Ukas studiekamerat
Studvest lar deg bli bedre kjent med en av
dine medstudenter

Han er stril, kjenner meininga med livet, drøymer om helvete,
og lagar gigantiske girkassar. Ladies and gentlemen: Rune
Skarpenes (23).
Kva gjer du på for tida? – Eg går på sisteåret
på maskiningeniørlinja på Høgskulen og har stort sett ikkje
tid til anna enn prosjektet me driv på med på skulen for tida,
som skal vera ferdig til fredag. Me skal konstruera og dimensjonera
ein tannhjulsveksel, det vil seia ein girkasse, som skal tåla
2200 Newtonmeter.
Litt om heimstaden din? – Det er Skarpenes
i Nordhordland, verdas finaste plass, utan tvil. Naturskjønt
og idyllisk. Mange bergensarar har hytte ute der, men heldigvis
ingen av typen som er rike og blærete og trur dei eig plassen.
Men, det var ein gong ein gamal skrotnisse som dreiv og sette
garn på ein av dei beste fiskeplassane. Eg og ein kompis drog
det opp, og då vart han så steik forbanna at han nesten ramla
på sjøen.
Litteratur? – Eg likar Knut Nærum. Eg har akkurat
kjøpt «Krig», og eg har ikkje så vidstrakte bokhyller, så
det seier litt om hans posisjon som forfattar hjå meg. Elles
er Douglas Adams ein stor favoritt. Det er humor som verkar
ganske overflatisk, men som eigentleg er ganske djuptstikkande.
Og så serverer han faktisk meininga med livet svart på kvitt,
utan rom for mistolking. Det er jo ganske greitt.
Hatt nokre bra draumar i det siste? – Sist
natt drøymde eg at eg var med den gamle klassa mi frå vidaregåande,
på chartertur til helvete. Heile gjengen køyrde i ein stor
buss, og det var eigentleg ein ganske triveleg stad. Vel framme
heldt Satan sjølv middag for oss på eit slags høgfjellshotell,
han verka som ein heilt allright fyr. Etterpå køyrde bussen
oss heim.
Kven har ikkje fått som fortent? – Han TV2-reporteren
frå Irak! Fredrik Gresvig, trur eg han heiter. Han gjorde
ein god innsats, men alle andre snakka berre om Åsne Seierstad.
Der kom Fredrik på TV, sliten og trøytt, med blodskotne auger
etter at bombene hadde hagla rundt han gjennom natta, og gjorde
sitt beste for å rapportera, men ingen brydde seg. Mens Åsne
kom der nysminka og frisk. Det var ganske openbart at ho hadde
hatt tilgang til baderomfasilitetar.
Kulaste staden du har vore? – Hmm... Praha,
kanskje, det var billeg og veldig fint, med masse flotte slott,
og eit kjempekult teknisk museum. Enorme lokomotiv stod rundtom,
og fly hang i taket. Men den kulaste må vera på Feje, under
nyttårsstormen i 1991. Det var ein heisen vind, ting flaug
rundt i lufta og sjøspruten stod kjempehøgt.
Hobbyar? – Eg driv liksom litt med flogefisking,
men det er ei stund sidan eg har vore ute no. Jobbinga i Bergen
Teknikersamfund tek og mykje tid. Eg er sekretær i styret
i Café Teknokrates, og har òg jobba ein del på Teknikerkroa.
Oppfordrar alle til å koma ut dit på alt som skjer i haust.
Andre interesser? – Raude, hissige italienske
bilar. Det er triste sundagar for meg no som F1-sesongen er
over. Eg er utruleg fascinert av jobben folk på F1-laga gjer.
Dei driv med noko som truleg er verdas mest effektive lagarbeid,
dog ikkje kostnadseffektivt. Sjølv har eg alltid halde med
Ferrari, heilt sidan eg var omtrent ti år. Eg er ingen medganssupporter.
Einaste problemet eg har er at det er frykteleg dyrt med supporterutstyr.
Ferrarier går ikkje på billegsal for tida. Forresten, spør
meg korleis det gjekk med Brann i år.
Korleis gjekk det med Brann i år? – Anar ikkje,
eg følgjer ikkje med. Då held eg heller med Rosenborg, som
har vit til å kjøpa inn dei spelarane Brann må selje for å
betala leiarane sine. Når leiinga i Brann flyttar inn i ei
brakke borte ved stadion skal eg heller byrja å bry meg.
05.11.03
|