkje fortærast før i pausen. Og den er det lenge til.
– Kan du gå på stylter Ingrid Renate, lurer Guro Falck Olsen. Til vanleg er ho sosiologistudent ved UiB, men no sjef for sirkuselevane. Fire stykk skal stå på stylter i sketsjen der leiarane omsider skal få ta del i barnas gleder. Barna skal opp på stylter og vere dei vaksne og ansvarlege, medan leiarane får tøyse på nett som dei vil. Andleta til leiarane avslører at dette er noko dei ser fram til. Det er så vidt tid til ein siste sjekk på glansnummeret – verdas største menneskjetårn. Dei fyrste besteforeldra har allereie samla seg utanfor, i det 20 barn mellom ti og tolv marsjerer opp på scena. Christian, for sin del, er fornøgd med å ha fått rana til seg popkorn saman med kameraten Arild.

Møteplass
– Vi vil at barna på flyktningmottaket og i områda rundt skal tilbringe meir tid saman utanfor skulen, seier NHH-student Torhild Eide Pedersen, på showet kjend som den snille klovnen Torhild. Sirkusskulen er arrangert av organisasjonen Children’s International Summer Villages (CISV). Kvar sommar arrangerer dei ei aktivitetsveke for barn frå flyktningmottak og skular, og sirkusskulen vart eit naturleg framhald. Målsettinga er å auke samhaldet mellom barna og få dei til å akseptere kvarandre.
– Halvparten av ungane kjem frå Vestlandsheimen, der dei bur med foreldra sine. Fleire folk frå heimen har og vore lærarar, seier Eide Pedersen. Men etter at fleire av dei måtte slutte, har sirkusskulen hyrt inn ein profesjonell klovn som sirkuslærar. Chris Liengaard, alias klovnen Frantix, lærer gjerne vekk sjonglering, sykling på einhjulssykkel og klovneri til sirkusbarna.
– Mange barneaktivitetar har konkurranse i seg. Dette er meint å berre vere moro, seier briten Liengaard med sminka og kostymet til Frantix.
– Som lærar her får eg brukt av heile repertoaret, slik at det blir veldig lærerikt også for meg. It’s hard work, but in a different way, you see.

Det ender med grining
Klokka 17.50: Øvinga er over. Alt av foreldre og filletanter som er å oppdrive kjem inn i salen. Du ser det i auga deira. Dei kjem inn, scannar lokalet etter sin håpefulle, og kan nøgd konstatere at jo, jammen er ikkje auge- steinen der. Og medan fars videokamera kjem opp og småstressa leiarar fiksar dei siste detaljane, blir presset for stort for ein tiåring. I barndomen endar det alltid med grining. Men med litt trøyst frå mor går det over. Dette går bra. Snart vinkar han til mor i salen. Inne på omkledningsrommet tar alle på seg dei raraste gevantar. Klovnar vandrar forbi som den naturlegaste sak. Vel, det er det jo. Dei er då sirkusbarn. Alt er normalt for sirkusbarn.
– Skal vi starte no, ropar eitt av dei.

Marsj mot scena
Klokka 18.10: Anført av klovnen Torhild marsjerer 20 barn stolt opp på scena til trampeklapp frå salen. I neonlyset lagar sirkuset eit mennesketårn og briljerer med litt akrobatikk. Tilskodarane er med. Aldri har vel barn og vaksne støya så mykje i lag. Etterpå skal kvar og ein opp og vise fram eit lite triks. Det er no Christian skal trylle for mamma og dei andre. Han forsikrar seg om at kelloggs-leika er med opp på scena. Men alt kan ikkje gå som planlagt. Musikken er høg, og det var ikkje blant tinga Christian hadde tenkt på.
– Eg gjorde noko anna i staden for. Eg vifta med denne, eg, seier Christian og viser fram si rytmisk sportsgymnastikk-inspirerte flygekule. Sirkuselevane viser dei tøffaste kunstar på scena. Ein liten fyr går i spagaten som om han aldri har gjort noko anna, andre tar saltomortale eller triksar med diablo.

Popkorn på Arild
Klokka 18.50: Pausetid, altså det same som popkorntid. Arild får omsider litt av popkornet. Christian er for opptatt med å servere til å ete, der han spankulerer rundt på stylter, berande på brett med popkorn for å spandere på tilskodarane. Malin skulle også gå på stylter, men vart gåande på sokkelesten med pausematen.
– Sirkus er veldig artig. Eg skal vere med neste år også, eg, seier 11-og-eit-halvt-åringen. Showet går sin gang. Meir akrobatikk, sykling på einhjulssykkel og ikkje minst klovnen Frantix får salen til å boble. Og når Frantix som ekstranummer heng etter beina i taket, er sirkusbarna i hundre. Dei har funne sitt store idol, langt større enn kva sjølvaste TV2 kan tenkast å frambringe til våren.

Alltid med
Til slutt er det diplomtid. På denne skulen får alle bestått. Alle får klem av den snille klovnen Torhild. Vestlandsheimen takkar for initiativet frå CISV, leiarar takkar, publikum klappar framleis begeistra.
– Vi håpar at alle vil vere med til neste år, avsluttar Guro Falck Olsen. Reaksjonen er spontan frå eitt av sirkusbarna.
– Sælfølgeli!

Tekst: Øyvind Lefdal Eidsvik
Foto: Mathias Danbolt
05.11.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14