Nyhende
Kultur





















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 26. november 2003, nr. 30 - 58. årgang

Den dyre bussen

Eg er ein av dei som bur slik til at busstransport gjerne vert ei dagleg hending. Det kostar pengar, alt for mykje studentpengar.

Med adresse i Søndre Skogveien, blir bussen titt og ofte eit naturleg val når eg skal ned i sentrum og menge meg. Det er ikkje spesielt komfortabelt eller supersonisk raskt, men det er tørrskodd og praktisk. Heime kunne eg ha reist dei 18 kilometrane til familien si hytte for 24 kroner. I Bergen betaler eg 23 kroner for å komme meg på førelesning tre regntunge kilometer frå leilegheita. På bussen frå Høyanger til hytta ved Frivik sit det kanskje fem andre. På linje 5 og 6 frå Bergen sentrum i rushtida, må eg stå.

I dag kostar eit månadskort på buss i sentrumsringen 400 kroner. Hadde eg framleis vore gymnasiast i Sogn kunne eg ha reist fylket rundt med eit ungdomskort til 280 kroner.

Det handlar sjølvsagt om subsidier. Med slunken kasse i både kommunen og fylket, er det lite vi kan vente oss av lokale myndigheiter. Trøsta får vera at busstakstane ikkje aukar ved nyttår, slik dei pleier. Det vi derimot kan håpe på, er at Storting og regjering snart set handling bak lovnader om auka kollektivsatsing. Regjeringa føreslo 30 millionar kroner ekstra til kollektivtrafikken i Bergen i framlegget til statsbudsjett, men det strekkjer neppe til.

– Eit felles og einsarta takstsystem, uansett reisestrekning, er noko Bergen bør vurdere, sa politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet, Alfred Bjørlo, til Bergens Tidende i oktober.

Dette er slett ikkje noko dum idé. Med dagens soneinndeling kostar det flesk å ta buss. Bergen bør gå inn for eit sonefritt bussystem etter modell frå Oslo. Der betaler ein 20 kroner kor enn ein skal i hovudstaden. Geografiske føresetnader og infrastruktur skulle tilseie at Bergen ikkje bør vera dyrare enn Oslo.

Slik systemet er i dag, blir vi studentar nesten tvinga til å busette oss midt i sentrum. Er det dette Bergen kommune vil? Eg trivst litt utanom sentrum, men med husleige på 3000 kroner og bussutgifter tilsvarande ein tank 95 blyfri, svir det meir enn det smakar.

Dermed fristar det ofte å ta bilen. Frå nyttår vil dette koste meg 15 kroner i bompengar, samt nærmare 20 parkeringskroner i timen. Altså ikkje så lurt det heller. Det siste året har dessutan hundrevis av parkeringsplassar forsvunne i sentrum, medan den nye Klostergarasjen framleis er langt unna opningsdagen.

Ergo, det einaste lure er å busette seg i sentrum, selje bilen og drite i alt som rører seg i andre bydelar. Eventuelt kan eg krysse fingrane å håpe på framleis gratis parkering i Solheimslien, billegare buss, eller rett og slett hente sykkelen som for tida står heime hos mor og far - og gi blaffen i heile Gaia! Eg trur eg satsar på det siste.

Vidar Gudvangen
Kulturjournalist i Studvest

Illustrasjon: Monica Tronstad
26.11.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14